6 Økonomiske og administrative konsekvensar
Gjennomføringa av forordninga vil ikkje føre til nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege. Etter artikkel 4 i forordninga skal kvar EØS-stat peike ut det eller dei organa som har ansvaret for å utføre oppgåvene som er fastsette i forordninga (ansvarleg organ). Det vert lagt til grunn at Stiftinga Miljømerking framleis skal ha ansvaret for «Blomen».
For private vil søknadsgebyr og årsgebyr for bruk av EU-miljømerket verte monaleg reduserte mellom anna fordi søknadsgebyret vert knytt til den einskilde søknaden og ikkje lenger til omsetninga til søkjaren. Sjølv om føremålet med reduksjonen av gebyr er å auke talet på søkjarar og dermed produktgrupper som vert merkte, kan reduksjonen i inntekter ha motsett verknad. Dei organa som har ansvaret for å utføre oppgåver etter artikkel 4 i forordninga, kan på grunn av inntektssvikt vere forhindra frå å handsame nye søknadar, utføre verifikasjonar og forby bruk av EU-miljømerket i dei tilfella der bruksvilkåra ikkje lenger er oppfylte.
Reduserte gebyr knytte til søknad om og bruk av EU-miljømerket «Blomen» vil kunne gje ei vriding av konkurransesituasjonen mellom det nordiske miljømerket «Svana» og EU-miljømerket «Blomen». Dette kan på sikt medføre svikt i inntektene til arbeidet med miljømerking.