1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av Ryfylkesambandet (Ryfast) i Rogaland. Samtidig legg departementet fram styrings- og kostnadsramme for prosjektet E39 Eiganestunnelen i Rogaland.
Ryfast omfattar to undersjøiske toløps tunnelar. Tunnelen mellom E39 i Stavanger og Hundvåg (Hundvågtunnelen) er 5,7 km lang, medan tunnelen mellom Hundvåg og Solbakk i Strand kommune (Solbakktunnelen) er 14,3 km lang. Saman med prosjektet E39 Eiganestunnelen vil Ryfast gi ferjefritt vegsamband mellom Nord-Jæren og Ryfylke.
Finansieringa av Ryfast er basert på bompengar og lokale tilskot. Prosjektet er mellom anna omtalt i St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019, side 230, St.prp. nr. 1 (2005-2006), side 128, og Prop. 1 S (2011-2012), side 95. Det er lagt opp til anleggsstart i 2012/2013, med opning for trafikk i 2018.
Prosjektet E39 Eiganestunnelen er mellom anna omtalt i St.meld. nr. 16 (2008-2009), side 223, St.prp. nr. 1 (2005-2006), side 111, og Prop. 1 S (2011-2012), side 89-90. I Prop. 28 S (2011-2012) er det lagt til grunn delvis bompengefinansiering med bompengar frå Nord-Jærenpakka. Det er ein føresetnad for Ryfast at delar av Eiganestunnelen blir bygd sidan fellesstrekninga mellom dei to prosjekta inngår i Eiganestunnelen. Samferdselsdepartementet vil komma tilbake til gjennomføringa av Eiganestunnelen så snart alle avklaringar ligg føre.