7 Samferdselsdepartementet si vurdering
Rv 2 er ei viktig rute både for trafikk over grensa til Sverige og internt i regionen. Vegen har dårleg standard i forhold til trafikkmengda og ein alvorleg ulukkessituasjon.
Departementet har merka seg at Hedmark og Akershus fylkeskommunar har vurdert utbygginga av heile rv 2 mellom Kløfta og Kongsvinger som eitt bompengeprosjekt, og har slutta seg til at heile strekninga skal delfinansierast med inntil 60 pst. bompengar. Første etappe som omfattar strekninga Kløfta – Nybakk blei opna for trafikk i 2006/2007. Det er lokalpolitisk tilslutning til at strekninga Kongsvinger – Slomarka skal byggjast som andre etappe.
Sjølv om jordvernomsyn gjer at det er ulike syn lokalt når det gjeld trasévalg, har prosjektet brei lokalpolitisk tilslutning. Når strekninga Kongsvinger – Slomarka er ferdigstilt, står det att å byggja ut den om lag 33 km lange strekninga Slomarka – Herbergåsen – Nybakk i Sør-Odal og Nes kommunar. Fleirtalet i transport- og kommunikasjonskomitéen har i samband med Stortinget si handsaming av St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019, jf. Innst. S. nr. 300 (2008-2009), lagt til grunn at Regjeringa vurderer om det er mogleg å byggja ut dei to prosjekta på rv 2 samanhengande, dvs. Kongsvinger – Slomarka og Slomarka – Herbergåsen – Nybakk. Det ligg ikkje føre tilstrekkelege avklaringar til at eit samla forslag til finansieringsopplegg for dei attståande strekningane kan leggjast fram for Stortinget no. Utbygging av rv 2 på strekninga Slomarka – Herbergåsen – Nybakk vil bli vurdert i samband med Nasjonal transportplan for perioden 2014-2023. Samferdselsdepartementet har merka seg at Hedmark og Akershus fylkeskommunar har fatta vedtak om at bompengeselskapet kan forskottera midlar til planlegging av strekninga Slomarka – Nybakk. Dette blir vurdert på eit seinare tidspunkt.
Samferdselsdepartementet finn å kunna tilrå opplegget med bomstasjonar på ny rv 2 og fv 175 ved SIVA og på framtidig lokalveg som er noverande rv 2 ved Øyset. Grunnen til at det blir føresett bomstasjonar på fv 175 og noverande rv 2 er for å hindra at desse vegane blir nytta i staden for ny rv 2. Samferdselsdepartementet legg vekt på at fylkeskommunane er samde om denne løysinga.
Samferdselsdepartementet har merka seg at Akershus og Hedmark fylkeskommunar har fatta vedtak som inneber at dei står som likeverdige garantistar for låneopptak i samband med utbygginga av strekninga Kongsvinger – Slomarka i Hedmark fylke. Departementet føreset difor at det blir gjennomført ei grundig samla vurdering av økonomien til bompengeselskapet før avslutning av bompengeinnkrevjinga knytt til prosjektet Kløfta – Nybakk.