1 Bakgrunn
Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 200/2012 av 26. oktober 2012 vart vedlegg XX (Miljø) til EØS-avtala endra. Endringa vart gjord for å innlemme europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 66/2010 av 25. november 2009 om EU-miljømerket.
Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald om Stortinget sitt samtykke til godkjenning ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova.
Avgjerda i EØS-komiteen og uoffisiell norsk omsetjing av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 66/2010 følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.