1 Innleiing
I samanheng med Revidert nasjonalbudsjett 2013 foreslår Regjeringa følgjande endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga som har provenyverknader for 2013:
Fribeløpet i arbeidsgivaravgifta i sone Ia blir justert ned til 450 000 kroner og til 225 000 kroner for vegtransport. Forslaget gir eit meirproveny på om lag 110 mill. kroner påløpt og 90 mill. kroner bokført i 2013.
Vrakpanten blir heva med 500 kroner, til 3 000 kroner. Auken i vrakpanten blir anslått å auke utbetalingane av vrakpant med 32,5 mill. kroner i 2013. Auken i utbetalingar blir motsvara av å heve vrakpantavgifta med 400 kroner frå same dato. Forslaget er dermed provenynøytralt.
Vektfrådraget i eingongsavgifta for ladbare hybridbilar blir auka til 15 pst. Forslaget gir eit provenytap på om lag 10 mill. kroner påløpt og 8 mill. kroner bokført i 2013.
Med heimel i artikkel 59 i EFTA-konvensjonen har Sveits/Liechtenstein, Island og Noreg revidert EFTA-konvensjonen på landbruksområdet for blant anna handel med råvarer og tilverka jordbruksprodukt, jf. rådsvedtak i EFTA av 21. juni 2012. Tollkonsesjonane som følgjer av den reviderte avtalen blir anslått å medføre eit provenytap på om lag 2 mill. kroner i 2013.
Dei foreslåtte endringane i skatte- og avgiftsopplegget inneber ein samla auke i provenyet på om lag 100 mill. kroner påløpt og 80 mill. kroner bokført i 2013 samanlikna med saldert budsjett for 2013.
I tillegg blir friinntektssatsen i petroleumsskattelova redusert frå 7,5 pst. til 5,5 pst. per år. Samla friinntekt blir dermed endra frå 30 til 22 pst. rekna nominelt over friinntektsperioden. Overføringane til Statens pensjonsfond utland blir anslått til å auke med om lag 120 mill. kroner påløpt og om lag 60 mill. kroner bokført i 2013.
Regjeringa foreslår også enkelte andre endringar på skatte-, avgifts- og tollområdet:
Det blir gjennomført endringar i likningslova og meirverdiavgiftslova som gjer unntak frå advokatar si teieplikt på skatte- og avgiftsområdet.
Ordlyden i folketrygdlova § 23–3 andre ledd nr. 2 blir presisert slik at det går fram at det skal svarast trygdeavgift med mellomsats av arbeidsgodtgjersle til deltakar i deltakarlikna selskap i fiskerinæringa.
Produktavgifta på førstehandsomsetning av fisk blir auka frå 2,6 til 3 pst. frå 1. juli 2013.
Reglane om rapportering av tredjepartsopplysningar i likningslova § 5-5 nr. 3 blir endra slik at andre som utbetalar erstatning for personskade og tap av forsørgjar blir omfatta av rapporteringsplikta.
Meirverdiavgiftsrepresentanten sitt ansvar for betaling av meirverdiavgift blir oppheva.
Tollova § 9-5 blir endra, slik at tollstyresmaktene får heimel til å setje ned toll på landbruksvarer i enkelttilfelle.
Det blir innført nye lovføresegner for tollkontroll.
Det blir innført ein heimel om at Skattekontoret kan endre sitt vedtak til fordel for skattytar under den førebuande klagesakshandsaminga, dersom klagen blir funne grunna.
Finansdepartementet sin kompetanse til å treffe vedtak etter skattelova § 5-50 andre ledd bokstav e blir oppheva.
Det blir gjennomført enkelte klargjeringar og opprettingar utan realitetsendringar i lovtekst.
I denne proposisjonen legg Finansdepartementet fram forslag til:
lov om endringar i lov 13. juni 1975 nr. 35 om skattlegging av undersjøiske petroleumsforekomster m.v.
lov om endringar i lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltningen (ligningsloven)
lov om endring i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven)
lov om endringar i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven)
lov om endringar i lov 21. desember 2007 nr. 119 om toll og vareførsel (tolloven)
lov om endring i lov 19. juni 2009 nr. 58 om merverdiavgift (merverdiavgiftsloven)
lov om endring i lov 22. juni 2012 nr. 41 om endringar i lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav (skattebetalingsloven)
lov om endringar i lov 26. april 2013 nr. 16 om endringer i ligningsloven og merverdiavgiftsloven mv. (kontrollbestemmelser og personalliste)
vedtak om endringar i Stortingets vedtak 27. november 2012 om fastsetting av avgifter mv. til folketrygden for 2013
vedtak om endring i Stortingets vedtak 27. november 2012 om produktavgift til folketrygden for fiskeri-, hval- og selfangstnæringen for 2013
vedtak om endringar i Stortingets vedtak 27. november 2012 om avgift på motorvogner mv. A. Engangsavgift for budsjetterminen 2013