Tilråing
Utanriksdepartementet
tilrår:
At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 200/2012 av 26. oktober 2012 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 66/2010 om EU-miljømerket (miljømerkeforordninga).
Vi HARALD, Noregs Konge,
stadfester:
Stortinget vert bede om å gjere vedtak om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 200/2012 av 26. oktober 2012 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 66/2010 om EU-miljømerket (miljømerkeforordninga), i samsvar med eit vedlagt forslag.