12 Unntak i advokatar si teieplikt på skatte- og avgiftsområdet
12.1 Innleiing og samandrag
Departementet legg fram forslag om å ta inn føresegner i likningslova og meirverdiavgiftslova om at advokatar utan hinder av teieplikta skal gi skatte- og avgiftsstyresmaktene opplysningar om klientar sine pengeoverføringar, innskot og gjeld og kven som er partar i overføringar, på advokatar sine klientkonti, eventuelt andre konti som advokatar disponerer. Det same skal gjelde for andre tredjepartar som har lovbestemt teieplikt om denne typen opplysningar. Forslaget er presisert noko samanlikna med forslaget som var på høyring. Plikta til å gi opplysningar omfattar ikkje ”underbilag og annen dokumentasjon til pengeoverføringer”. I staden foreslår departementet at skatte- og avgiftsstyresmaktene kan krevje at advokatar og andre tredjepartar dokumenterer dei faktiske opplysningane dei pliktar å gi.
Føremålet med forslaget er å hindre at skattytarar og avgiftssubjekt kan unngå kontroll frå skatte- og avgiftsstyresmaktene ved at pengeoverføringar går via konti som høyrer til advokatar og andre tredjepartar med lovbestemt teieplikt, eller at dei oppbevarer middel på konti som høyrer til slike tredjepartar.
I Prop. 141 L (2011-2012) Endringer i ligningsloven og merverdiavgiftsloven (kontrollbestemmelser og personalliste), blei det fremma nye kontrollføresegner i likningslova og meirverdiavgiftslova som trer i kraft 1. juli 2013. Forslaget som blir fremja her gjer endringar i desse reglane.
Forslaget om unntak i advokatar og andre tredjepartar si teieplikt vil ikkje få nemneverdige økonomiske og administrative følgjer, verken for aktuelle tredjepartar eller for skatte- og avgiftsstyresmaktene. Departementet foreslår at reglane skal setjast i verk straks, og få verknad saman med dei nye kontrollreglane frå 1. juli 2013.
12.2 Bakgrunn
Skatte- og avgiftssystemet er bygd på at dei skatte- og avgiftspliktige sjølv i stor grad skal gi alle opplysningar som kan verke inn på skatte- og avgiftsplikta deira. For å kunne fastsetje rett skatt og avgift er det ein føresetnad at dei skatte- og avgiftspliktige lojalt følgjer opp si opplysningsplikt etter skatte- og avgiftsregelverket. For det første skal skattytar og avgiftssubjektet gi opplysningar i form av sjølvmelding eller omsetningsoppgåve m.m. For det andre har skatte- og avgiftspliktige ei omfattande plikt til å gi opplysningar etter førespurnad frå skatte- og avgiftsstyresmaktene (kontrollopplysningar), og skal leggje fram alle opplysningar om faktiske forhold og sivile rettsforhold som er relevante for skatte- og avgiftsplikta. I tillegg til opplysningar frå den skatte- og avgiftspliktige, innhentar skatte- og avgiftsstyresmaktene ein stor mengde opplysningar frå tredjepartar. Mange skattytarar og avgiftssubjekt brukar rådgjevande tenester frå blant anna advokatar ved gjennomføring av sivilrettslege disposisjonar.
På likningsområdet skal tredjepartar i mange tilfelle gi opplysningar utan at skatte- og avgiftsstyresmaktene krev dei. Det er òg ei rekkje føresegner i likningslova og meirverdiavgiftslova som stiller opp ei plikt for ulike tredjepartar til å gi opplysningar etter krav frå skatte- og avgiftsstyresmaktene.
For å kunne fastsetje rett skatt og avgift, er det særleg viktig for skatte- og avgiftsstyresmaktene å få opplysningar som er tilknytt pengeoverføringar. For skatte- og avgiftsfastsetjinga er det til dømes viktig å kunne få identifikasjon av reelle kontrahentar og kontroll av størrelsen på beløp. Det er òg viktig å få opplysningar om eksistensen av middel og andre mellomvere, som høyrer til skattytar eller avgiftssubjektet. Dette er opplysningar som skatte- og avgiftsstyresmaktene får frå bankar og andre finansinstitusjonar. I dei tilfella der pengeoverføringar og oppbevaring av middel skjer i eit anna enn skattytar sitt namn, til dømes via eller på klientbankkontoen til ein advokat, vil bankane ikkje ha opplysningar om dei reelle underliggjande forhold, som kva for ein klient advokaten opptrer på vegne av.
Fram til ein høgsterettsavgjerd frå desember 2010, teken inn i Rt. 2010 s. 1638, har det frå skatte- og avgiftsstyresmaktene si side vore anteke at pengeoverføringar som er skjedd til eller frå klientar gjennom konti som ein advokat rår over, i utgangspunktet ligg utanfor det som blir betrakta som advokatverksemd, og dermed fell utanfor det som er omfatta av advokatar si teieplikt. Skatte- og avgiftsstyresmaktene hadde erfaring med at dette var opplysningar som advokatar normalt la fram. I avgjerda uttala Høgsterett blant anna at det å sørgje for overføring av pengar til eller frå klientar over ein klientkonto kan inngå som eit normalt ledd i advokatverksemd, og dermed vil overføringar vere omfatta av teieplikta.
Som følgje av dette er det blitt eit aukande problem for skatte- og avgiftsstyresmaktene at dei, ved kontroll av om opplysningsplikta for skatte- og avgiftspliktige blir følgt, ikkje lenger kan innhente opplysningar frå klientkonti om pengeoverføringar m.m. Fordi skatte- og avgiftsstyresmaktene i dag ikkje har føresegner som heimlar plikt til å gi opplysningar som fell inn under advokatar si teieplikt, vil det for skatte- og avgiftspliktige som bevisst ønskjer å villeie skatte- og avgiftsstyresmaktene vere mogleg å halde tilbake opplysningar som dei pliktar å gi, utan at skatte- og avgiftsstyresmaktene har noka moglegheit til å få tak i dei relevante opplysningane. Dette gir ein svært uheldig rettssituasjon.
Skatteunndragingsutvalet foreslo i NOU 2009: 4 Tiltak mot skatteunndragelser å innføre ein heimel i likningslova om at skatterådgivarar, medrekna advokatar, pliktar å leggje fram opplysningar i same utstrekning som skattytar sjølv. Bakgrunnen for forslaget var at fleirtalet i utvalet meinte at advokatane si teieplikt hadde ei for sterk gjennomslagskraft på skatte- og avgiftsområdet. I Regjeringa sin handlingsplan mot økonomisk kriminalitet (2011-2014) er advokatar si teieplikt omtala på to stader, med tilhøyrande tiltak. I kapittel 7 om skatte- og avgiftskriminalitet er det peika på at moglegheita for å kunne vise til rekkjevidda av advokatane si teieplikt for å avgrense opplysningsplikta til skatte- og avgiftsstyresmaktene, gir ein mindre effektiv skattekontroll. Det er derfor teke inn eit tiltak (nummer 39) som seier at Finansdepartementet skal foreta ein gjennomgang av problemstillingane knytt til teieplikta på skatte- og avgiftsområdet, og vurdere regelendringar. Vidare er det i kapittel 2 om politi og påtalestyresmakta sitt arbeid mot økonomisk kriminalitet (tiltak nummer 9), uttala at Regjeringa skal vurdere om det er behov for ei regelendring når det gjeld åtgangen for politi og påtalestyresmakta til å få opplysningar om blant anna transaksjonar til og frå klientkonti.
I januar 2013 oppretta Regjeringa eit lovutval som skal arbeide med forslag til nytt regelverk for advokatar og andre som yter rettshjelp. Utvalet skal blant anna foreta ei brei vurdering av reglane om advokatar si teieplikt og foreslå ei eiga lovregulering om teieplikta. Under dette må utvalet foreta ei hensiktsmessig veging av omsynet til teieplikta mot det legitime behovet for informasjon til det offentlege og andre, til dømes påtalestyresmakta, skattestyresmaktene, tilsynsstyresmaktene og domstolane. Utvalet skal ta omsyn til Finansdepartementet si oppfølging av tiltak nummer 39 i Regjeringa sin handlingsplan mot økonomisk kriminalitet.
12.3 Gjeldande rett
12.3.1 Opplysningsplikt til skatte- og avgiftsstyresmaktene
12.3.1.1 Innleiing
Det norske skatte- og avgiftssystemet er basert på at dei som er opplysningspliktige gir korrekte opplysningar til skatte- og avgiftsstyresmaktene. Etter skatte- og avgiftslovgivinga er det den skatte- og avgiftspliktige sjølv som i utgangspunktet er ansvarleg for å gi alle opplysningar av betyding for skatte- og avgiftsfastsettinga. Skattytar si generelle plikt til å opplyse om eigne inntekts- og formuesforhold til likningsstyresmaktene er ein grunnleggjande føresetnad for ei korrekt likning og eit godt fungerande likningssystem. Også meirverdiavgiftssystemet er basert på at avgiftssubjekta har ei omfattande opplysningsplikt om eigne forhold.
I tillegg til dei opplysningane skatte- og avgiftsstyresmaktene får av dei skatte- og avgiftspliktige, får dei ei omfattande mengde tredjepartsopplysningar. Skatte- og avgiftssystemet kan ikkje aleine baserast på tillita til at skattytarar og avgiftspliktige oppfyller opplysningsplikta si, og det er derfor viktig at skatte- og avgiftsstyresmaktene får moglegheit til å avdekkje brot på plikta.
Ved lov 26. april 2013 nr. 16 om endringer i ligningsloven og merverdiavgiftsloven mv. (kontrollbestemmelser og personalliste), blei det vedtekne nye kontrollføresegner i likningslova og meirverdiavgiftslova. Dei nye reglane trer i kraft 1. juli 2013.
12.3.1.2 Kontrollopplysningar frå den skatte- og avgiftspliktige
Skattytar og avgiftssubjekt pliktar å gi ei rekkje opplysningar uoppmoda til skatte- og avgiftsstyresmaktene, hovudsakleg i sjølvmeldinga med vedlegg og i terminvise omsetningsoppgåver. I tillegg skal skattytar og avgiftssubjekt gi opplysningar som kan ha betyding for vedkommande si bokføring eller likning og kontroll av denne etter likningslova § 6-1 nr.1, og for bokføringa og avgiftsplikta etter meirverdiavgiftslova § 16-1 første ledd, når skatte- og avgiftsstyresmaktene krev det.
Opplysningsplikta er knytt til innhaldet i opplysningane, og ikkje til spesifikke dokument. Dette inneber at skattytar og avgiftssubjektet i utgangspunktet må leggje fram opplysningar om faktiske og sivilrettslege forhold, derunder forretningstransaksjonar og pengeoverføringar, dersom desse kan belyse bokføringa, likninga eller avgiftsplikta. Opplysningsplikta er med dei nye kontrollføresegnene blitt noko utvida, ettersom ein er gått bort frå dokumentomgrepet og i staden knyter plikta til innhaldet i opplysningane. Skatte- og avgiftsstyresmaktene kan krevje at den skatte- og avgiftspliktige dokumenterer opplysningane ved ”for eksempel å gi innsyn i, legge fram, sammenstille eller sende inn regnskapsmateriale med bilag, kontrakter, korrespondanse, styreprotokoller, elektroniske programmer og datasystemer”, jf. likningslova § 6-1 nr. 1 andre punktum og meirverdiavgiftslova § 16-1 første ledd andre punktum. Opplistinga er ikkje uttømmande.
Det avgjerande for rekkjevidda av plikta til å gi kontrollopplysningar er ei konkret vurdering av om opplysningane kan vere av betyding for skatte- og avgiftsplikta og kontroll av denne. Plikta omfattar berre faktiske opplysningar. Juridiske vurderingar som er gjort av den skatte- og avgiftspliktige sjølv eller av andre vil ikkje vere omfatta av plikta til å gi kontrollopplysningar.
Når skattytar eller avgiftssubjektet har brukt ein advokat til å gjennomføre ei handling som har betyding for likninga eller avgiftsplikta, er det rekkjevidda av advokaten si teieplikt som avgjer om skattytar sjølv har plikt til å leggje fram advokatkorrespondansen som relaterer seg til forholda. Forholdet mellom advokatar si teieplikt og skattytar si opplysningsplikt er ikkje lovregulert. Høgsterett har uttalt, i eit såkalla obiter-dictum, at plikta til å leggje fram opplysningar etter tidlegare § 10-4 nr. 1 i likningslova, ikkje omfattar ”dokument som er undergitt taushetsplikt i skattyters interesse, som for eksempel korrespondanse med advokat og revisor”, jf. Rt. 2008 s. 158. Som ei følgje av utsegna er det lagt til grunn at skatte- og avgiftsstyresmaktene ikkje kan krevje at den skatte- eller avgiftspliktige legg fram korrespondanse med sin advokat.
Etter likningslova § 6-1 nr. 3 og meirverdiavgiftslova § 16-1 tredje ledd skal skatte- og avgiftspliktige som blir pålagt å gi opplysningar til skatte- og avgiftsstyresmaktene, gi desse utan hinder av teieplikt.
12.3.1.3 Kontrollopplysningar frå tredjepart
Med endringane i kontrollføresegnene i likningslova og meirverdiavgiftslova er også tredjepartar si plikt til å gi skatte- og avgiftsstyresmaktane kontrollopplysningar blitt utvida. Etter likningslova § 6-2 nr. 1 og meirverdiavgiftslova § 16-2 første ledd pliktar ”enhver tredjepart”, etter krav frå skatte- og avgiftsstyresmaktane, å gi opplysningar som kan ha betyding for nokon si likning eller avgiftsplikt. Tredjepartar si opplysningsplikt var tidlegare avgrensa til å gjelde for ei bestemt gruppe tredjepartar, som næringsdrivande og bankar m.m., og desse hadde plikt til å gi spesifikke opplysningar etter krav frå skatte- og avgiftsstyresmaktene. Etter dei nye føresegnene vil også advokatar i utgangspunktet ha opplysningsplikt som tredjepart.
Føresegnene endrar opplysningsplikta for tredjepartar til å gjelde for ”enhver” tredjepart, og til å omfatte opplysningar som har ”betydning” for nokon si skatte- og avgiftsfastsetjing. Alle opplysningar som kan bidra til å avklare nokon si skatte- og avgiftsplikt vil dermed vere omfatta av plikta. Det avgjerande er om opplysningane er relevante, ikkje om dei faktisk vil få betyding. Det er heller ikkje eit krav at opplysningar som blir innhenta kan knytast til namngitte aktørar, ettersom skatte- og avgiftsstyresmaktene kan ha behov for opplysningar om til dømes ein transaksjon utan at dei kan identifisere partane i transaksjonen.
Når opplysningar ikkje er knytt til næringsverksemd, og tredjeparten er ein fysisk person, er opplysningsplikta likevel avgrensa til nærmare bestemte opplysningar, jf. likningslova § 6-2 nr. 2 og meirverdiavgiftslova § 16-2 andre ledd.
Skatte- og avgiftsstyresmaktene kan vidare innhente meir generelle opplysningar frå tredjepartar i ein såkalla målretta kontroll, jf. likningslova § 6-2 nr. 3 og meirverdiavgiftslova § 16-2 tredje ledd. Desse kontrollane skil seg frå annan kontroll der det blir bedt om opplysningar om bestemte skatte- og avgiftspliktige eller bestemte transaksjonar. Fordi slike målretta kontrollar kan vere særleg ressurskrevjande for den opplysningspliktige, er det oppstilt eit vilkår om at det må liggje føre ”særlig grunn”.
Etter likningslova § 6-2 nr. 4 og meirverdiavgiftslova § 16-2 fjerde ledd kan skatte- og avgiftsstyresmaktene krevje at tredjepartar dokumenterer opplysningane på ein tilsvarande måte som nemnt i likningslova § 6-1 nr. 1 andre punktum og meirverdiavgiftslova § 16-1 første ledd andre punktum, sjå omtale over. Dokumentasjonsplikta er avgrensa til berre å gjelde dokumentasjon av dei opplysningane skatte- og avgiftsstyresmaktene krev å få oppgitt.
Tredjepartar si generelle opplysningsplikt vik ikkje for lovbestemt teieplikt med mindre det følgjer av føresegna eller det er klart underforstått at teieplikta ikkje skal gjelde, jf. likningslova § 3-13A og meirverdiavgiftslova § 13-1 jf. forvaltningslova § 13f andre ledd. Dokumentasjonsplikta følgjer opplysningsplikta og er dermed avgrensa på same måte.
12.3.1.4 Kontroll av opplysningsplikta
Skatte- og avgiftsstyresmaktene kan etter likningslova § 6-5 og meirverdiavgiftslova § 16-6 foreta kontrollundersøking hos den som er opplysningspliktig i medhald av lovene, og kontrollåtgangen gjeld såleis både hos den skatte- og avgiftspliktige og hos tredjepartar. Åtgangen gjeld ikkje undersøkingar i private heimar, med mindre det blir utført næringsverksemd frå ein næringsdrivande sin private heim.
Ved ei kontrollundersøking skal den opplysningspliktige gi dei opplysningane han i medhald av lovene er pliktig å gi, og skal vidare gi skatte- og avgiftsstyresmaktene åtgang til ”befaring, besiktigelse, gjennomsyn av arkiver, opptelling av eiendeler, taksering mv. av fast eiendom, anlegg, innretninger, transportmidler mv.” Det er ikkje eit vilkår for å foreta ei kontrollundersøking at det først er forsøkt å innhente opplysningar hos den opplysningspliktige. Skatte- og avgiftsstyresmaktene kan derfor velje om dei ønskjer å be om kontrollopplysningar eller om dei ønskjer å møte opp hos den opplysningspliktige.
12.3.2 Reglar om advokatar si teieplikt
Innhaldet i og rekkjevidda av advokatar si teieplikt er ikkje direkte lovregulert, men kjem til uttrykk fleire stader i lovverket. Den mest sentrale føresegna er straffelova § 144 som slår fast at advokatar eller deira føresette som ”rettsstridig åpenbarer hemmeligheter, som er dem betrodd i stillings medfør, straffes med bøter eller fengsel i inntil 6 måneder”. Etter føresegna er det berre opplysningar som er ”betrodd i stillings medfør”, som blir ramma av straffebodet. Opplysningane advokatar har teieplikt om må dermed ha komme til advokaten som eit ledd i utøving av den verksemda som er omfatta av den eigentlege advokatverksemda. Straffelova § 144 inneheld ein rettsstridsreservasjon, og teieplikta gjeld derfor ikkje utan unntak. Dersom det følgjer av anna lovgiving at advokatar har opplysningsplikt, og det er klart føresett at denne skal gå føre teieplikta, er oppfylling av opplysningsplikta ikkje straffbart etter straffelova § 144.
I prosesslovgivinga kjem reglar om advokatar si teieplikt indirekte til uttrykk i tvistelova § 22-5 og i straffeprosesslova § 119. Av desse føresegnene går det fram at retten ikkje kan ta imot bevis frå mellom anna advokatar, prestar og legar om noko som dei har fått opplyst i trumål. For dokument som inneheld slike trumålsopplysningar er det òg gjort unntak frå plikta til å utlevere dokument i sivile saker og for beslag i straffesaker, jf. tvistelova § 22-5 og straffeprosesslova § 204 første ledd og § 210. Det er lagt til grunn at sjølv om føresegnene i prosesslovgivinga ikkje inneheld ein rettsstridsreservasjon, kan det gjerast unntak frå teieplikta dersom det er klart føresett at ei opplysningsplikt skal gå føre teieplikta.
I rettspraksis er innhaldet i teieplikta blant anna omtalt i to høgsterettsavgjerder innteke i Rt. 2008 s. 645 (Frick-saka) og i Rt. 2010 s. 1638. Om forholdet mellom teieplikta og bevisforbodet i straffeprosesslova § 119 uttala Høgsterett i Frick-saka:
”(47) Ankeutvalget kan imidlertid ikke se at lagmannsretten har gitt uttrykk for noen uriktig lovtolking når den har uttalt at pengeoverføringer som er skjedd til eller fra klienter gjennom kontoer som advokaten har rådighet over, «i utgangspunktet» ligger utenfor det som kan anses som advokatvirksomhet. Som påpekt i Rt-1999-911, er det bare «den egentlige advokatvirksomhet – juridisk bistand og rådgivning» som er omfattet av bevisforbudet i straffeprosessloven § 119. I tilfeller hvor en advokat driver eiendomsmegling eller formuesrådgivning eller bestyrer dødsbo, vil bevisforbudet i § 119 som utgangspunkt ikke gjelde for disse virksomhetene. Dersom det i forbindelse med eiendomsmegling eller formuesrådgivning oppstår rettsspørsmål som oppdragsgiveren har behov for rådgivning om, vil imidlertid den juridiske rådgivningen være omfattet av bevisforbudet i § 119.”
I Rt. 2010 s. 1638 er denne utsegna utdjupa, då Høgsterett tok stilling til om ei pengeoverføring som skjer som ein integrert del av ein advokat si eigentlege verksemd er beskytta av teieplikta. I saka uttalar Høgsterett:
”Å besørge overførsel av penger til eller fra klienter over klientkontoen kan inngå som et helt ordinært ledd i en advokats egentlige advokatvirksomhet. Oppgjøret mellom partene i en rettssak eller et utenrettslig forlik vil for eksempel ofte skje over klientkontoen. Hensynene bak taushetsplikten tilsier at alle ledd i et ordinært advokatoppdrag omfattes av taushetsplikten, også transaksjoner. Dersom advokaten for eksempel skulle kunne gi opplysninger om størrelsen på beløpet som er overført, ville man ikke sjelden kunne slutte seg til innholdet i et forlik eller lignende, og det ville kunne uthule det vernet reglene om taushetsplikt er ment å gi.”
I avgjerda uttalar Høgsterett vidare at dersom det skulle vise seg at dei rettslege rammene for å påleggje advokatar opplysningsplikt er for snevre, vil det vere lovgivar si oppgåve å vurdere om rettstilstanden skal endrast.
Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK) stiller opp eit rettsleg vern av advokatar si teieplikt. I artikkel 8 om retten til respekt for privatliv, bustad og korrespondanse har Den europeiske menneskerettsdomstol (EMD) fortolka inn ein skranke mot kontrolltiltak som grip inn i advokatar si teieplikt. Inngrep i teieplikta kan etter andre ledd i artikkelen berre gjerast når det følgjer av lov, og når lovheimelen er tilstrekkeleg presis, tilgjengeleg og føreseieleg. I tillegg stiller artikkel 8 krav om at inngrepet må vere nødvendig i eit demokratisk samfunn. I vurderinga av om inngrepet er nødvendig, er det berre dei føremåla som er lista opp i artikkel 8 andre ledd som kan rettferdiggjere eit inngrep. Etter den norske omsetjinga av artikkelen vil dette vere omsynet til ”nasjonale sikkerhet, offentlige trygghet eller landets økonomiske velferd, for å forebygge uorden eller kriminalitet, for å beskytte helse, moral, eller for å beskytte andres rettigheter og friheter”.
I norsk rett er det fleire stader i lovverket gjort unntak frå advokatar si teieplikt. Blant anna har advokatar, som andre, opplysningsplikt for å forhindre alvorlege straffebrot, jf. straffelova § 172, og for å forhindre at ein uskuldig blir dømd eller tiltalt for eit alvorleg brot, jf. straffelova § 139 og straffeprosesslova § 204 andre ledd. I kvitvaskingslova er det innført ei avgrensa plikt for advokatar til å rapportere inn mistenkelege transaksjonar på over 40 000 kroner til ØKOKRIM. Plikta gjeld ikkje forhold advokaten har fått kjennskap til gjennom arbeid med å fastslå rettsstillinga til ein klient, eller forhold advokaten har fått kjennskap til før, under eller etter ei rettssak når forholdet er direkte knytt til rettstvisten. Rapporteringsplikta etter kvitvaskingslova går føre teieplikta til advokaten.
12.3.3 Reglar om klientbankkonto
Forskrift 20. desember 1996 nr. 1161 (advokatforskrifta) kapittel 3 har reglar om oppretting av klientbankkonto. Etter advokatforskrifta § 3-1 plikter ein advokat å ”holde betrodde midler (klientmidler) atskilt fra egne midler og andre midler som ikke tilhører klienter”. Alle middel som blir tiltrudd advokaten blir rekna som ”klientmidler”, også forskot på utlegg og salær. Når ein advokat tek imot pengar for andre si rekning, skal han anten gi oppgjer straks eller opprette ein klientbankkonto. Ein klientbankkonto er ein særskilt renteberande bankkonto som bankar ikkje kan foreta motrekning i. Advokaten kan anten opprette ein særskilt klientbankkonto for den enkelte klient, som lyder i namnet til klienten, eller setje midlane inn på ein felles klientbankkonto som er oppretta i namnet til advokaten, jf. advokatforskrifta § 3-2 første og andre ledd.
Det er ikkje noko krav om at det skal opprettast ein bankkonto per klient eller per transaksjon, og ofte opprettar advokaten ein felles klientbankkonto for alle sine klientar. Det er berre når advokatane opererer med ein klientbankkonto per klient, og namnet på klienten kjem fram av namnet på kontoen, at bankar vil ha opplysningar om den reelle eigaren av middel på kontoen, andre mellomvere og dei reelle partar i ein transaksjon. Når det blir nytta ein felles klientbankkonto for fleire klientar vil bankane ikkje ha oversikt over denne informasjonen.
12.4 Utanlandsk rett
12.4.1 Dansk rett
Etter den danske straffelova § 152 har personar som verkar eller har verka i offentleg teneste eller verv teieplikt. Teieplikta blir brote viss dei ”...uberettiget videregiver eller udnytter fortrolige opplysninger, hvortil den pågældende i den forbindelse har fået kendskab...”. I den same føresegna tredje ledd går det fram at ein opplysning er fortruleg når den ”...ved lov eller anden gyldig bestemmelse er betegnet som sådan eller når det i øvrigt er nødvendig at hemmeligholde den for at varetage væsentlige hensyn til offentlige eller private interesser.”
Straffebodet regulerer i utgangspunktet ikkje teieplikta for advokatar, men etter den danske rettspleielova § 129 tredje ledd får føresegna ein tilsvarande verknad for advokatar. Advokatar skal også utvise åtferd i samsvar med ”god advokatskik”, jf. rettspleielova § 126. Innhaldet i omgrepet følgjer av det danske Advokatrådet sine retningslinjer, der det blant anna i punkt 5.1 går fram at ein advokat skal ”...behandle alle oplysninger, han som led i sit virke bliver bekendt med, fortroligt”.
I den danske rettspleielova § 170 er det forbod mot å ta imot forklaring frå advokatar om opplysningar dei har teke imot under utøving av si verksemd. Forbodet gjeld både for sivilrettsleg og strafferettsleg rettargang. Etter andre ledd kan det gjerast unntak etter ei konkret interesseveging. Av føresegna følgjer det at retten kan påleggje:
”...advokater, bortsett fra forsvarere i straffesager, at afgive vidneforklaring, når forklaringen anses for at være af afgjørende betydning for sagens utfald, og sagens beskaffenhed og den betydning for vedkommende part eller samfundet findes at berettige til, at forklaring afkræves.”
Pålegget kan ikkje gjelde opplysningar om kva ein advokat har erfart i ein rettssak, som er tiltrudd han under utføringa, eller kva slags råd som er søkt.
I medhald av den danske skattekontrollova har sjølvstendige næringsdrivande og alle juridiske personar opplysningsplikt overfor skattestyresmaktene. Opplysningsplikta ligg føre både i form av ei uoppmoda meldeplikt, og etter krav frå skattestyresmaktene. Etter skattekontrollova § 6 har ervervsdrivande og juridiske personar plikt til å sende inn rekneskapsmateriale og andre dokument som kan ha innverknad på likninga etter krav frå skattestyresmaktene. Rekneskapsmateriale som blir oppbevart hos ein tredjemann skal utleverast til skattestyresmaktene, sjølv om tredjemann har ”tilbageholdsret” over materialet. Når det ikkje er mogleg å innhente opplysningar frå den skattepliktige sjølv, etter reglane i skattekontrollova § 6, kan skattestyresmaktene med heimel i § 8 C, D eller G påleggje ein tredjepart opplysningsplikt. Etter skattekontrollova § 8 G skal blant anna advokatar og andre næringsdrivande som forvaltar middel eller låner ut pengar som ledd i deira verksemd, etter krav, gi nærmare bestemte opplysningar av vesentleg betyding for skattelikninga, blant anna om kundar sine innskot, lån og bevegelsar på konti.
Skattestyresmaktene har også moglegheit til å hente inn opplysningar til bruk for å kontrollere andre skattytarar i forbindelse med ei konkret liknings- eller kontrollsak. I ein dansk høgsterettsdom frå 1981 hadde skattestyresmaktene, under kontroll av ein advokat si likning, blitt merksam på forhold om advokaten sin klient. Ettersom materialet var lovleg innhenta etter skattekontrollova sine reglar, uttala retten:
”at den for advokater gældende tavshedspligt ikke kan føre til en begrænsning i anvendelsen af de omhandlede lovbestemmelser…”
Etter Den juridiske vejledning 2012-2, utgitt av det danske Skatteministeriet, som gir uttrykk for Skatteministeriet sin oppfatning av gjeldande rett, vik dei generelle teiepliktsføresegnene i straffelova §§ 152-152 e for skattekontrollova sine opplysningsføresegner.
Skatteministeriet ved Skatterådet har i notat av 30. september 2005 gjort ein gjennomgang av innhaldet i utleveringsplikta i skattekontrollova § 6. Skatterådet utgreia blant anna kva materiale rådgivarar pliktar å utlevere til skattestyresmaktene. Skatterådet uttalar at skattelikninga skal byggje på autentiske opplysningar, dokument og forklaringar, og at desse opplysningane kan krevjast utlevert. Dokument eller opplysningar av vurderande eller rådgivande karakter skal, etter rådet si oppfatning, ikkje kunne krevjast utlevert av skattestyresmaktene, berre det faktiske grunnlaget for opplysningane.
12.4.2 Svensk rett
I svensk rett er straffbart brot på teieplikta regulert i den svenske Brottsbalken 20 kap. 3§. Føresegna er generell og har følgjande ordlyd:
”Röjer någon uppgift, som han är pliktig at hemmelighålla enligt lag eller annan författning eller förbehåll som har meddelats med stöd av lag eller annan författning, eller utnyttjar han olovligen sådan hemlighet, dömes, om ej gärningen eljest är särskilt belagd med straff, för brott mot tystnadsplikt till böter eller fängelse i högst ett år.”
Det følgjer vidare av Rättegångsbalken 8 kap. 4§ at ein advokat i si verksemd skal ”...redbart og nitiskt utföra de uppdrag som anförtrotts honom och iaktta god advokatsed”. Vidare skal ein advokat ”förtiga vad han får kännedom om i sin yrkestuövning når god advokatsed kräver detta.”
Innhaldet i ”eden” er regulert i Vägledande regler om god advokatsed, som er utarbeida av styret i Sveriges Advokatsamfund. Etter punkt 2.2.1 har ein advokat:
”tystnadsplikt avseende det som anförtrotts advokaten inom ramen för advokatverksamheten eller som advokaten i samband därmed fått kännedom om. Undantag från tystnadsplikten gäller om klienten samtyckt därtill eller laglig skyldighet att lämna upplysning föreligger. Undantag gäller vidare i den mån yppandet är nödvändigt för att advokaten skall kunna värja sig mot klander från klientens sida eller hävda befogat ersättningsanspråk avseende det ifrågavarande uppdraget.”
Vitneforbodsføresegnene kjem fram i Rättegångsbalken 36 kap. 5§ andre ledd, der det står at advokatar som hovudregel har teieplikt om det han ”...får höras som vittnen om något som i denna deres yrkesutövning anförtrotts dem eller som de i samband därmed erfarit, endast om det är medgivit i lag eller den, til vars förmån tystnadsplikten gäller, samtycker til det.”
Etter fjerde ledd i den same føresegna kan domstolen likevel krevje forklaring frå:
”1. advokater och deras biträden, dock inte försvarare, i mål angående brott för vilket inte är föreskrivet lindrigare straff än fängelse i två år,
2. andra än försvarare och advokater samt deras biträden i mål angående brott som avses i 10 kap. 21 och 23 §§ offentlighets- och sekretesslagen.”
Etter Rättegångsbalken 27 kap. 2§ må beslag ”...ej läggas å skriftlig handling, om dess innehåll kan antagas vara sådant, att befattningshavare eller annan, som avses i 36 kap. 5§, ej må höras som vittne därom och handlingen innehaves av honom eller av den, till förmån för vilken tystnadsplikten gäller.”
Vidare har advokatar ei alminneleg plikt til å avsløre planlagde straffebrot når det kan skje utan fare for advokaten sjølv eller nokon av advokaten sine nærmaste, jf. Brottsbalken kapittel 23, 6§.
Både skattytar sjølv og tredjepart har opplysningsplikt overfor dei svenske skattestyresmaktene. Opplysningsplikta ligg føre både i form av ei uoppmoda meldeplikt og etter krav frå skattestyresmaktene. Skattestyresmaktene kan innhente kontrollopplysningar frå tredjepart gjennom ”revision” og ”föreläggande” hos den som er eller blir anteken å vere rekneskapspliktig og andre juridiske personar enn dødsbu. Nærmare reglar for slik kontroll er gitt i Skatteförfarandelagen 41 kap. 2§.
Et ”föreläggande” må ikkje omfatte opplysningar som finst i dokument det ikkje kan takast beslag i etter Rättegångsbalken 27 kap. 2§. Dette inneber at opplysningar som er omfatta av advokatar si teieplikt kan krevjast unntekne frå ”revision” og ”föreläggande”. Om det skal gjerast unntak frå kontroll for opplysningane skal avgjerast av forvaltningsdomstolen. I 2001 uttalte Regeringsrätten at avgrensingane i advokatar si vitneplikt som følgjer av Rättegångsbalken 36 kap. 5§, gir åtgang til å gjere unntak for opplysningar ved kontroll. Det som synest avgjerande for domstolen, er om opplysningane skattestyresmaktene krev er verneverdige opplysningar om innhaldet i advokatar sine klientoppdrag.
12.5 Høyringa
12.5.1 Forslaget i høyringsnotatet
Departementet sendte 8. januar 2013 på høyring forslag om unntak i advokatar si teieplikt på skatte- og avgiftsområdet. I høyringsnotatet blei det foreslått eit nytt nummer 2 i forslag til ny § 6-2 i likningslova og eit nytt andre ledd i forslag til ny § 16-2 i meirverdiavgiftslova. Forslaga gjekk nærmare ut på at advokatar og andre tredjepartar som har lovbestemt teieplikt, etter krav frå skatte- og avgiftsstyresmaktene, skulle ha plikt til å gi opplysningar om klientar sine pengeoverføringar, innskot og gjeld, deposita og andre mellomvere på deira klientbankkonti, eller på andre konti som advokaten disponerer. Opplysningsplikta skulle også omfatte opplysningar om ”underbilag og annen dokumentasjon” om pengeoverføringar og kven som er partar i overføringane. Opplysningsplikta som blei foreslått vil vere omfatta av føresegnene i likningslova § 6-5 og meirverdiavgiftslova § 16-6 om åtgangen for skatte- og avgiftsstyresmaktene til å gjennomføre målretta kontroll.
12.5.2 Merknader frå høyringsinstansane
Departementet sitt høyringsforlag blei sendt til 63 instansar. Høyringsfristen var 8. april 2013.
Følgjande instansar har gitt realitetsmerknader til forslaget:
Justis- og beredskapsdepartementet
Attac Norge
Datatilsynet
Den norske Advokatforening
Den norske Revisorforening
Finans Norge (FNO)
Hovedorganisasjonen Virke
Juristforbundet
Kommunesektorens organisasjon (KS)
Landsorganisasjonen i Norge (LO)
Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund (NKKF)
Norsk Øko-Forum (NØF)
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
Publish What You Pay – Norge (PWYP)
Riksadvokaten
Skattedirektoratet
Statistisk sentralbyrå
Tax Justice Network - Norge
Tilsynsrådet for advokatvirksomhet
Toll- og avgiftsdirektoratet
ØKOKRIM
Arbeidsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, Forsvarsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Miljøverndepartementet, Nærings- og handelsdepartementet, Arbeidsgiverforeningen Spekter, Bedriftsforbundet og Statens innkrevingssental har svart at dei ikkje har merknader.
Fleirtalet av høyringsinstansane som har gitt realitetsmerknader er positive, men enkelte har reservasjonar til delar av forslaget. Datatilsynet, Advokatforeininga, Revisorforeininga, Virke, Juristforbundet, Riksadvokaten og FNO uttalar at dei er kritiske til forslaget eller at dei ikkje støttar det. Fleire høyringsinstansar meiner at forslaget bør bli vurdert av advokatlovutvalet.
Advokatforeininga uttalar:
”Advokatforeningen er enig i at det er uakseptabelt at skatteunndragelser skjer via advokaters klientkontoer. Etter Advokatforeningens mening må det ledende synspunktet være at skattemyndighetene skal ha samme tilgang til opplysninger om pengeoverføringer eller innestående på bankkonto uansett om det dreier seg om en vanlig bankkonto eller klientkonto hos advokat (eller andre med taushetsplikt). Dette vil imidlertid etter Advokatforeningens mening kunne oppnås uten at det gjøres unntak fra advokaters taushetsplikt. Som nevnt i pkt. 3 foran, bør spørsmålet om et slikt unntak heller bli en del av den helhetlige og brede vurderingen av advokaters taushetplikt som nå foretas av Advokatlovutvalget.”
LO uttalar:
”I en tid hvor kravene til dokumentasjonsplikt skjerpes for privatpersoner ut fra hensynet til skattekontroll, bør det også åpnes for innsyn og dokumentasjonsplikten ved bruk av transaksjoner via advokatkontor.”
PWYP meiner høyringsforslaget er nødvendig for blant anna å unngå at norske styresmakter sitt arbeid mot skatteparadis blir undergrave.
Tilsynsrådet for Advokatvirksomhet uttalar:
”Tilsynsrådet har tidligere blitt koblet inn i saker der advokaten har latt egen advokatvirksomhet bli brukt som dekke for annen ulovlig virksomhet. En utvidelse av advokatens opplysningsplikt i tråd med det fremsatte forslaget vil både kunne gjøre det lettere for advokater å avslå å påta seg de strafferettslig sett tvilsomme oppdragene, samt at det vanskeliggjør klienters forsøk på å trekke advokater inn i egen ulovlig virksomhet. Forslaget kan dermed bidra til at Tilsynsrådet ikke får denne type saker i fremtiden.”
Statistisk Sentralbyrå påpeikar at forslaget vil bidra til å gi betre opplysningar på fleire statistikkområder.
Fleire av merknadene frå høyringsinstansane vil bli behandla under vurderingar og forslag frå departementet, i tilknyting til dei enkelte sidene av forslaget.
12.6 Vurderingar og forslag frå departementet
12.6.1 Skatte- og avgiftsstyresmaktene sitt behov for opplysningar
12.6.1.1 Innleiing
Departementet foreslår reglar som gjer unntak i advokatar si teieplikt på skatte- og avgiftsområdet som i stor grad svarar til forslaget som var på høyring. Det er likevel gjort enkelte tilpassingar og klargjeringar i forslag til lovtekst. Dette blir behandla meir utførleg under.
For å ha rett grunnlag for å fastsetje rett skatt og avgift er det avgjerande for skatte- og avgiftsstyresmaktene å kunne få opplysningar om økonomiske transaksjonar mellom ulike kontrahentar. Det er også nødvendig at skatte- og avgiftsstyresmaktene har tilgang til å kontrollere at dei opplysningane som dannar grunnlag for skatte- og avgiftsfastsetjinga, er riktige. Føresegnene om opplysningsplikt for tredjepartar i likningslova og meirverdiavgiftslova skal gi ein slik kontrollåtgang, ettersom skatte- og avgiftsstyresmaktene kan kontrollere opplysningar knytte til ein transaksjon hos den skatte- eller avgiftspliktige sjølv og hos ein tredjepart. Føresegnene gir også tilgang til opplysningar som skattytar eller avgiftssubjektet ikkje har sjølv eller som han ikkje ønskjer å gi.
Skatte- og avgiftsstyresmaktene har behov for å kontrollere pengeoverføringar, innskot og gjeld som skjer via ein klientbankkonto, i namnet til advokaten. For vanlege konti og særskilte klientbankkonti som står i namnet til klienten, kan skatte- og avgiftsstyresmaktene få dei nødvendige opplysningane frå bankar og andre finansinstitusjonar med heimel i likningslova § 6-2 nr. 1 og i meirverdiavgiftslova § 16-2 første ledd. For overføringar som skjer til eller frå ein klientbankkonto som står i namnet til advokaten, har ikkje bankar og finansinstitusjonar dei same opplysningane. Inntil rettstilstanden blei endra med høgsterettsavgjerda i Rt. 2010 s. 1063, erfarte skatte- og avgiftsstyresmaktene at dei som regel fekk nødvendige opplysningar om transaksjonar på klientbankkonti opplyst frå advokatane.
Etter departementet si vurdering vil ein ved å gi skatte- og avgiftsstyresmaktene tilgang til opplysningar på advokatar sine klientbankkonti, for det første hindre at overføring av pengar til utlandet kan skjulast. Vidare er ein viktig del av kontrollen til skatte- og avgiftsstyresmaktene å følgje pengestraumar, og det er derfor viktig at sporet til ein straum ikkje stoppar fordi pengane blir overført til ein klientbankkonto. Dette gjeld også på meirverdiavgiftsområdet der det for å avdekkje reine svindelføretak, til dømes karusellsvindel, er avgjerande å kunne følgje pengestraumar. I denne forma for svindel er det vanleg å bruke stråmenn, og advokatar kan ha denne rolla.
Vidare vil tilgangen på opplysningar gi skatte- og avgiftsstyresmaktene moglegheit til å kontrollere klientar som plasserer middel på advokatar sine klientbankkonti. Viss ikkje skatte- og avgiftsstyresmaktene får opplysningar om slike middel, vil klienten kunne unndra skatt ved å unnlate å føre opp midla som er plassert hos ein advokat som formue i sjølvmeldinga, og unnlate å gi opplysningar om renteinntekt frå klientbankkontoen.
12.6.1.2 Forholdet til advokatlovutvalet
Det har komme fleire innvendingar mot at departementet har fremja forslaget om unntak i advokatar si teieplikt før det oppnemnde advokatlovutvalet har gitt si innstilling, og mot at forslaget ikkje er teken inn som ein del av arbeidet til lovutvalet. Dette gjelder Riksadvokaten, Datatilsynet, Advokatforeininga, Virke, FNO og Revisorforeninga.
Advokatforeininga uttalar:
”Advokatforeningen vil undestreke at det er behov for en grundig og helhetlig vurdering av i hvilke tilfeller taushetsplikten bør vike for kontrollmyndighetenes behov for opplysninger, og det er behov for en grundig vurdering av om mulige inngrep i taushetsplikten er i tråd med Norges internasjonale forpliktelser. Spørsmålet må derfor utredes av Advokatlovutvalget, og ikke presses igjennom nå uten en nærmere utredning”.
NHO meiner forslaget om plikt til å leggje fram ”underbilag og annen dokumentasjon” krev ein type utgreiing som advokatlovutvalet bør gjere, og at unntak bør avgrensast til første punktum av lovforslaget dersom departementet kjem til at det er så sterke grunnar til å gjere unntak no, at ein ikkje kan vente på advokatlovutvalet si utgreiing.
Datatilsynet åtvarar mot ei utvikling der det stadig blir etablert nye unntak frå teieplikta. Tilsynet uttalar:
”En uthuling av advokaters taushetsplikt vil kunne medføre at tillitsforholdet mellom klient og advokat forringes, med den følge at borgerne unnlater å søke rettshjelp. Det forhold at advokater i utgangspunktet har taushetsplikt er derved en rettssikkerhetsgaranti, som må behandles varsomt.
At det allerede er gjort visse unntak fra taushetsplikten, blant annet i hvitvaskingsloven, er etter tilsynets vurdering ikke et argument for å gjøre ytterligere unntak.”
Tilsynet åtvarar mot ei utvikling der det stadig blir etablert nye avgrensa unntak frå teieplikta som isolert sett er godt grunngitt. I staden bør ein gjere ei samla vurdering og prioritering av kva unntak som kan gjerast utan at det rammar tiltrua mellom advokat og klient.
ØKOKRIM viser til utsegna til Datatilsynet og uttalar:
”ØKOKRIM er enig i at det er viktig å opprettholde et tillitsforhold mellom klient og advokat. Vi savner imidlertid konkrete eksempler på hvordan tillitsforholdet vil svekkes gjennom at det gis innsyn i økonomiske transaksjoner som forslaget fra Finansdepartementet legger opp til. ØKOKRIM har erfaring med at enkelte bevisst foretar transaksjoner via advokatkonti for å skjule eierskap eller opphav til pengene, uten at advokaten nødvendigvis er kjent med at nettopp denne skjulingen er formålet med å benytte en klientkonto. Videre mener vi å kunne se at det har skjedd en økning i antall transaksjoner som går gjennom advokaters klientkonti de siste ti årene. Vi har heller ingen grunn til å tro at denne utviklingen ikke vil fortsette i årene som kommer. På denne bakgrunn støtter vi departementets initiativ til en begrenset endring som i ligningsloven og merverdiavgiftsloven mens vi venter på advokatlovutvalgets innstilling og den videre behandlingen av denne.”
Skattedirektoratet uttalar at det er behov for ei så rask som mogleg lovendring sidan det etter høgsterettsdommen i Rt. 2010 s. 1638 har vore vanskeleg for skatte- og avgiftsstyresmaktene å få opplysningar om kven som reelt står bak ein transaksjon, er eigar av inneståande middel m.m. Skattedirektoratet meiner ein ikkje kan vente på advokatlovutvalet si utgreiing.
Advokatlovutvalet skal etter mandatet utgreie reglane om advokatar si teieplikt og komme med forslag til ei eiga lovregulering av denne. Under dette skal utvalet foreta ei hensiktsmessig veging av omsynet til teieplikta mot det offentlege (til dømes skattestyresmaktene) og andre sitt legitime behov for informasjon.
Departementet ser at ei samla vurdering av i kva slags tilfelle teieplikta til advokatar bør vike for offentlege styresmakter sitt behov for opplysningar kunne vore hensiktsmessig. Departementet meiner likevel at det er nødvendig at skatte- og avgiftsstyresmaktene så raskt som mogleg får rett til å krevje opplysningar om transaksjonar på klientbankkonti som høyrer til skattytarar og avgiftspliktige, og at dette ikkje kan vente på advokatlovutvalet si utgreiing. Departementet viser til at forslaget som blir fremja no, er ei oppfølging av tiltak 39 i Regjeringa sin handlingsplan mot økonomisk kriminalitet, som igjen viser til Høgsterett si avgjerd innteken i Rt. 2010 s. 1638. Etter denne avgjerda har det blitt eit aukande problem for skatte- og avgiftsstyresmaktane at dei ikkje kan få opplysningar frå klientbankkonti, som dei gjorde før. Departementet viser til at både Skattedirektoratet og ØKOKRIM støttar departementet si vurdering. Som ØKOKRIM peikar på, er det snakk om eit avgrensa unntak frå teieplikta.
Manglande innsyn gjer det mogleg for skatte- og avgiftspliktige som ønskjer å unndra skatt og avgift, å halde disposisjonar og plasseringar skjult for skatte- og avgiftsstyresmaktene ved å bruke klientbankkonti hos advokat. Dette er ein svært uheldig rettssituasjon og ei endring av denne kan ikkje vente heilt til advokatlovutvalet si utgreiing og påfølgjande lovendringar kan bli vedteken. Det følgjer også av mandatet til utvalet at Finansdepartementet skal følgje opp tiltak 39 i handlingsplanen om å gå gjennom problemstillingar og vurdere regelendringar tilknytt advokatar si teieplikt på skatte- og avgiftsområdet. Departementet viser til høyringsinnspel frå Justis- og beredskapsdepartementet om at advokatlovutvalet i sitt arbeid må vurdere nye lovendringar på området på same måte som gjeldande rett på andre områder.
Forslaget som departementet legg fram no er avgrensa til å gjelde opplysningar om inneståande middel og transaksjonar på klientbankkonto. Skatte- og avgiftsstyresmaktene vil klart ha nytte av å få fleire andre opplysningar frå advokatar som tredjepart. Departementet viser i denne samanheng til at forslag om ei meir omfattande opplysningsplikt for advokatar blei lagt fram av Skatteunndragingsutvalet, jf. NOU 2009: 4 Tiltak mot skatteunndragelser. Departementet meiner at det ikkje er like nødvendig å få reglar om ei meir omfattande opplysningsplikt på plass raskt, og vil derfor vente på advokatlovutvalet si utgreiing når det gjeld dette.
NKKF foreslår ein tilsvarande heimel som i likningslova § 6-2 nr. 2 og meirverdiavgiftslova § 16-2 andre ledd, i skattebetalingslova § 5-14 om opplysningsplikt for tredjepartar ved arbeidsgivarkontroll, medan Skattedirektoratet og Toll- og avgiftsdirektoratet foreslår tilsvarande heimlar på høvesvis arveavgiftsområdet og området for toll og særavgifter. Departementet meiner det ikkje er aktuelt å fremje desse forslaga no, men legg til grunn at dette er noko advokatlovutvalet vil kunne vurdere.
Riksadvokaten viser i sitt høyringssvar til at forslaget har stor betyding også for påtalestyresmakta sin tilgang til informasjon frå klientkonti, ettersom Skatteetaten saman med ei politimelding for skatteunndragingar vil leggje ved eventuell informasjon om slike opplysningar. Riksadvokaten uttalar:
”Adgangen for skatte- og avgiftsmyndighetene til å videreformidle opplysninger er ikke drøftet i høringsnotatet. Etter riksadvokatens syn er det lite tilfredsstillende at et så viktig spørsmål som innhugg i advokaters taushetsplikt i straffesak reguleres indirekte i og med det framsatte forslag, og uten nærmere overveielse.”
Departementet viser til at bakgrunnen for forslaget om unntak frå teieplikta er skatte- og avgiftsstyresmaktane sitt behov for å innhente opplysningar frå advokaten sine klientkonti for å sikre at opplysningsplikta er overheldt. Når innhentinga av opplysningar frå klientbankkonto fører til høgare skatt eller avgift, og i dei grovaste tilfella melding til påtalestyresmakta for skatteunndragingar, vil det måtte føre til at påtalestyresmakta også blir kjent med opplysningane frå klientbankkonti. Dette er ei nødvendig følgje av at skattestyresmaktene får tilgang til opplysningane, og departementet kan ikkje sjå at det er grunnlag for noka nærmare vurdering av om også påtalestyremakta i dei konkrete sakene skal få tilgang til desse opplysningane.
12.6.1.3 Forslag til alternativ regulering m.m.
Advokatforeininga har i sitt høyringssvar fremja forslag til alternativ regulering som dei meiner varetek føremålet med departementet sitt forslag. Dei uttalar:
”Advokatforeningens forslag går ut på å sørge for at pengeoverføringer/transaksjoner og innestående over et visst beløp skilles ut i egne klientbankkonti. På den måten vil skatte- og avgiftsmyndighetene ved å henvende seg til bankene få den informasjonen som de trenger.”
Foreininga meiner at advokatlovutvalet bør gjere ei nærmare vurdering og utgreiing, men ber likevel Finansdepartementet vurdere det alternative forslaget dersom arbeidet ikkje blir teke inn under advokatlovutvalet.
Forslaget frå Advokatforeininga inneber endringar i advokatforskrifta og ikkje i reglane om opplysningsplikt for advokatar som tredjepart etter skatte- og avgiftslovgivinga. Advokatforeininga foreslår at grensa for pengeoverføringar som skal føre til ei oppretting av eigne bankkonti, skal liggje på om lag 250 000 kroner. Vidare tek foreininga opp nokre problemstillingar som må utgreiast nærmare, blant anna om det er klientar som ikkje kan ha særskilte klientkonti. Virke støttar forslaget til Advokatforeininga, og FNO og Revisorforeininga meiner departementet bør vurdere forslaget ytterlegare.
Departementet viser til at Advokatforeininga meiner det leiande syn må vere at skatte- og avgiftsstyresmaktane skal ha same tilgang til opplysningar om pengeoverføringar og inneståande på bankkonto, anten det dreier seg om ein vanleg bankkonto eller ein klientbankkonto hos ein advokat. Foreininga meiner deira forslag til alternativ regulering vil vere dekkjande for dette behovet. Departementet er ikkje einig i denne vurderinga. Sjølv om forslaget frå Advokatforeininga treng ytterlegare utgreiing, legg departementet til grunn at det i første rekkje av praktiske grunnar må vere ei fastsett beløpsgrense for når det skal opprettast eigne bankkonti for klienten. Ei beløpsgrense på 250 000 kroner er klart for høg, men sjølv om grensa er mykje lågare vil mange transaksjonar falle utanfor. Det vil også vere enkelt å unngå grensa ved å splitte overføringar i fleire mindre beløp. Dermed vil mange av transaksjonane på klientbankkontiane framleis vere utanfor kontrollen til skatte- og avgiftsstyresmaktene. Det same vil gjelde dersom det ikkje kan opprettast særskilte klientbankkonti for enkelte klientar. Departementet viser til at det også i dag blir oppretta særskilte klientbankkonti som lyder i namnet til klienten. Når det er oppretta eigne klientbankkonti for kvar klient, vil skatte- og avgiftsstyresmaktene kunne få opplysningar om transaksjonar og middel på kontoen frå bankane. Det vil likevel vere behov for å ha reglar som sikrar at skatte- og avgiftsstyresmaktene får tilgang til informasjon om dei transaksjonane som framleis går over klientbankkonto i namnet til advokaten.
Juristforbundet meiner ein på skatte- og avgiftsområdet bør opprette eit uavhengig revisjonsorgan som kan føre kontroll med advokatar sine klientkonti på liknande måte som Tilsynsrådet for advokatvirksomhet fører generell kontroll med verksemda. Forbundet meiner eit slikt organ kan ta rutinemessige stikkprøver, og foreta kontroll der det ligg føre mistanke. Departementet meiner ei slik løysing ikkje vil vere eit aktuelt alternativ til at skatte- og avgiftsstyresmaktane kan krevje opplysningane direkte frå advokatane. Eit uavhengig kontrollorgan vil ikkje ha den nødvendige kunnskapen for å kunne avgjere i kva slags tilfelle det er aktuelt å innhente opplysningar og å foreta kontrollar, ettersom dette er kunnskap skatte- og avgiftsstyresmaktene får i arbeidet med skatte- og avgiftsfastsetjinga.
Advokatforeininga meiner departementet bør vurdere om domstolane skal avgjere om advokatar og andre tredjepartar skal gi opplysningar som er underlagt teieplikt til skatte- og avgiftsstyresmaktene. Departementet meiner at å påleggje domstolane denne oppgåva vil medføre betydeleg meirarbeid både i domstolane og hos skatte- og avgiftsstyresmaktene, og føre til ein rekkje unødige prosessar. Den opplysningspliktige vil uansett kunne klage over eit pålegg frå skatte- og avgiftsstyresmaktene etter dei alminnelege reglane i skatte- og avgiftslovgivinga, og eventuelt bringe saka inn for domstolane.
12.6.2 Kven som skal gi opplysningar
Departementet foreslo i høyringsnotatet at ”advokater” skulle påleggjast ei plikt til å gi skatte- og avgiftsstyresmaktene opplysningar om klientar sine innskot og gjeld, pengeoverføringar, deposita, og andre mellomvere. Det blei også foreslått at andre tredjepartar som har lovbestemt teieplikt om denne typen opplysningar, skulle ha ei tilsvarande plikt. Som dømer på aktuelle yrkesgrupper som vil kunne bli omfatta av forslaget, blei revisorar, eigedomsmeklarar og rekneskapsførarar særleg framheva.
I høyringa har Virke etterlyst ei utgreiing av andre tredjepartar si rettsstilling. Tilsynsrådet for Advokatvirksomhet har følgjande merknad til forslaget:
”Tilsynsrådet gjør oppmerksom på at rettshjelpere har en lovpålagt taushetsplikt etter domstolloven § 218 tredje ledd, og at reglene for behandling av betrodde midler gjelder tilsvarende for både rettshjelpere og advokater, jf. advokatforskriften § 3-8. Denne gruppen profesjonsutøvere er ikke særskilt omtalt i høringsbrevet, men Tilsynsrådet legger til grunn at også rettshjelpere vil være omfattet av lovforslagene på lik linje med advokater, jf. at opplysningsplikten også vil gjelde for ”andre med lovbestemt taushetsplikt.”
Departementet opprettheld forslaget om at også andre med lovbestemt teieplikt skal vere omfatta, og er einig med Tilsynsrådet for Advokatvirksomhet i at rettshjelparar typisk vil falle inn under denne kategorien dersom dei oppbevarer klientmiddel på klientbankkonti. Rettshjelparar er underlagt lovbestemt teieplikt etter domstollova § 218 tredje ledd, og er også underlagt dei same reglane som advokatar for behandling av tiltrudde middel i medhald av advokatforskrifta § 3-8. Departementet vil framheve at det avgjerande for om ei yrkesgruppe er omfatta av opplysningsplikta, er om dei brukar klientbankkonti i eige namn ved oppbevaring av klientmiddel, og om dei er underlagt lovbestemt teieplikt. Andre tredjepartar som ikkje er underlagt teieplikt, vil ha opplysningsplikt etter likningslova § 6-2 nr. 1 og meirverdiavgiftslova § 16-2 første ledd.
Advokatforeininga og FNO har i sine høyringsinnspel bedt departementet vurdere om skatte- og avgiftsstyresmaktene sin rett til innsyn hos advokatar skal vere subsidiær, slik at ein først må innhente opplysningane frå skattytar eller avgiftssubjektet.
Departementet har vurdert forslaget, men meiner ein slik subsidiær rett ikkje vil vere hensiktsmessig. I mange tilfelle der skatte- og avgiftsstyresmaktene har behov for opplysningar tilknytt ein klientbankkonto, er det nettopp for å identifisere dei reelle partane i ein transaksjon. Omsynet til ein effektiv kontroll tilseier også at skatte- og avgiftsstyresmaktene må kunne velje om dei vil innhente opplysningar frå den skatte- og avgiftspliktige eller frå ein tredjepart.
Departementet viser til forslag til ny nr. 2 i likningslova § 6-2 og nytt andre ledd i meirverdiavgiftslova § 16-2.
12.6.3 Kva opplysningsplikta skal omfatte
12.6.3.1 Innleiing
Departementet foreslo i høyringsnotatet at opplysningsplikta for advokatar og andre tredjepartar med lovbestemt teieplikt skulle omfatte dei same opplysningane som bankar og andre finansinstitusjonar har opplysningsplikt om. Etter tidlegare § 6-4 i likningslova og § 16-2 i meirverdiavgiftslova var desse tredjepartane pliktig å gi skatte- og avgiftsstyresmaktene opplysningar om pengeoverføringar, derunder kven som er partar i ei overføring, og ”underbilag og annen dokumentasjon” knytt til opplysningane. Vidare omfatta plikta opplysningar om middel institusjonane har til forvaltning for ein namngitt person, bu, selskap eller innretning og om avkasting av midlane. Plikta omfatta også opplysningar om tilgodehavande og gjeld, og opplysningar om innskots- og gjeldskonti. Departementet foreslo at opplysningsplikta skulle gjelde:
”…innskudd og gjeld, pengeoverføringer, deposita og andre mellomværender på deres konto tilhørende skattyter. Opplysningsplikten omfatter også opplysninger om underbilag og annen dokumentasjon om pengeoverføringer, herunder hvem som er parter i overføringene.”
Departementet vurderte å bruke omgrepet ”transaksjon” i forslaget ettersom dette blei brukt i likningslova § 6-4. For å unngå tvil om innhaldet i omgrepet valde departementet å liste opp dei aktuelle opplysningane. Det blei presisert i høyringsnotatet at juridiske vurderingar ikkje skulle vere omfatta av forslaget.
Departementet har motteke fråsegner til høyringa frå fleire instansar som synest det er uklart kva opplysningar som skal inngå i omgrepet ”underbilag og annen dokumentasjon”. Blant anna meiner Advokatforeininga, Norsk Øko-forum, FNO, NHO, Tax Justice Network – Norge og PWYP at dette må gjerast klarare.
Advokatforeininga uttalar:
”… selv om det i forslaget er angitt hvilke bestemte opplysninger som skal gis, vil det fortsatt oppstå vanskelige avgrensningsspørsmål. I den grad en pengeoverføring kan sies å gi uttrykk for eller være et resultat av en juridisk vurdering eller råd, er det etter lovforslaget uklart om og eventuelt i hvilken grad taushetsplikten vil gjelde. Det vises i denne sammenheng til at Finansdepartementet uttrykkelig presiserer at forslaget ikke skal gjelde juridiske vurderinger og råd, men at ordlyden i lovforslaget ikke avgrenser mot opplysninger som kan gi slutninger om innholdet i juridiske råd og vurderinger. Usikkerhet med hensyn til hvilke opplysninger som skal gis, vil sette advokaten i en svært vanskelig situasjon, siden brudd på taushetsplikten vil være straffbart.
Finansdepartementets forslag omfatter ikke bare pengeoverføringer og navnet på klienten, men også ”underbilag og annen dokumentasjon til overføringene”. Hva slags opplysninger dette kan være, sier høringsnotatet lite om, bortsett fra at juridiske vurderinger ikke skal omfattes. Dette vil i praksis kunne medføre svært vanskelige avgrensningsproblemer. Dersom en overføringer skjer i forbindelse med et forlik, skal da selvet forliket kunne kreves fremlagt? Hva med avtaler og andre kontrakter?
Dersom Finansdepartementets forslag er ment å omfatte også slike dokumenter, innebærer det et meget sterkt inngrep i advokaters taushetsplikt. Vi er klar over at underbilag og annen dokumentasjon er omfattet av opplysningsplikten etter ligningsloven § 6-4 og merverdiavgiftsloven §16-2. Men advokater står her i en helt annen stilling.”
ØKOKRIM meiner det er nødvendig at innsynsretten omfattar namn på personar/selskap som er involvert i ein transaksjon og ”underbilag” til overføringa, slik det er foreslått i høyringsnotatet.
12.6.3.2 Opplysningsplikta
Etter departementet si vurdering er det avgjerande for skatte- og avgiftsfastsetjinga at skatte- og avgiftsstyresmaktene får tilgang til opplysningar om pengar som blir oppbevart på, og som blir overført til og frå ein advokat sin klientbankkonto.
Departementet meiner utgangspunktet må vere at opplysningsplikta for advokatar og andre tredjepartar med lovbestemt teieplikt skal omfatte dei same opplysningane som skatte- og avgiftsstyresmaktene i dag får frå bankar og andre finansinstitusjonar om inneståande og overføringar til og frå bankkonti.
I endringslova om nye kontrollføresegner som trer i kraft 1. juli 2013 er det gjort ei utviding av bankar og andre finansinstitusjonar si opplysningsplikt. Utvidinga inneber at ”enhver” tredjepart etter dei nye reglane skal gi alle opplysningar som er av betyding for skattytar si likning, eller avgiftsplikt, når skatte- og avgiftsstyresmaktene krev det, jf. likningslova § 6-2 nr. 1 og meirverdiavgiftslova § 16-2 første ledd. Skatte- og avgiftsstyresmaktene kan også krevje at opplysningane blir dokumentert, jf. § 6-2 nr. 4 i likningslova og § 16-2 fjerde ledd i meirverdiavgiftslova. Også advokatar er som tredjepartar omfatta av desse føresegnene, men fordi opplysningsplikta viker for teieplikta vil skatte- og avgiftsstyresmaktene i liten grad kunne krevje opplysningar frå advokatar, verken om klientbankkonti eller om andre forhold. Det er derfor nødvendig å ha føresegner om at advokatane har plikt til å gi opplysningar om inneståande og overføringar til og frå klientkonti utan omsyn til teieplikta.
Å gjere unntak frå advokatar si teieplikt medfører eit inngrep etter EMK artikkel 8, og det blir derfor stilt særleg strenge krav til presisjonsnivået i ein unntaksheimel. Det er derfor viktig at føresegnene er klare og føreseielege.
Departementet meiner skatte- og avgiftsstyresmaktene sitt behov for opplysningar vil kunne dekkjast ved at dei får innsyn i saldo og transaksjonsopplysningar på klientbankkonti. På denne bakgrunn er forslaget avgrensa til å gjelde opplysningar om pengeoverføringar, innskot og gjeld, og derunder partar i ei overføring. Det er etter departementet si oppfatning ikkje nødvendig at ”deposita” er lista opp i lovteksten ettersom dette vil vere omfatta av dei andre omgrepa. Departementet har også valt å ta ut ”andre mellomværender” frå forslaget fordi omgrepet ikkje er tilstrekkeleg klart og opplysningsbehovet til skatte- og avgiftsstyresmaktene vil vere dekt av dei andre omgrepa.
12.6.3.3 Dokumentasjonsplikta
Når det gjeld kva dokumentasjon skatte- og avgiftsstyresmaktene skal kunne krevje for å kontrollere opplysningane, er departementet einig med høyringsinstansane i at det er behov for å presisere forslaget i høyringsnotatet. Omgrepet ”underbilag og annen dokumentasjon” vil etter sin ordlyd kunne omfatte juridiske vurderingar sjølv om dette ikkje har vore hensikta. Departementet ser også at omgrepet ikkje bør vere knytt til spesifikke dokument, men til dokumentasjon av opplysningar.
Etter dei nye kontrollføresegnene er plikta til å dokumentere opplysningar teken inn i likningslova § 6-2 nr. 4 og meirverdiavgiftslova § 16-2 fjerde ledd. Dokumentasjonsplikta inneber at ein tredjepart må dokumentere dei opplysningane han pliktar å gi, på ein slik måte som er nemnt i likningslova § 6-1 nr. 1 og meirverdiavgiftslova § 16-1 første ledd. Det avgjerande etter desse føresegnene er om dei opplysningane tredjeparten har plikt til å gi, blir dokumentert. Dokumentasjonsplikta skal altså vere samsvarande med opplysningsplikta. I likningslova § 6-1 nr.1 og meirverdiavgiftslova § 16-1 første ledd er det lista opp ulike døme på korleis ein tredjepart kan dokumentere opplysningane han pliktar å gi. Lista er ikkje uttømmande, og dokumentasjonsplikta er som nemnt avgrensa av opplysningsplikta.
Departementet meiner dokumentasjonskravet i likningslova § 6-1 nr. 4 og meirverdiavgiftslova § 16-2 fjerde ledd også bør gjelde for opplysningsplikta til advokatar og andre tredjepartar med lovbestemt teieplikt. Departementet ser derfor ikkje grunn til å ta inn eit særskilt dokumentasjonskrav i ny nr. 2 i likningslova § 6-2 og nytt andre ledd i meirverdiavgiftslova § 16-2. Kravet til dokumentasjon vil ikkje rekke lengre enn opplysningsplikta, og omfattar derfor berre dokumentasjon av dei faktiske opplysningane som skatte- og avgiftsstyresmaktene har åtgang til å krevje. Dersom opplysningsplikta er avgrensa av teieplikta, vil det same gjelde dokumentasjonsplikta. Fordi dokumentasjonsplikta gjeld opplysningar, og ikkje spesifikke dokument, kan opplysningspliktige ta ut eventuelle delar av dokument som også inneheld andre opplysningar enn dei som dokumenterer opplysningspliktig informasjon. Det same gjeld opplysningar som er underlagt teieplikt, med mindre det er bestemt i lov at den skal vike for opplysningsplikta.
Advokatforeininga har gitt uttrykk for at dei meiner det er uklart om opplysningar som er eit resultat av eit juridisk råd eller ei vurdering advokaten har gjort, også skal inngå i opplysningsplikta. Departementet ser at det kan oppstå situasjonar der ein kontotransaksjon kan vere eit resultat av eit råd advokaten har gitt sin klient, men meiner at opplysningsplikta og dokumentasjonsplikta må vere den same her som for andre opplysningar om kontotransaksjonar. Advokaten skal ikkje gi meir dokumentasjon enn det som er nødvendig for å bekrefte opplysningane som blir gitt om pengeoverføringar, innskot og gjeld, og om eventuelle partar.
Departementet viser til forslag til likningslova § 6-2 ny nr. 2 og meirverdiavgiftslova § 16-2 nytt andre ledd.
12.6.4 Ufråvikeleg opplysningsplikt
Skatteunndragingsutvalet foreslo i NOU 2009: 4 Tiltak mot skatteunndragelser ei føresegn om at:
”Uten hinder av den taushetsplikt som man ellers har, plikter enhver som har bistått skattyter med planlegging eller gjennomføring av en transaksjon eller med skatterådgivning, etter krav fra myndighetene å gi opplysninger om transaksjoner og andre faktiske forhold i samme utstrekning som skattyter er pliktig å gi slike opplysninger.”
Samstundes foreslo dei at ”advokater og andre som ervervsmessig eller stadig yter rettshjelpsvirksomhet, har ikke plikt til å gi opplysninger om forhold som de har fått kjennskap til før, under eller etter en rettssak, når forholdene har direkte tilknytning til rettstvisten”.
Sjølv om forslaget er avgrensa av unntaket, går det langt i å påleggje advokatar og andre tredjepartar ei opplysningsplikt. Unntaket inneheld delar av unntaket i kvitvaskingslova § 18 andre ledd, men utvalet avgrensa mot å gjere unntak for forhold ein har fått kjennskap til gjennom arbeidet med å fastslå klienten si rettsstilling. Departementet fremja ikkje ei tilsvarande avgrensing i forslaget om ny nr. 2 i likningslova § 6-2 og nytt andre ledd i meirverdiavgiftslova § 16-2. Grunngivinga for dette var at eit unntak frå plikta til å gi opplysningar om transaksjonar på klientkonto for forhold ein har fått kjennskap til gjennom arbeidet med å slå fast klientane si rettsstilling, vil uthole den opplysningsplikta føresegna er meint å regulere. Eit unntak vil også gi moglegheiter for å omgå opplysningsplikta. Departementet fann heller ikkje grunn til å gjere unntak for opplysningar ein advokat har fått kjennskap til før, under og etter ei rettssak.
Advokatforeininga viser i sine høyringsmerknader til unntaket i kvitvaskingslova § 18 andre ledd, og uttalar at dersom departementet ikkje kan vente på innstillinga frå advokatlovutvalet, bør opplysningsplikta avgrensast til ikkje å gjelde pengeoverføringar som kan vere uttrykk for juridiske råd, slik det er avgrensa mot på kvitvaskingslova sitt område. Riksadvokaten uttalar i sitt høyringssvar at departementet si grunngiving for ikkje å gjere eit tilsvarande unntak som Skatteunndragingsutvalet foreslo, ikkje er treffande.
Departementet opprettheld sitt standpunkt om at eit tilsvarande unntak som gjeld etter kvitvaskingslova eller som Skatteunndragingsutvalet foreslo, ikkje kan gjelde for plikta til å gi transaksjonsopplysningar til skatte- og avgiftsstyresmaktene. Departementet meiner at ein ved å gjere unntak frå opplysningsplikta som berre skal gjelde faktiske opplysningar om pengeoverføringar, innskot og gjeld, og partane i ein overføring, allereie har avgrensa mot opplysningar om advokatar si rådgiving og vurderingar av klienten sin rettsstilling. Av same grunn er det heller ikkje nødvendig å gjere unntak for opplysningar om forhold advokatane har fått kjennskap til før, under og etter ei rettssak. Som det er nemnt over meiner departementet at faktiske opplysningar som kan gi uttrykk for råd eller vurderingar, må handsamast på same måte som andre faktiske transaksjonsopplysningar. Annan informasjon enn det som er nødvendig for å dokumentere faktiske transaksjonsopplysningar, skal den opplysningspliktige ikkje leggje fram etter reglane om dokumentasjonsplikt.
Advokatforeininga meiner departementet bør vurdere om det skal vere eit krav om at skatte- og avgiftsstyresmaktene ikkje skal kunne krevje opplysningar utan at det ligg føre ein ”rimelig grunn” til å mistenkje skattytar eller den avgiftspliktige for unndragingar. Foreininga peikar på at mistanke om straffbare forhold er ein grunnleggjande rettstryggingsgaranti i eit demokratisk samfunn. Riksadvokaten uttalar at teieplikt om opplysningar som er knytt til straffesak eller moglege straffbare forhold, bør bli drøfta særskilt.
Departementet meiner ein ikkje kan stille opp vilkår om mistanke i reglane om opplysningsplikt til skatte- og avgiftsstyresmaktene. Skatte- og avgiftsstyresmaktene vil ha bruk for transaksjonsopplysningar utan at det er mistanke om at det ligg føre straffbare forhold, til dømes ved alminneleg kontroll av sjølvmeldingar og omsetningsoppgåver.
Departementet kan heller ikkje sjå at det er grunn til å gjere unntak for tilfelle der opplysningane om transaksjonar og inneståande på konti er knytt til straffesak eller moglege straffbare forhold. Ein viktig grunn for forslaget om unntak frå teieplikta er at skatte- og avgiftspliktige ikkje skal kunne unndra midlar frå skatte- og avgiftsstyresmaktene sin kontroll, og dermed unndra skatt og avgift. Slik unndraging vil vere eit mogleg straffbart forhold, og det vil uthole opplysningsplikta dersom ikkje slike forhold er omfatta.
12.6.5 Kontroll hos den opplysningspliktige
Åtgangen skatte- og avgiftsstyresmaktene har til å foreta kontrollundersøking hos den skatte- og avgiftspliktige og hos tredjepartar etter likningslova § 6-5 og meirverdiavgiftslova § 16-6, gjeld for dei som er opplysningspliktige i medhald av lovene. I høyringsnotatet foreslo departementet at denne åtgangen også skulle gjelde ved den nye opplysningsplikta for advokatar. Ingen av høyringsinstansane har knytt merknader direkte til dette. Etter departementet si oppfatning bør det også ved den nye opplysningsplikta for advokatar vere opp til skatte- og avgiftsstyresmaktene om dei ønskjer å be om opplysningane, eller om dei ønskjer å foreta ei kontrollundersøking hos advokaten. Åtgangen til kontrollundersøking etter likningslova § 6-5 og meirverdiavgiftslova § 16-6 skal derfor også gjelde for kontrollundersøkingar av opplysningsplikta.
12.6.6 Forholdet til EMK
Som det er nemnt over, er informasjonsutvekslinga mellom ein advokat og hans klient verna mot inngrep etter EMK artikkel 8. Det same vernet gjeld for informasjon mellom ein skattytar og andre tredjepartar som har lovbestemt teieplikt.
Etter EMK artikkel 8 nr. 1 har ”enhver” rett til respekt for sitt privatliv og familieliv, sin heim og sin korrespondanse. Inngrep av offentlege styresmakter i utøvinga av denne retten kan berre skje når det er i samsvar med lova, nødvendig i eit demokratisk samfunn av omsyn til den nasjonale sikkerheit, offentleg tryggleik, eller den økonomiske velferda i landet, for å førebyggje uorden eller kriminalitet, verne om helse eller moral eller andre sine rettar og fridom, jf. artikkel 8 nr. 2. For å sikre at det er ein tilfredsstillande balanse mellom behovet til samfunnet for å gjere inngrep og borgarane sin rett til vern, er det oppstilt tre kumulative vilkår for å legitimere eit inngrep. Det må liggje føre ein klar og presis lovheimel for inngrepet, føremålet med inngrepet må vere legitimt og det må vere proporsjonalitet mellom inngrepet og føremålet.
I høyringsnotatet vurderte departementet forholdet til EMK for forslaget om unntak i advokatar si teieplikt. Departementet kom til at lovheimelen, slik den var foreslått i høyringsnotatet, var tilstrekkeleg klar og tilgjengeleg, ved å angi kva for opplysningar advokatar og andre tredjepartar underlagt lovbestemt teieplikt skulle gi til skatte- og avgiftsstyresmaktene. Departementet vurderte inngrepet til å vere legitimt av omsyn til førebygging av kriminalitet og samtidig omsynet til å verne om den økonomiske velferda i landet. Kravet til proporsjonalitet mellom inngrepet og føremålet blei også vurdert etter praksis frå EMD. Fordi inngrepet var avgrensa til å gjelde opplysningar knytt til pengeoverføringar, og til dokumentasjon av opplysningane, meinte departementet at behovet for opplysningar tilsa at det måtte gjerast unntak i vernet etter artikkel 8. Det blei blant anna vist til at den som blir pålagt opplysningsplikt har alminneleg åtgang til å klage, og kan også bringe pålegget inn for domstolane. Departementet konkluderte med at forslaget oppfyller dei krav som EMK artikkel 8 set for å gjere unntak i vernet etter artikkelen.
Under høyringa har Virke og Advokatforeininga komme med merknader til vurderinga av forholdet til EMK. Virke meiner departementet ikkje har dokumentert kva omfang og behov det er for å gjere inngrep i teieplikta, og at det ikkje er tilstrekkeleg med eit generelt behov for opplysningar. Advokatforeininga meiner eit inngrep i advokatar si teieplikt ikkje berre krev eit klart lovgrunnlag, men også ei brei og fullstendig vurdering både rettsleg og i samfunnssamanheng. I lys av nyare praksis frå EMD meiner foreininga det blir stilt enda strengare krav til lovregelen sin presisjon og klarheit, når det gjeld inngrep i tillitsforholdet mellom advokat og klient. Advokatforeininga meiner det er tvilsamt om forslaget er i samsvar med EMK artikkel 8.
Departementet held fast ved vurderinga om at forslaget oppfyller dei vilkåra som følgjer av EMK artikkel 8, for å legitimere eit inngrep i advokatar si teieplikt. Føremålet med føresegnene er både å førebyggje kriminalitet og hindre skatte- og avgiftsomgåing. Reglane vil også bidra til å verne om landet sin økonomi.
Som nemnt over, har departementet likevel sett at det har vore behov for gjere reglane klarare, slik at det ikkje vil oppstå tvil om kva slags opplysningar plikta skal omfatte. Departementet har derfor avgrensa og presisert opplysningsplikta ytterlegare samanlikna med forslaget som var på høyring. Etter departementet si oppfatning er forslaget avgrensa til berre å omfatte eit minimum av dei opplysningane skatte- og avgiftsstyresmaktene treng for å kunne fastsetje riktig skatt og avgift, og for å føre kontroll med at opplysningsplikta blir overhalden.
12.7 Økonomiske og administrative følgjer
Etter departementet si vurdering får forslaget ingen nemneverdige økonomiske eller administrative følgjer for verken aktuelle tredjepartar eller for skatte- og avgiftsstyresmaktene.
12.8 Iverksetjing
Departementet foreslår at endringane i likningslova § 6-2 og meirverdiavgiftslova § 16-2 i lov 26. april 2013 nr. 16 om endringer i ligningsloven og merverdiavgiftsloven mv. (kontrollbestemmelser og personalliste) tek til å gjelde straks. Endringane vil få verknad frå 1. juli 2013. Reglane gjeld for kontroller som finn stad etter iverksetjinga.