16 Opprettingar og klargjeringar i lovtekst
16.1 Likningslova § 4-9 nr. 2
Likningslova § 4-9 har føresegner om levering av selskapsoppgåve for selskap der skattlegginga av overskotet og netto formue skjer på selskapsdeltakarane si hand. Likningslova § 4-9 nr. 2 tredje punktum gir reglane i likningslova §§ 4-3 nr. 3 og 4-4 om sjølvmelding tilsvarande verknad for selskapsoppgåver. Ved ei lovendring 15. desember 2000 blei daverande § 4-3 nr. 2 i likningslova oppheva samstundes som § 4-3 nr. 3 blei ny § 4-3 nr. 2. Tilvisinga i § 4-9 nr. 2 blei ved ein inkurie ikkje endra tilsvarande. Departementet foreslår at tilvisinga blir retta opp, og viser til forslag til oppretting av likningslova § 4-9 nr. 2.
16.2 Skattebetalingslova § 5-1 tredje ledd
I lov 22. juni 2012 nr. 41 om endringar i lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav blei det innført reglar om ei ny ordning med elektronisk skattekort. Ordninga får verknad frå og med inntektsåret 2014. I nytt tredje ledd i skattebetalingslova § 5-1 er det i andre punktum gitt reglar om at skattekontoret skal utarbeide nye skattetrekksmeldingar når det blir gjort endringar i skattekortet, eller når nye arbeidsgivarar etterspør eit skattekort. Etter departementet si vurdering er det ikkje nødvendig at skattekontora må utarbeide ei ny skattetrekksmelding når nye arbeidsgivarar etterspør eit skattekort. Opplysningane i skattetrekksmeldinga blir ikkje endra ved nye etterspørslar, og det er derfor berre behov for å utarbeide ei ny skattetrekksmelding når det blir gjort endringar i skattekortet. Av personvernsomsyn er det tilstrekkeleg at skattytar mottar ei melding om at ein ny arbeidsgivar har etterspurt skattekortet til skattytaren. Departementet foreslår derfor at dette blir retta opp, og viser til forslag til endring i skattebetalingslova § 5-1 i lov 22. juni 2012 nr. 41 om endringar i lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav.
16.3 Skattelova § 2-30 første ledd bokstav e nummer to
Etter ny lov 29. mai 2009 nr. 30 om Husbanken følgjer det av § 3 at Husbanken er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Kommunal- og regionaldepartementet. Som ein del av staten er Husbanken friteken for skatteplikt, jf. skattelova § 2-30 første ledd bokstav b. Det er derfor ikkje lenger behov for eit eksplisitt skattefritak for Husbanken i skattelova § 2-30 første ledd bokstav e nummer to. På denne bakgrunn foreslår departementet å oppheve det særskilte skattefritaket for Husbanken i skattelova § 2-30 første ledd bokstav e nummer to.
16.4 Skattelova § 5-43 første ledd bokstav f
Det er innført ny lov 24. august 2012 om bustøtte (bustøttelova). Lova er meint å samle tidlegare reglar og stortingsvedtak omkring bustøtte. Stønad til husleige er ei skattefri yting i medhald av skattelova § 5-43 første ledd bokstav f. Gjeldande føresegn i skattelova viser til lov om Husbanken. Stønad til husleige er no regulert av den nye bustøttelova, og departementet foreslår å endre paragrafen slik at den viser til riktig lov.
16.5 Skattlegging ved uttak av eigedelar og skyldnader frå norsk skattleggingsområde
16.5.1 Innleiing
Ved lov 12. desember 2008 nr. 99 blei det, med verknad frå og med 7. oktober 2008, vedtekne generelle lovføresegner om skattlegging av latente gevinstar ved uttak av eigedelar og skyldnader frå norsk skattleggingsområde. Departementet viser til skattelova § 9-14, jf. § 14-27 og Ot.prp. nr. 1 (2008–2009) kapittel 8.
Reglane om skattlegging ved uttak av enkeltobjekt frå norsk skattleggingsområde går ut på at latent gevinst på eigedel eller skyldnad som mister tilknyting til norsk skattleggingsområde skal skattleggjast som om eigedelen eller skyldnaden var realisert. Reglane skil mellom på den eine sida fysiske driftsmiddel, finansielle eigedelar og skyldnader, og på den andre sida immaterielle eigedelar og objekt meint for omsetnad. Ved uttak av fysiske driftsmiddel, finansielle eigedelar og skyldnader kan skattytar krevje at skattebetalinga skytast fram til tidspunktet for faktisk realisasjon.
Ved lov 22. juni 2012 nr. 40 blei det vedtekne fleire endringar i føresegna i skattelova § 9-14. Departementet viser til Prop. 112 L (2011-2012) kapittel 2. Endringane gjaldt i hovudsak føresegna om utsett skattebetaling ved uttak av fysiske driftsmiddel, finansielle eigedelar og skyldnader.
Med frist til 21. mars 2013 sendte departementet 21. desember 2012 på høyring forslag om opprettingar og klargjeringar av skattelova §§ 9-14 og 14-64. Det kom berre ein høyringsmerknad til lovforslaget. Merknaden gjaldt den språklege utforminga av eit av departementet sine forslag til oppretting av lovtekst, sjå punkt 16.5.3 nedanfor.
16.5.2 Klargjering av føresegna om fastsetting av skattepliktig inntekt ved uttak av objekt i deltakarlikna selskap o.a.
Deltakarlikning etter nettometoden går ut på at inntekter opptent gjennom eit deltakarlikna selskap skal skattleggjast hos deltakarane. Dette blir gjennomført ved at inntektene i det deltakarlikna selskapet blir rekna ut som om selskapet var skattytar og tilordna deltakarane.
Føresegna om skattlegging av gevinst ved uttak av eigedel o.a. frå norsk skattleggingsområde omfattar høve der ein eigedel eller skyldnad i eit underliggjande deltakarlikna selskap mister tilknytinga til norsk skattleggingsområde. Dette kan til dømes skje ved sal av part i deltakarlikna selskap til deltakar utan skatteplikt til Noreg. Departementet viser til omtale i Prop. 112 L (2011-2012) punkt 2.3.2.
Når ein skattytar som høyrer heime i Noreg for skatteføremål overfører part i eit deltakarlikna selskap til eit rettssubjekt som ikkje høyrer heime i Noreg for skatteføremål, kan eigedelar o.a. som er eigd av det deltakarlikna selskapet miste si tilknyting til Noreg i same mon som den parten som blir overført. Som departementet gjorde greie for i Prop. 112 L (2011-2012) punkt 2.3.2, vil ikkje føremålet med føresegna i skattelova § 9-14 bli nådd dersom ein ikkje skattlegg slikt uttak.
Av skattelova § 10-41 tredje ledd første punktum følgjer det at når ein part i eit deltakarlikna selskap blir seld eller på anna vis overført til eit anna rettssubjekt i inntektsåret, skal årets overskot eller underskot på parten fordelast mellom den som overdrar parten og den som overtar parten. Fordelinga skal skje i same mon som det tal månader av året kvar av dei har eigd parten. Etter skattelova § 10-41 tredje ledd andre punktum skal den månaden parten blir overdratt tilordnast overtakaren.
For at føresegna i skattelova § 9-14 skal nå sitt føremål, må latente gevinstar på objekt i deltakarlikna selskap som mister tilknyting til Noreg ved sal o.a. av part frå deltakar med skatteplikt til Noreg til deltakar utan skatteplikt til Noreg skattleggjast på handa til seljaren. Ved sal eller anna overføring av part skal ein forholdsmessig part av den latente gevinsten på objektet i det deltakarlikna selskapet som ved salet blir teke ut frå norsk skattleggingsområde ikkje inngå i den inntekta som etter skattelova § 10-41 tredje ledd skal fordelast mellom den som overdrar og den som overtar parten. Sagt med andre ord skal deltakaren sin forholdsmessige part av gevinsten eller tapet på det objektet som blir teke ut frå norsk skattleggingsområde, inngå fullt ut i berekninga av årets overskot eller underskot på seljaren sin part. Ikkje nokon part av den berekna gevinsten skal tilordnast overtakaren. Dersom ein ikkje gjennomfører skattlegginga på denne måten, vil ein risikere at heile eller delar av den latente gevinsten på objektet som blir teken ut ikkje kjem til skattlegging her på noko tidspunkt. Sjå omtale i høyringsnotatet punkt 5 og i Prop. 112 L (2011–2012) punkt 2.3.2
I samsvar med høyringsnotatet foreslår departementet ei klargjering i lovteksten slik at det kjem klart fram at føresegna i skattelova § 10-41 tredje ledd ikkje skal leggjast til grunn for gevinst ved uttak frå norsk skattleggingsområde som følgje av sal eller anna overføring av part i deltakarlikna selskap. Departementet foreslår ei tilsvarande endring i skattelova § 14-64 tredje ledd nytt tredje punktum.
I tillegg foreslår departementet ei omredigering av føresegnene i skattelova § 9-14 andre ledd og § 14-60 tredje ledd, og viser til forslag til endringar i skattelova § 9-14 andre ledd, § 14-60 tredje ledd og § 14-64 tredje ledd.
Departementet foreslår at endringane i skattelova § 9-14 andre ledd og § 14-60 tredje ledd trer i kraft frå same tidspunkt som gjeldande føresegn i skattelova § 9-14 andre ledd fjerde punktum og § 14-60 tredje ledd fjerde punktum tredde i kraft. Det vil seie at endringane trer i kraft med verknad for uttak frå norsk skattleggingsområde frå og med 22. juni 2012.
Endringa i skattelova § 14-64 tredje ledd skal gjelde frå og med inntektsåret 2013.
16.5.3 Oppretting av lovtekst i skattelova § 9-14 niande ledd andre punktum
Som nemnd ovanfor kan skattytar ved uttak av fysiske driftsmiddel, finansielle eigedelar og skyldnader på visse vilkår krevje at skattebetalinga blir skoten fram til tidspunktet for faktisk realisasjon. Dersom skattytar har underskot frå andre kjelder i same inntektsår som uttaksåret eller har tidlegare års underskot til framføring, jf. skattelova § 14-6, vil uttaksskatten som kan gi grunnlag for utsett skattebetaling vere avgrensa til den totale netto inntektsskatten som er utlikna for uttaksåret. Med andre ord kan ikkje den skatten ein kan krevje utsett betaling av etter skattelova § 9-14 niande ledd overstige årets netto utrekna skatt på inntekt, etter at alle omstende er tekne omsyn til.
Føresegna om utsett betaling av uttaksskatten har som siktemål å avhjelpe eventuelle likviditetsvanskar som kan oppstå i samband med uttaksskattlegginga. Dette er bakgrunnen for at føresegna berre bør gi rett til utsett betaling av eit beløp som ikkje overstig netto berekna skatt på inntekta i uttaksåret.
Av lovteksta i skattelova § 9-14 niande ledd andre punktum kjem det fram at ”[r]etten til utsettelse gjelder i den utstrekning skatt etter denne paragraf overstiger årets netto utlignede skatt på inntekt.”.
I høyringsnotatet gav departementet uttrykk for at hensikta har vore motsett, nemleg at retten til utsetjing berre gjeld i den utstrekning skatten etter skattelova § 9-14 ikkje overstig årets utlikna skatt på inntekt.
Departementet sluttar seg til Skattedirektoratet sin høyringsmerknad om at dette best kan uttrykkjast ved at det står i føresegna at den skatt som ein kan krevje utsett betaling av ikkje kan utgjere meir enn samla skatt i uttaksåret. Departementet foreslår å endre ordlyden på denne måten.
Departementet viser til forslag om endring i skattelova § 9-14 niande ledd andre punktum.
Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks frå same tidspunkt som gjeldande føresegn i skattelova § 9-14 niande ledd andre punktum, det vil seie med verknad for uttak frå norsk skattleggingsområde frå og med 15. mai 2012.
16.5.4 Skattytars plikt til å levere oppgåve med utrekning av gevinst
Når skattytar krev utsett betaling av skatten etter skattelova § 9-14 niande ledd ved uttak av fysiske driftsmiddel, finansielle eigedeler og skyldnader frå norsk skattleggingsområde, er det eit krav at skattytar leverer oppgåve som viser utrekning av gevinst. Dette kjem fram i Finansdepartementets samleforskrift til skatteloven (forskrift 19. november 1999 nr. 1158 til utfylling og gjennomføring mv. av skatteloven av 26. mars 1999 nr. 14 (FSFIN)) § 9-14-3 første ledd. Det kjem fram av Skattedirektoratet si rettleiing til skjemaet RF-1109 at slik oppgåve skal leverast i alle høve der eit objekt er teke ut av norsk skattleggingsområde, også når det ikkje er høve til eller blir sett fram krav om utsett skattebetaling.
Departementet opprettheld forslaget i høyringsnotatet om å endre skattelova § 9-14 trettande ledd slik at det kjem uttrykkjeleg fram at departementet sin kompetanse til å gi utfyllande føresegner i forskrift også gjeld føresegn om generell plikt til å levere oppgåve med utrekning av gevinst eller tap ved uttak frå norsk skattleggingsområde.
Departementet viser til forslag om endring i skattelova § 9-14 trettande ledd.
Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.
16.5.5 Økonomiske og administrative følgjer
Endringane vil ikkje ha økonomiske eller administrative følgjer.