3 Trafikkgrunnlag
Trafikktala er baserte på at ferjesambanda Lauvik – Oanes og Stavanger – Tau samt hurtigbåtsambandet Stavanger – Jørpeland blir lagt ned når Ryfast blir opna for trafikk. Det er lagt til grunn at sambanda blir erstatta med eit godt busstilbod. Årsdøgntrafikken i 2011 var om lag 1 650 køyretøy i sambandet Lauvvik – Oanes og om lag 1 580 køyretøy i sambandet Stavanger – Tau.
Frå 2001 til 2010 er det gjennomført ei rekkje transportanalysar for Ryfast. Det har vore nytta fleire prinsipielt ulike metodar for å estimera trafikkgrunnlaget. Her inngår generelle trafikkprognosar basert på vekstfaktorar frå arbeidet med Nasjonal transportplan. Også trafikkprognosar med utgangspunkt i den historiske utviklinga og trafikale endringar som følgje av prosjektet er nytta. Vidare er det nytta modellar som reknar trafikkmengde basert på trafikkvekst, folketalsutvikling, bilhald, inntektsnivå m.m. Grunnprinsippa i alle verktøya er endringar i reiseåtferd når transportsystemet blir betra og det blir endringar i generaliserte reisekostnader og moglegheiter for andre val enn i førsituasjonen. Ulike fagmiljø har deltatt i arbeidet. Konklusjonane er ikkje eintydige. Dei tre siste, omfattande analysane som er gjennomførte, er transportanalyse med modellen TASS5 (2007), transportanalyse med den regionale transportmodellen og ein delområdemodell (2010) og analyse med trafikkprognosar og trafikale endringar (2010). Det er også gjennomført samanlikningar med fastlandssambandet til Finnøy (Finnfast). I mars 2010 blei det gjennomført eit trafikkseminar der ei større gruppe med fagpersonar gjekk gjennom dei analysane som låg føre, og kom med tilrådingar om trafikkgrunnlag.
Trafikkgrunnlaget byggjer på ein middelverdi frå transportmodellanalysane i 2007 og 2010 og tilleggsanalysar for å gjera konklusjonane meir robuste. Statens vegvesen tilrår eit trafikkgrunnlag i Solbakktunnelen på 4 200 køyretøy (ÅDT) og i Hundvågtunnelen på 9 500 køyretøy (ÅDT). Referanseåret er 2017.
Statens vegvesen har vidare tilrådd at følgjande årlege trafikkvekst blir lagt til grunn:
2010-2014: 2,0 pst.
2014-2020: 1,4 pst.
2020-2030: 1,3 pst.
2030-2040: 0,7 pst.
2040-2050: 0,6 pst.
Dette er noko lågare enn dei fylkesvise prognosane for Rogaland som blir nytta i arbeidet med revisjon av Nasjonal transportplan for perioden 2014-2023.
Det er vesentleg uvisse ved trafikkgrunnlaget. Dette er i hovudsak knytt til avvising som følgje av bompengar og kor stor del av trafikken som ikkje blir særleg påverka av bompengetakstane (næringstrafikk og fritids- og turisttrafikk). Vidare kan tiltak for å avgrensa biltrafikk i byområdet påverka nivået på trafikken i bomstasjonane for Ryfast.
Konsulenten har gjennom den eksterne kvalitetssikringa (KS2) gjennomført ein eigen analyse av trafikkgrunnlag og bompengeinntekter. Denne analysen gjev vesentleg lågare bompengeinntekter enn i Statens vegvesen sin analyse. Konsulenten har basert sin analyse på andre føresetnader enn Statens vegvesen, og har berre delvis kvalitetssikra Statens vegvesen sin analyse. Det har dermed vore vanskeleg å samanlikna analysane til konsulenten og Statens vegvesen. Konsulenten sin analyse synest på enkelte punkt å vera basert på føresetnader som det må kunne stillast spørsmålsteikn ved. Departementet legg etter dette Statens vegvesen si tilråding om trafikkgrunnlag og bompengeinntekter til grunn.