5 Tilhøvet til norsk rett
Forordning (EF) nr. 1980/2000 om ei revidert fellesskapsordning for tildeling av miljømerke er gjennomført ved at § 9 første leddet i lov 18.12.1981 nr. 90 om merking av forbruksvarer mv. fastset at forordninga gjeld som lov. Denne lova må endrast ved at tilvisinga til forordning (EF) nr. 1980/2000 i § 9 første leddet vert bytt ut med ei tilvising til forordning (EF) nr. 66/2010. Det vil òg verte gjort framlegg om visse andre endringar i lov om merking av forbruksvarer, for å tydeleggjere at lova gjeld frivillig miljømerking av varer og tenester, i tillegg til pliktig merking av varer.
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet vil leggje fram ein proposisjon med dei naudsynte lovendringane.
Vidare krev forordninga endringar i forskrift om gjennomføring av forordninga 15. mars 2006 nr. 309: Forskrift om norsk ansvarlig organ for EUs miljømerke, gebyrer, standardkontrakt mv. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet vil gjere framlegg om å oppheve denne forskrifta ettersom ho ikkje vert rekna som naudsynt.