Tilråing
Kommunal- og regionaldepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om styrking av investeringstilskotet til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar.
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfestar:
Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om styrking av investeringstilskotet til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar i samsvar med eit vedlagt forslag.