2 Dagens situasjon og omtale av utbygginga av Ryfast
Det er i dag to ferjesamband mellom Nord-Jæren og Ryfylke: Sambandet Lauvvik – Oanes og sambandet Stavanger – Tau. Det er føresett at begge sambanda blir lagt ned når Ryfast blir opna for trafikk. Desse er i dag sambandet mellom Ryfylkekommunane Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand med til saman om lag 18 000 innbyggjarar, og Nord-Jæren inkl. regionsentret Stavanger, E39, Stavanger lufthamn Sola, Risavika hamn og godsterminalen ved Ganddal.
Ved behandlinga av St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 2 (2002-2003) slutta Stortinget seg til innkrevjing av forskotsbompengar i dei to ferjesambanda for å finansiera planlegging av Ryfast. Innkrevjinga blei avslutta i juli 2005 etter innkrevjing i 2 ½ år, jf. St.prp. nr. 1 (2005-2006), side 128.
Fram til gjennomføringa av forvaltningsreforma i 2010 var rv 13 frå Sandnes gjennom Ryfylke ein del av det øvrige riksvegnettet. Det same gjaldt ferjesambandet Stavanger – Tau. Ved gjennomføringa av forvaltningsreforma, jf. St.prp. nr. 72 (2008-2009), blei rv 13 frå Sandnes gjennom Røldal inkl. ferjesambandet Lauvvik – Oanes klassifisert som riksveg, medan ferjesambandet Stavanger – Tau blei overført til fylkeskommunen. I handlingsprogrammet for fylkesvegar i Rogaland 2010-2019, som blei vedtatt av fylkestinget 20. oktober 2009, blei Ryfast behandla som eit bunde prosjekt på fylkesvegnettet. Samferdselsdepartementet har seinare gått inn for at Ryfast blir gjennomført som eit riksvegprosjekt og at Ryfast blir ein del av rv 13, jf. Prop. 1 S (2011-2012), side 95.
Fylkeskommunen har slutta seg til dette gjennom vedtak av 22. februar 2011. Fylkeskommunen har seinare tatt opp saka på nytt med ein annan konklusjon, jf. kap. 4.
Ryfast omfattar to undersjøiske toløps tunnelar med to køyrefelt i kvar retning. Saman med prosjektet E39 Eiganestunnelen vil Ryfast gi ferjefritt vegsamband mellom Nord-Jæren og Ryfylke. Tunnelen mellom E39 i Stavanger og Hundvåg (Hundvågtunnelen) er 5,7 km lang, medan tunnelen mellom Hundvåg og Solbakk i Strand kommune (Solbakktunnelen) er 14,3 km lang. Maksimal stigning er i underkant av 8 pst.
Etter ei fellesstrekning med Eiganestunnelen på om lag 0,9 km blir det ramper til Hundvågtunnelen. Det er planlagt kryss på Buøy, Hundvåg nord og Solbakk. På Hundvåg nord er det planlagt ei dagsone mellom Hundvågtunnelen og Solbakktunnelen. Nødvendige omleggingar av lokalvegnettet inngår i prosjektet. I tillegg til å inngå i sambandet mellom Nord-Jæren og Ryfylke vil Hundvågtunnelen gi bydelen Hundvåg/Buøy eit nytt fastlandssamband og avlasta Bybrua. Vidare vil Hundvågtunnelen saman med Eiganestunnelen avlasta vegnettet i sentrale delar av Stavanger. Reguleringsplanar for traseen til Ryfast blei godkjende i 2008.
Ryfast vil føra til eit stort masseoverskot. Det ligg føre godkjent reguleringsplan for ei stor fylling ved tunnelpåhogget på Solbakk. For massane som skal takast ut på Buøy og Hundvåg, er det også regulert eit areal til utfylling. Ytterlegare areal er under regulering. Overskytande massar vil bli selde til inntekt for prosjektet eller transportert til eit godkjent utfyllingsområde i Jåttåvågen. Det blir arbeidd løpande med å kartleggja moglege interessentar for mottak av massar.
Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av prosjektet rv 13 Ryfast. Kvalitetssikringa har omfatta prosjektstyringsunderlag, kostnadsoverslag, trafikkgrunnlag og ein sjølvstendig samfunnsøkonomisk analyse. Det er noko skilnad mellom konsulenten og Statens vegvesen sine tal. I 2010-kroner har konsulenten ei styringsramme som er 260 mill. kr lågare enn Statens vegvesen. Det tilsvarande talet for kostnadsramma er 350 mill. kr. Samferdselsdepartementet legg til grunn konsulenten si styringsramme og Statens vegvesen si kostnadsramme, det vil seia 4 820 og 5 490 mill. 2010-kroner. Omrekna til 2012-prisnivå blir styringsramma for prosjektet 5 220 mill. kr og kostnadsramma 5 950 mill. kr. Kostnadene er inkl. etablering av bomstasjonar.
Statens vegvesen har rekna samfunnsøkonomisk netto nytte for Ryfast (NN) til 140 mill. kr. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna til 0. Det ligg også føre ei samfunnsøkonomisk analyse frå den eksterne konsulenten. Det er ulike føresetnader for dei to analysane. Resultata kan derfor ikkje samanliknast direkte.