6 Fylkeskommunal garanti
Som det går fram av punkt 3, har Hedmark og Akershus fylkeskommunar i møte i fylkestinga høvesvis 28. september og 29. oktober 2009 fatta vedtak om fylkeskommunal garanti for bompengeselskapet si gjeld avgrensa til 1 800 mill. kr fordelt med 900 mill. kr på kvar av fylkeskommunane.
Maksimal gjeld er i det pessimistiske alternativet rekna til om lag 1 280 mill. 2011-kr. Lånegjelda vil vera på dette nivået ved utgangen av 2015. Bompengeselskapet si lånegjeld for prosjektet Kløfta – Nybakk pr. 31. desember 2010 var på 333 mill. kr og er under nedbetaling. Det er rekna med at selskapet si samla lånegjeld for strekningane Kløfta – Nybakk og Kongsvinger – Slomarka vil vera på om lag 1 380 mill. 2011-kr ved utgangen av 2015, dvs. innafor garantiramma.
Den fylkeskommunale garantien er førehandsgodkjent av Kommunal- og regionaldepartementet, men blir ikkje endeleg godkjent før Stortinget har gjort vedtak i saka. Garantien vil fyrst koma til utbetaling dersom gjelda ikkje blir mogeleg å handtera etter at takstane er auka med inntil 20 pst. og bompengeperioden er forlenga med inntil 5 år.