6 Administrative og økonomiske konsekvensar
At dei auka satsane blir gjeve tilbakeverkande kraft har ein samla kostnad på 734 mill. kroner. Desse kostnadene vil få konsekvensar for løyvingane i 2011 og dei neste tre åra. Samla kostnad i 2011 som fylgje av at dei auka satsane blir gjeve tilbakeverkande kraft, er på 567 mill. kroner. Av dette er 230 mill. kroner knytt til omsorgsplassar som allereie er ferdigstilte og tilsegna utbetalte, og 337 mill. kroner knytt til gjevne tilsegn som kjem til utbetaling i 2011. Av tilsegna som får auka satsar med tilbakeverkande kraft kjem 167 mill. kroner til utbetaling i 2012 og 2013.
I 2010 har aktiviteten vore betydeleg lågare enn ein har budsjettert med. I tillegg visar det seg at prosjekta tek noko lenger tid å fullføre enn ein tidligare har rekna med. Nye anslag gjev eit mindrebehov i 2011 på i overkant av 300 mill. kroner i forhold til saldert budsjett 2011. Isolert gjev auken av satsane eit auka løyvingsbehov i 2011 på om lag 611 mill. kroner. Av dette er 567 mill. kroner knytt til etterbetaling, og 44 mill. kroner knytt til tilsegn som det reknast med vil bli gjeve i 2011. Samla sett må løyvinga til investeringstilskotet aukast med 310 mill. kroner i 2011 i forhold til saldert budsjett 2011.
Auken av tilskotssatsane fører til at tilsegnsramma for 2011 må aukast med 444,4 mill. kroner til 1 555,4 mill. kroner. Tilsegnsramma er summen av alle nye tilsegn som blir gjeve i budsjettåret. På grunn av at det kan ta opp til fire år før prosjekt blir ferdigstilte, blir det budsjettert med ei tilsegnsfullmakt på posten. Fullmakta viser staten sine uteståande forpliktingar på posten ved utgangen av året. Auken av tilskotssatsane fører til at tilsegnsfullmakta må aukast med 579,3 mill. kroner til 2 167,1 mill. kroner.
Etterbetalingane til kommunar som har fått utbetalt tilsegn vil bli gjennomførde samla frå Husbanken våren 2011. Kommunane treng ikkje søkje om å få auka satsar. Dette vil skje automatisk på bakgrunn av føreliggjande informasjon i Husbanken sin database.
Auken av tilskotssatsane har ingen administrative konsekvensar.
Departementet legg til grunn at fleire kommunar vil søkje om tilskot som fylgje av endringa i reglane for tildeling av tilskot vidare frå kommunane, og at dette vil medverke til ei høgare utnytting av dei årlege tilsegnsrammene for ordninga.
Dersom ein legg til grunn investeringar i 12 000 plasser i tråd med målsetjinga i Omsorgsplan 2015, inneber auken av satsane at dei samla statlege utgiftene over kap. 586, post 64 Investeringstilskot aukar med om lag 2,5 mrd. kroner, frå om lag 6,3 mrd. kroner til om lag 8,8 mrd. kroner.
Regjeringa vil kome tilbake med framlegg om løyvingsbehov knytt til framtidige tilsegn som vil bli gjeve i perioden 2012-2015 i samband med dei årlege framlegga til statsbudsjett.