7 Nærare omtale av prosjektet E39 Eiganestunnelen
Prosjektet E39 Eiganestunnelen omfattar bygging av firefelts veg utanom Stavanger sentrum mellom Schancheholen og Smiene inkl. ein 3,7 km lang tunnel. Fellesstrekninga med Hundvågtunnelen på om lag 0,9 km blir finansiert som ein del av Eiganestunnelen. Prosjektet vil avlasta området for gjennomgangstrafikk, auka trafikktryggleiken og redusera køproblema. Dagens E39 mellom Schancheholen og Madlaveien er planlagt bygd om til lokalveg. Ved nordre påhogg for tunnelen blir Byhaugtunnelen på dagens E39 lagt om for å inngå i lokalvegnettet, jf. omtale av prosjektet i Prop. 28 S (2011-2012), side 6-7. Reguleringsplan for Eiganestunnelen blei godkjent i 2008 med unnatak av dagsona ved Eiganes Nord der reguleringsplanen blei endeleg godkjent i 2010.
I Prop. 28 S (2011-2012) er det lagt til grunn delvis bompengefinansiering med bompengar frå Nord-Jærenpakka. Det er ein føresetnad for Ryfast at delar av Eiganestunnelen blir bygd, jf. kap. 1.
Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av prosjektet. Samferdselsdepartementet legg til grunn ei styringsramme på 1 950 mill. 2010-kr og ei kostnadsramme på 2 030 mill. 2010-kr. Omrekna til 2012-prisnivå er styringsramma 2 110 mill. kr og kostnadsramma 2 190 mill. kr. Styrings- og kostnadsramma er i tråd med tilrådinga frå kvalitetssikraren. Desse økonomiske rammene er høvesvis om lag 100 og om lag 70 mill. kr høgare enn tilrådingane frå Statens vegvesen.
Samfunnsøkonomisk netto nytte for Eiganestunnelen (NN) er rekna til 640 mill. kr. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna til 0,3. Det ligg også føre ein samfunnsøkonomisk analyse frå den eksterne konsulenten. Det er ulike føresetnader for dei to analysane. Resultata kan derfor ikkje samanliknast direkte.