7 Styringsmodell for Miljøpakke Trondheim
I arbeidet med gjennomføring av Miljøpakke Trondheim er det behov for gode prosessar mellom transportetatane, statlege og lokale styresmakter for å sikre eit godt opplegg for prioritering av prosjekt og tiltak i samsvar med overordna mål og tilgjengeleg finansiering. Det er derfor etablert eit kontaktutval som har som oppgåve å sjå til at prioriteringane er i tråd med desse føringane. I kontaktutvalet møter Trondheim kommune v/ordføraren, Sør-Trøndelag fylkeskommune v/fylkesordføraren og Statens vegvesen v/assisterande vegdirektør. Ordføraren i Trondheim leiar utvalet.
Det er lagt opp til at miljøpakka skal styrast gjennom porteføljestyring der mål- og resultatstyring er ein viktig del. Porteføljestyring inneber at prosjekt og tiltak blir prioriterte på bakgrunn av fleire kriterium. I tillegg til mål og resultat blir det lagt vekt på samfunnsøkonomi, planstatus, disponible midlar og kapasitet på planlegging og gjennomføring. Porteføljestyringa er dynamisk, og prioriteringane kan endre seg over tid. For å få eit godt grunnlag for å vurdere behovet for endringar i prioriteringane, vil det bli årlege rapporteringar på mål og resultat. Eit sett med indikatorar for alle ti måla for miljøpakka er utvikla og under implementering. Desse vil bli ein del av mål- og resultatstyringssystemet for Miljøpakke Trondheim.
Samferdselsdepartementet legg til grunn at kontaktutvalet arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle mål- og resultatstyringssystemet, slik at det blir mogeleg å følgje opp resultata av pakka på ein betre måte. Dersom det blir aktuelt å inngå ein bymiljøavtale mellom staten og Trondheim kommune, kan det bli nødvendig å tilpasse mål- og resultatstyringa til dei krava som vil bli stilt til slike avtalar.