1 Innleiing
I samband med endringar i statsbudsjettet for 2010 under Kommunal- og regionaldepartementet blei dei frie inntektene til kommunane auka med 1 mrd. kroner, jf. Prop. 29 S (2010-2011) og Innst. 129 S (2010-2011). Auken kan til dømes nyttast til utbygging av sjukeheimar og omsorgsbustader, og dermed utvikle ei verdig eldreomsorg. Samstundes varsla departementet ei styrking av investeringstilskotet til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, og at styrkinga vil bli gjeve tilbakeverkande kraft.
I denne proposisjonen gjer regjeringa framlegg om at tilskotssatsane blir auka frå i gjennomsnitt 25 pst. til 35 pst. av godkjente byggje- og anleggskostnader. Det blir òg gjort framlegg om at auken av satsane får tilbakeverkande kraft for alle tilsegn som er gjevne etter at investeringstilskotet blei etablert.