6 Kommunal og fylkeskommunal garanti
Rogaland fylkeskommune og Stavanger kommune har fatta garantivedtak for eit maksimalt bompengelån på til saman 6 mrd. kr i 30 år (2010-prisnivå). Garantien er fordelt med 70 pst. på fylkeskommunen og 30 pst. på kommunen. Den fylkeskommunale garantien er godkjent av Kommunal- og regionaldepartementet, og den kommunale garantien skal godkjennast av fylkesmannen.
Garantisten sitt utlegg kan dekkjast gjennom ein auke av realtakstane med inntil 20 pst. og ei forlenging av bompengeperioden med inntil 5 år.