4 Trafikkgrunnlag
Trafikkanalysen frå Statens vegvesen er basert på bruk av Regional transportmodell (RTM) og med tilleggsvurderingar baserte på trafikkteljingar, framskrivingar og elastisitetsberekningar.
Dersom utbygginga ikkje blir gjennomført, er det i 2014 rekna med ein årsdøgntrafikk (ÅDT) på til saman 11 700 køyretøy på rv 2 ved Øyset og fv 175 ved SIVA, der framtidige bomstasjonar er føresett plasserte. Utbygging av rv 2 vil føra til auka trafikk. Samtidig vil innføring av bompengar føra til trafikkavvising ved overføring til alternative vegruter, ved at nokre reiser går til andre destinasjonar og nokre trafikantar vel andre transportmiddel, som buss og tog. Nettoverknaden er vurdert til å bli negativ, dvs. at det blir avvist meir trafikk ved å innføra bompengar enn trafikkauken som følgje av utbygginga. Utrekningar viser at både langdistansetrafikken og kollektivtrafikken i liten grad blir påverka av utbygginga og innføring av bompengar, medan den regionale trafikken blir påverka i større grad.
Etter bygging av ny rv 2 på strekninga Kongsvinger – Slomarka vil trafikken fordela seg på ny rv 2, noverande rv 2 og fv 175. Med dei bompengetakstane som er lagt til grunn i denne proposisjonen, er det rekna med ein ÅDT på til saman 9 900 køyretøy gjennom bomstasjonane i opningsåret 2014. ÅDT vil passera 12 000 køyretøy når bompengeinnkrevjinga blir avslutta.
For den generelle trafikkutviklinga er prognosane som blei utvikla for Hedmark i samband med Nasjonal transportplan 2010-2019, lagt til grunn. Det er rekna med ein årleg gjennomsnittleg trafikkauke på 1,4 pst. i 2010-2013, 0,9 pst. i 2014-2019, 1,1 pst. i 2020-2029 og deretter 0,7 pst.
Den eksterne kvalitetssikringa har også omfatta trafikkgrunnlaget. I utgangspunktet var det lagt til grunn ein rabattstruktur med 30-50 pst. rabatt ved inngåing av avtale med bompengeselskapet. Etter den eksterne kvalitetssikringa har det blitt vedteke å endra rabattstrukturen til 10 pst. rabatt for alle køyretøy med brikke, jf. lokalpolitiske vedtak i desember 2010. Konsekvensen av endra rabattstruktur er lågare grunntakst. Endra rabattstruktur blir ikkje vurdert å medføra nokon vesentleg endring i årsdøgntrafikken.