5 Omtale av aktuelle prosjekt og tiltak
Miljøpakke Trondheim omfattar vidare utbygging av eit avlastande hovudvegsystem rundt Trondheim og av E6 sør for Trondheim. I tillegg er det lagt opp til å gjennomføre tiltak for å legge forholda til rette for kollektivtransport og gåande og syklande, samt tiltak for å fremje trafikktryggleik og miljø. Trinn 2 er i hovudsak ei vidareføring av prosjekt og tiltak som inngår i trinn 1. Dei viktigaste prosjekta og tiltaka i forslaget er:
E6 Jaktøya – Tonstad
Utbygging av E6 på delstrekninga Sentervegen – Tonstad inngår i trinn 1 av miljøpakka, og prosjektet er planlagt opna for trafikk i oktober 2013.
Vidare utbygging av E6 til firefelts veg frå Jaktøya til Sentervegen er prioritert innafor trinn 2. I Meld. St. 26 (2012-2013) Nasjonal transportplan 2014-2023 er det lagt til grunn eit kostnadsoverslag på om lag 2,5 mrd. kr for prosjektet E6 Jaktøya – Klett – Sentervegen. Det er prioritert 1,2 mrd. kr i statlege midlar til delfinansiering av prosjektet, fordelt med 900 mill. kr i første fireårsperiode og 300 mill. kr i siste seksårsperiode.
Rv 706 Sluppen – Stavne
Utbygging av rv 706 på delstrekninga Dortealyst – Stavne inngår i trinn 1 av miljøpakka, og prosjektet blei opna for trafikk i november 2012.
Vidare utbygging av rv 706 mellom Sluppen og Stavne, inkl. ny Sluppen bru, er prioritert innafor trinn 2. I Meld. St. 26 (2012-2013) Nasjonal transportplan 2014-2023 er det lagt til grunn eit kostnadsoverslag på om lag 830 mill. kr for prosjektet rv 706 Sluppen – Stavne. Det er prioritert 420 mill. kr i statlege midlar til delfinansiering av prosjektet i siste seksårsperiode.
Tiltak på det lokale vegnettet
Det største prosjektet på det lokale vegnettet er Byåsen tunnel. Tunnelen som skal gå frå ny Sluppen bru til Munkvoll, vil vere eit viktig element i det avlastande vegnettet i Trondheim. Vidare inngår Brundalsforbindelsen som er eit nytt vegsamband mellom Omkøyringsvegen og Yrkesskulevegen i Brundalen. Denne vil avlaste Jakobslivegen og bustadane i tilknyting til denne. Andre aktuelle prosjekt på det lokale vegnettet er mellom anna ombygging av vestre del av Johan Tillers veg.
Kollektivtrafikktiltak
Det er føresett ei sterk satsing på kollektivtrafikktiltak. Arbeidet med å fjerne flaskehalsar for kollektivtransporten vil bli vidareført, mellom anna gjennom etablering av kollektivfelt og tiltak for prioritering av kollektivtransporten i kryssområde. I tillegg er etablering av nye samt oppgradering av eksisterande knutepunkt og haldeplassar med universell utforming og sanntidsinformasjon prioriterte tiltak. Det mest omfattande enkeltprosjektet er ombygging av Elgeseter gate til ei effektiv og attraktiv kollektivgate (superbusstrase) med høg miljøstandard. Det er også lagt opp til å fornye trikketraseen mellom St. Olavs gate og Ila.
I dei lokalpolitiske vedtaka om trinn 2 er det føresett å nytte om lag 65 mill. kr per år av bompengebidraget til drift av kollektivtransporten i Trondheim. Mellom anna er det planlagt å nytte bompengar til å utvide busstilbodet. Trondheim har i dag eit system med 5 stambussruter, der alle rutene har eit 10-20-minuttars rutetilbod i rushet føremiddag og kveld. Ei utviding frå 5 til 8 stambussruter vil føre til at bussane i dei tre hovudinnfartsinnfartsårene til Trondheim vil komme med jamn frekvens i rushperiodane.
Det er også planlagt å nytte bompengar til å vidareføre to takstendringar som blei gjennomførte i 2011. Endringane inneber at periodekorttakstane er reduserte med om lag 15 pst for alle trafikantar. Vidare er einheitstakstområdet som tidlegare omfatta Trondheim kommune, utvida til også å omfatte store delar av nabokommunnane. Fram til no er takstendringane finansierte med midlar frå belønningsordninga.
Tiltak for gåande og syklande
Det er lagt opp til ei sterk satsing på tiltak for gåande og syklande. Vidare utbygging av eit samanhengande sykkelvegnett er viktig for å få fleire til å sykle. Tiltak i Midtbyen og andre sentrumsnære område skal i hovudsak prioriterast først. I tillegg er det lagt opp til å prioritere tiltak rundt skular og i universitetsområde.
I dei lokalpolitiske vedtaka om miljøpakke 2 er det også lagt opp til å nytte om lag 10 mill. kr per år av bompengebidraget til drift av hovudsykkelvegnettet. Samferdselsdepartementet har tatt dette ut av pakka, jf. omtale i kapittel 6 og kapittel 10.
Andre tiltak
Innafor trinn 2 er det også føresett midlar til trafikktryggleikstiltak og støytiltak. Vidare er det føresett midlar til tiltak for å følgje opp gatebruksplanen for Midtbyen.