1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om utbygging av rv 2 på strekninga Kongsvinger – Slomarka i Hedmark. Dette er andre etappe av utbygginga av rv 2 mellom Kongsvinger og Kløfta i Hedmark og Akershus. Finansieringa av prosjektet er basert på statlege midlar og bompengar.
Rv 2 Kongsvinger – Kløfta er lokalpolitisk vurdert som eitt bompengeprosjekt. Det er lokal tilslutning til at utbygginga av heile strekninga skal delfinansierast med bompengar. Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 47 (2003-2004) slutta Stortinget seg til eit opplegg for delvis bompengefinansiering av strekninga Kløfta – Nybakk. Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 64 (2004-2005) blei utbyggingsstandarden for strekninga endra frå tofelts veg til smal firefeltveg med breidde 16 m. Første del blei opna for trafikk i 2006, og heile strekninga sto ferdig i 2007.
I St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019 er det lagt til grunn at utbygginga av rv 2 mellom Kongsvinger og Kløfta skal vidareførast i første fireårsperiode. Det er lagt til grunn statlege midlar til anleggsstart på strekninga Kongsvinger – Slomarka i første fireårsperiode under føresetnad av tilslutning til eit opplegg for delvis bompengefinansiering av prosjektet. Fylkestinga i Hedmark og Akershus har seinare slutta seg til eit slikt opplegg.
Samferdselsdepartementet legg opp til at anleggsarbeida på strekninga Kongsvinger – Slomarka kan starta i 2011, og at prosjektet kan opnast for trafikk hausten 2014.