3 Nærare om investeringstilskotet
Målgruppa for investeringstilskotet er personar som treng heildøgnstenester, uavhengig av alder, diagnose og funksjonshemming. Tilskotet skal stimulere kommunane til å styrkje sitt tilbod av mellom anna korttidsplassar i sjukeheim, og omsorgsbustader og sjukeheimsplassar for eldre og personar med nedsett funksjonsevne som treng heildøgnstenester. Dette inkluderer personar med langvarige somatiske sjukdomar, utviklingshemming, rusproblem, og psykiske og sosiale problem.
Investeringstilskotet finansierer både auka kapasitet ved nybygging og utskifting og rehabilitering av gamle og uskikka bygningar. Tilskotet går til bygging, kjøp og utbetring av sjukeheimsplassar og omsorgsbustader. Det kan òg nyttast til bygging av fellesareal, medrekna areal for dagaktiviteter i tilknyting til noverande omsorgsbustader slik at det kan bli gjeve tenester på heildøgnsbasis.
For å få tilskot må byggjeprosjekta ha kvalitetar som fører til at omsorgsplassane fungerer som gode heimar og er ramma for eit verdig liv. Omsorgsplassane skal vere universelt utforma og tilpassa personar med demens og kognitiv svikt i tråd med Demensplan 2015. Dette inneber små avdelingar og bufellesskap med rom for aktivitetar og tilgang til tilpassa uteareal. Ved lokalisering av omsorgsplassane skal det takast omsyn til behova til dei ulike brukargruppene.
Sjukeheimsplassar kan få investeringstilskot på opp til 30 pst. av byggje- og anleggskostnadene, i 2011 maksimalt kr 666 600 per sjukeheimsplass. Omsorgsbustader kan få tilskot på opp til 20 pst. av kostnadene, i 2011 maksimalt kr 444 400 per bustad. Maksimaltilskota for nye tilsegn blir prisjusterte årleg. Fellesareal som er naudsynt for å yte tenester heile døgnet i noverande omsorgsbustader, kan bli finansiert med opp til 30 pst. av kostnadene. Det er sett tak på kor høge byggje- og anleggskostnader som kan godkjennast og leggjast til grunn for berekninga av tilskotet. Kostnadstaket for nye tilsegn blir òg prisjustert årleg. I 2011 er taket sett til 2,222 mill. kroner per omsorgsplass.
Kommunane skal disponere omsorgsplassane i minst 20 år etter at tilskotet er utbetalt. Tilskotet blir avskrive med 5 prosentpoeng per år i 20 år.
Det er berre kommunar som kan få investeringstilskot, men kommunane kan tildele tilskotet vidare til frivillige og ideelle organisasjonar og andre som tilbyr sjukeheimsplassar og omsorgsbustader med omsorgstenester heile døgnet på non-profitbasis.