7 Framlegg om endringar
Regjeringa gjer framlegg om styrking av investeringstilskotet til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar ved at satsen for omsorgsbustader aukar frå 20 til 30 pst. og satsen for sjukeheimsplassar og fellesareal aukar frå 30 til 40 pst. Regjeringa gjer vidare framlegg om at auken av satsane blir gjeve tilbakeverkande kraft for alle tilsegn som er gjeve etter at ordninga blei innført i 2008, jf. framlegg om endra løyving og framlegg til romartalsvedtak.
På bakgrunn av framlegget om å auke tilskotssatsane, gjer regjeringa framlegg om å auke løyvinga for 2011 på kap. 586, post 64 Investeringstilskot med 310,0 mill. kroner til 1 377,4 mill. kroner og tilsegnsfullmakta med 579,3 mill. kroner til 2 167,1 mill. kroner.