5 Utbyggings- og finansieringsopplegg
Bompengeselskapet Rv2 Kongsvingervegen AS blei oppretta i 2000 med Akershus og Hedmark fylkeskommunar som eigarar. Selskapet skal vera bompengeselskap for utbygginga av rv 2 på heile strekninga Kongsvinger – Kløfta.
I fylkeskommunane sitt forslag til bompengeordning er det lagt til grunn eit bompengebidrag på inntil 60 pst. med utgangspunkt i utbygging av rv 2 på heile strekninga Kongsvinger – Kløfta.
Utbygginga av rv 2 på strekninga Kongsvinger – Slomarka er føresett finansiert med statlege midlar og bompengar.
Statlege midlar
I tråd med St.meld. nr. 16 (2008-2009) er det i Statens vegvesen sitt handlingsprogram for perioden 2010-2013 (2019) lagt til grunn 700 mill. 2010-kr i statlege midlar til prosjektet, fordelt med 300 mill. kr i første fireårsperiode (2010-2013) og 400 mill. kr i siste seksårsperiode (2014-2019). Omrekna til 2011-kr blir dette 715 mill. kr med 305 mill. kr i perioden 2010-2013 og 410 mill. kr i perioden 2014-2019, inkl. 190 mill. kr som refusjon til bompengeselskapet for forskottering av deler av føresette statlege løyvingar til prosjektet.
Forslaget til forskottering er innafor fullmaktsgrensa i 2011 for forskottering, som formelt blei fastsett ved behandlinga av Prop. 63 S (2010-2011). Det vil bli inngått avtale om forskottering av 190 mill. kr som del av den ordinære avtalen med bompengeselskapet. Avtalen vil bli inngått før anleggsstart i 2011. Refusjon av de 190 mill. kr skjer i 2014–2017.
Bompengeopplegg
Det er lagt opp til å etablera bomstasjonar både på ny rv 2 og fv 175 ved SIVA. I tillegg er det føresett ein bomstasjon på framtidig lokalveg (noverande rv 2) ved Øyset. Det er lagt til grunn etterskotsinnkrevjing i automatiske, ubemanna stasjonar.
Samferdselsdepartementet har sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på personvernutfordringane i heilautomatiske bomstasjonar, og moglegheita for å utvikla ei anonym betalingsløysing som eit supplement til dagens AutoPASS-løysing. Arbeidet pågår.
I dei lokale vedtaka er det lagt til grunn 10 pst. flat rabatt for alle køyretøy med elektronisk brikke. For at prosjektet skal bli nedbetalt i løpet av 15 år, må den gjennomsnittlege inntekta pr. passering vera om lag 27 kr med dei føresetnadene som elles er lagt til grunn. Det gir følgjande grunntakstar (utan rabatt) i 2011-priser:
30 kr for lette køyretøy (tillaten totalvekt tom. 3 500 kg)
60 kr for tunge køyretøy (tillaten totalvekt fom. 3 501 kg)
I dei fylkeskommunale vedtaka er det føresett ei felles abonnementsordning for rv 2, og at noverande rabattstruktur på prosjektet Kløfta – Nybakk blir endra slik at alle køyretøy med elektronisk brikke får 10 pst. rabatt. Endringa skal tre i kraft når innkrevjinga på prosjektet Kongsvinger – Slomarka startar.
I St.prp. nr. 47 (2003-2004) var det lagt opp til ei ordning der abonnentar som har betalt for ei passering, skulle få 5 kr i avslag ved passering av fleire bomstasjonar mellom Kongsvinger og Kløfta innan ein time. I dei kommunale vedtaka er det gått bort frå denne ordninga. Samferdselsdepartementet legg difor til grunn at ordninga med 5 kr i avslag ved passering av fleire bomstasjonar ikkje blir innført.
Det er føresett at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga.
I St.prp. nr. 47 (2003-2004) blei det lagt til grunn at inntektene frå bomstasjonane i Akershus skulle delfinansiera parsellane i fylket, medan inntektene frå bomstasjonane i nærleiken av Kongsvinger skulle delfinansiera utbygginga i Hedmark. Som det går fram av dei fylkeskommunale vedtaka i punkt 3, er det no lokalpolitisk semje om at inntektene frå bomstasjonane på rv 2 kan brukast til å nedbetala den samla gjelda til bompengeselskapet. For å sikra best mogeleg samanheng mellom nytte og betaling, skal likevel innkrevjinga knytt til dei einskilde utbyggingsetappane i utgangspunktet gå til å finansiera den aktuelle utbyggingsetappen. Økonomien til dei to delprosjekta vil difor bli haldne skilt frå kvarandre. Dersom inntektene knytt til utbyggingsetappen Kongsvinger – Slomarka sviktar, er det likevel ein føresetnad at innkrevjinga knytt til etappen Kløfta – Nybakk skal halda fram i inntil 5 år for å hjelpa til med å nedbetala gjelda knytt til etappen Kongsvinger – Slomarka. Det må difor vera ei samla vurdering av økonomien i bompengeselskapet før avslutning av bompengeinnkrevjinga knytt til prosjektet Kløfta – Nybakk.
I denne proposisjonen er det lagt til grunn samla bompengeinntekter på 1 775 mill. kr i 2011-prisnivå, fordelte med 985 mill. kr til å dekkja delar av investeringskostnadene, 655 mill. kr i netto renteutgifter, inkl. kostnader ved at bompengeselskapet forskotterer delar av dei statlege løyvingane, og 135 mill. kr til å dekkja innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet.
Finansieringsplan
Finansieringsplanen for strekninga Kongsvinger – Slomarka er vist i tabell 5.1.
Tabell 5.1 Finansieringsplan for rv 2 Kongsvinger – Slomarka. Mill. 2011-kr
2006-2009 | 2010 - 2013 | 2014 - 2017 | Sum | |
---|---|---|---|---|
Statlege midlar | 305 | 410 | 715 | |
Bompengar | 301 | 1 145 | -190 | 985 |
Sum | 30 | 1 450 | 220 | 1 700 |
1 Forskottering av utgifter til planlegging.
I styringsramma inngår 9 mill. kr til etablering av tre automatiske bomstasjonar. Vidare inngår 50 mill. kr til fv 210 og fv 175 for nødvendige omleggingar av lokalvegsystemet i Kongsvinger.
Det er venta eit forbruk på 50 mill. kr knytt til prosjektet Kongsvinger – Slomarka i 2011. Midlane er føresette stilt til disposisjon av bompengeselskapet.
Eventuelle kostnadsoverskridingar ut over prisstiging skal dekkjast i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt. Dette inneber at kostnadsauke opp til kostnadsramma skal dekkjast med statlege midlar og bompengar etter same prosentvise fordeling som innafor styringsramma. Eventuelle overskridingar ut over kostnadsramma er staten sitt ansvar og blir dekt med statlege midlar.
Dersom økonomien i prosjektet blir svakare enn rekna med, kan bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet auka takstane med inntil 20 pst. ut over prisstiginga og forlengja innkrevjingsperioden med inntil 5 år.
Andre føresetnader for finansieringsplanen
Følgjande basisføresetnader er elles lagt til grunn for finansieringsanalysen:
Gjennomsnittleg bompengeinntekt pr. køyretøy 27 kr i 2011-prisnivå
Lånerente 6,5 pst.
Innskotsrente 2,0 pst.
Årleg prisstiging 2,5 pst.
Årlege innkrevjingskostnader 9 mill. kr (sum for tre bomstasjonar)
Lånerente på 6,5 pst. føreset at det før underskriving av bompengeavtalen ligg føre dokumentasjon frå ein låneinstitusjon om lån innafor denne renta i ein periode på 10-15 år. Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 15 år.
Det er også rekna på eit pessimistisk alternativ med følgjande endra føresetnader:
Kostnadsoverslaget aukar opp til kostnadsramma, og bompengeselskapet dekkjer sin del av auken
Halvert generell trafikkauke
Trafikkreduksjonen aukar med 10 pst. i løpet av det første året etter opning
Takstauke på 20 pst. etter to år
Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 17 år og 3 månader, dvs. ein auke på om lag 2 år og 3 månader ut over basisalternativet.