3 Miljøpakke Trondheim – samanhengen mellom trinn 1 og 2
Trinn 1 av Miljøpakke Trondheim er ei redusert pakke samanlikna med det opphavlege lokalpolitiske forslaget, mellom anna på grunn av at det ikkje var lovgrunnlag for å innføre lokal avgift på omsetjing av drivstoff. Vidare var det føresett statlege løyvingar ut over det som var lagt til grunn i St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019. Trinn 2 inneber i hovudsak ei vidareføring og utviding av trinn 1. I staden for innføring av lokal avgift på omsetjing av drivstoff blir det no foreslått omfattande endringar i innkrevjingsopplegget. Dette vil gi rom for auka satsing både på utbygging av hovudvegsystemet og på tiltak for å legge forholda til rette for kollektivtransporten og gåande og syklande.
I dei lokalpolitiske vedtaka om trinn 2 er det lagt til grunn ei samla finansieringsramme for heile miljøpakka på om lag 9,7 mrd. 2012-kr, inkl. tildelte midlar frå belønningsordninga. Det er føresett å etablere 16 nye bomstasjonar i tillegg til dei 7 stasjonane som alt er etablerte. Dette vil føre til auka inntekter. Vidare vil det føre til at trafikantane i Trondheim vil betale bompengar i større omfang enn i dag. Det er også foreslått endringar i takst- og rabattsystemet for å gjere bompengesystemet meir akseptabelt for brukarane. Vidare er det foreslått at bompengane også skal kunne nyttast til andre formål enn investeringar i vegnettet. Det er lagt opp til å nytte bompengar til drift av kollektivtransport.