2 Bakgrunn
Investeringstilskotet er eit sentralt verkemiddel i Omsorgsplan 2015. Ordninga blei varsla i St.meld. nr. 25 (2005-2006) Mestring, muligheter og mening, og etablert i 2008. Ordninga legg til rette for langsiktig planlegging og investering i den kommunale omsorgstenesta, og blir forvalta av Husbanken. Tilskotet skal stimulere til bygging og rehabilitering av fleire omsorgsplassar med heildøgnstenester i kommunane. Regjeringa har ei målsetjing om å gje tilsegn om tilskot til 12 000 omsorgsplassar i perioden 2008-2015.
Frå 2008 til og med 2010 er det gjeve rom for å gje tilsegn om tilskot til i alt 6000 plassar. Etterspurnaden etter tilskot har vore lågare enn venta. For å medverke til å auke byggjeaktiviteten vil regjeringa no styrkje ordninga med investeringstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar.