Prop. 109 S (2011–2012)

Utbygging og finansiering av rv 13 Ryfylkesambandet (Ryfast) og fastsetjing av styrings- og kostnadsramme for E39 Eiganestunnelen i Rogaland

Til innhaldsliste

5 Utbyggings- og finansieringsopplegg

Finansieringsplanen for Ryfast omfattar bompengar og lokale tilskot frå fylkeskommunen, kommunar og lokalt næringsliv.

Bompengar og bompengeopplegg

I St.meld. nr. 32 (1988-89) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1990-93 og St.meld. nr. 46 (1990-91) Om endring i rammebetingelser for bompengeprosjekter er bompengeperioden avgrensa til 15 år. Det blir likevel opna for at 20 år kan vurderast i spesielle tilfelle, utan at det er gitt nærare føringar for når dette er aktuelt. Bakgrunnen for å avgrensa lengda på innkrevjingsperioden er omsynet til trafikantane og at uvissa knytt til ulike føresetnader aukar framover i tid. Ved den lokalpolitiske behandlinga har Rogaland fylkesting gått inn for 20 – 30 års bompengeperiode (etterskotsinnkrevjing) for Ryfast. For ferjeavløysingsprosjekt er alternativet i realiteten å betala bompengar i form av ferjebillett så lenge sambandet blir oppretthalde. For nokre ferjeavløysingsprosjekt er det derfor lagt til grunn ein bompengeperiode på om lag 20 år. Statens vegvesen tilrår derfor at det blir akseptert ein bompengeperiode for Ryfast på om lag 20 år.

Det er lagt til grunn etterskotsinnkrevjing i automatiske, ubemanna bomstasjonar. Innkrevjinga vil skje i begge retningar. Bomstasjonane knytt til Solbakktunnelen blir plasserte på utfylt areal ved Solbakk. Bomstasjonane knytt til Hundvågtunnelen blir plasserte på to stader: Ved Hundvåg Nord blir bomstasjonane plasserte like utanfor tunnelmunninga. På Buøy vil det bli plassert bomstasjonar like utanfor tunnelmunninga på rampane til Hundvågtunnelen. Plasseringa av bomstasjonane framgår av figur 2.2. I tråd med Rogaland fylkeskommune sitt vedtak er det ikkje lagt til grunn førehandsbompengar på ferjesambanda.

Det er lagt til grunn ei gjennomsnittleg inntekt pr. passering på 170 kr i Solbakktunnelen og 22 kr i Hundvågtunnelen (2012-prisnivå).

Det er førebels rekna med følgjande takstar (i 2012-prisnivå):

  • I Solbakktunnelen: 230 kr for lette køyretøy (tillatt totalvekt t.o.m. 3 500 kg) og 690 kr for tunge køyretøy (tillatt totalvekt f.o.m. 3 501 kg).

  • I Hundvågtunnelen: 30 kr for lette køyretøy og 90 kr for tunge køyretøy.

Det er føresett at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga, og det er lagt til grunn at takst- og rabattsystemet blir i tråd med gjeldande retningslinjer. Ved forskotsbetaling er det mogleg å oppnå rabattar på 30 – 50 pst. Kundar med Autopassavtale i andre bompengeselskap får 10 pst. rabatt.

I dag er ferjetaksten i sambandet Lauvvik – Oanes 63 kr for personbil med førar, med tillegg på 26 kr for kvar passasjer. I ferjesambandet Stavanger – Tau er taksten for personbil med førar 133 kr, med tillegg på 44 kr for kvar passasjer.

Det er ikkje lagt til grunn at det blir innført bompengar på Bybrua. Høge takstar for Hundvågtunnelen kan føra til auka trafikk over Bybrua. Dersom trafikklekkasjen frå Hundvågtunnelen til Bybrua blir vesentleg, føreset Samferdselsdepartementet at lokale styresmakter innfører trafikkregulerande tiltak. Etter departementet sitt syn vil det vera aktuelt å reservera Bybrua for kollektivtrafikk dersom trafikklekkasjen blir for stor.

For Ryfast utgjer utbyggingskostnadene knytt til Hundvågtunnelen vel 30 pst. av dei samla kostnadene. Etter at prosjektet er opna for trafikk, er det rekna med at bompengeinntektene vil utgjera vel 20 pst. av dei samla bompengeinntektene. Hundvågtunnelen er ein føresetnad for Solbakktunnelen. Samferdselsdepartementet meiner at fordelinga av bompengeinntektene mellom dei to tunnelane er akseptabel.

Samanlikna med andre bompengeprosjekt er takstane i Solbakktunnelen svært høge. Hovudregelen ved ferjeavløysingsprosjekt har vore at bompengetakstane ikkje skal vera høgare enn ferjetaksten med eit tillegg på inntil 40 pst., jf. St.meld. nr. 32 (1988-89) Norsk veg- og vegtrafikkplan 1990-93. Sidan dei fleste trafikantane som vil nytta Solbakktunnelen, også vil køyra gjennom Hundvågtunnelen, er kostnaden ved å nytta begge tunnelane samanlikna med dagens ferjer. For køyretøy med lengde under 6,0 m som tidlegare køyrde via ferjesambandet Lauvvik – Oanes, vil kostnaden ved å kryssa fjorden auka med om lag 315 pst. (gjeld køyretøy inkl. førar). Tilsvarande auke for dei som tidlegare nytta ferjesambandet Stavanger – Tau, er om lag 95 pst. Mange av trafikantane vil ha med passasjerar. Dersom kostnadene også inkluderer ein passasjer, blir auken om lag 190 pst. for ferjesambandet Lauvvik – Oanes og om lag 45 pst. for ferjesambandet Stavanger – Tau. Det er sambandet Stavanger – Tau som ligg nærast Ryfast geografisk.

Med unntak av Forsand kommune er det lokalpolitisk tilslutning til bompengeopplegget inkl. forslaget til takstar og rabattsystem. Statens vegvesen tilrår opplegget.

Det er etablert bompengeselskap for prosjektet, Ryfast AS.

Lokale tilskot

Rogaland fylkesting behandla 20. oktober 2009 Fylkesdelplan for samferdsel – Handlingsprogram for fylkesveger 2010-2019. På dette tidspunktet la fylkeskommunen til grunn at Ryfast vil bli fylkesveg. Det blei sett av 100 mill. kr i 2009-prisnivå til prosjektet. I ettertid er det avklart at Ryfast blir riksveg. Fylkeskommunen har likevel oppretthalde prioriteringa av midlar til Ryfast, jf. fylkestinget si behandling av den oppdaterte finansieringsplanen i møte 22. februar 2011.

Stavanger kommune har gjennom vedtak i bystyret 20. oktober 2008, sak 105/08, gått inn for å stilla til rådvelde 200 mill. kr i tilskot til prosjektet i perioden 2009-2015 (løpande kroner).

Frå “Ryfylkekommunane” (Strand og Hjelmeland kommunar, Ryfylkefondet og midlar frå kompensasjonsordninga for auke i arbeidsgjevaravgifta) er det stilt til disposisjon 30 mill. kr. Det er lagt til grunn at midlane er i løpande kroner.

Stavanger Næringsforening har plikta seg til å gje eit tilskot på 30 mill. kr over ein periode på tre år (2012-2014). Det er lagt til grunn at midlane er i løpande kroner.

Forslag til finansieringsplan

Forslag til finansieringsplan for utbygging av Ryfast er vist i tabell 5.1.

Mill. 2012-kr

Før 2010

2010-2013

2014-2017

2018-2023

Sum

Bompengar

716

2 984

1 148

4 848

Lokale tilskot – Rogaland fylkeskommune

6

74

38

-6

112

Lokale tilskot – Stavanger kommune

20

90

90

200

Lokale tilskot – Ryfylkekommunane

10

20

30

Lokale tilskot – Stavanger Næringsforening

10

20

30

Sum:

26

900

3 152

1 142

5 220

Det er venta eit forbruk på 62 mill. kr til Ryfast i 2012. Midlane er føresett stilt til disposisjon gjennom lokale tilskot.

Eventuelle kostnadsoverskridingar ut over prisstigning skal dekkjast i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt og dei lokalpolitiske vedtaka. Kostnadsauke opp til kostnadsramma skal dekkjast med bompengar og tilskot etter same prosentvise fordeling som innafor styringsramma. Delen som skal dekkjast av tilskot, skal fordelast etter den same fordelinga som det ordinære tilskotet. Eventuelle overskridingar ut over kostnadsramma er staten sitt ansvar og blir dekt med statlege midlar.

Dersom økonomien til bompengeselskapet blir dårlegare enn rekna med, kan bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet auka realtakstane med inntil 20 pst. og forlengja innkrevjingstida med inntil 5 år.

Andre føresetnader for finansieringsplanen

Følgjande basisføresetnader er elles lagt til grunn for finansieringsplanen:

  • Lånerente: 6,5 pst.

  • Innskotsrente: 2 pst.

  • Årleg prisstiging: 2,5 pst.

  • Årlege innkrevjingskostnader: 20 mill. kr (summen for alle bomstasjonar).

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 20 år.

I denne proposisjonen er det lagt til grunn samla bompengeinntekter på om lag 9,9 mrd. kr i 2012-prisnivå. Om lag 4,8 mrd. kr er føresett nytta til å dekkja delar av investeringskostnadene, om lag 4,7 mrd. kr til å dekkja lånerenter (basert på 6,5 pst. lånerente) og 0,4 mrd. kr til å dekkja innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet.

Det er også rekna på eit pessimistisk alternativ med følgjande endra føresetnader:

  • Kostnadsoverslaget aukar opp til kostnadsramma og bompengeselskapet dekkjer sin del av auken.

  • Halvert årleg trafikkvekst.

  • Årsdøgntrafikken i Solbakktunnelen blir redusert med 10 pst. til 3 780 køyretøy (ÅDT).

  • Takstauke på 20 pst. etter to år i både Solbakktunnelen og Hundvågtunnelen.

Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 25 år, dvs. ein auke på om lag 5 år ut over basisalternativet.