1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. […]/[…] av […] om endring av vedlegg XX til EØS-avtala (Miljø)
EØS-KOMITEEN HAR –
med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «EØS-avtala», særleg artikkel 98, og
på følgjande bakgrunn:
Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 66/2010 av 25. november 2009 om EU-miljømerket1, retta ved TEU L 108 av 29.4.2010, s. 355, skal takast inn i EØS-avtala.
Forordning (EF) nr. 66/2010 opphevar europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1980/20002 som er teke inn i EØS-avtala og difor må opphevast i EØS-avtala.
Vedlegg XX til EØS-avtala bør difor endrast –
TEKE DENNE AVGJERDA:
Artikkel 1
I vedlegg XX til EØS-avtala skal teksta i nr. 2a (europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1980/2000) lyde:
«32010 R 0066: Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 66/2010 av 25. november 2009 om EU-miljømerket (TEU L 27 av 30.1.2010, s. 1), rettet ved TEU L 108 av 29.4.2010, s. 355.»
Artikkel 2
Teksta til forordning (EF) 66/2010, retta ved TEU L 108 av 29.4.2010, s. 355, på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal verte gyldig.
Artikkel 3
Denne avgjerda tek til å gjelde […], på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala3.
Artikkel 4
Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.
Utferda i Brussel, […].
For EØS-komiteen
[…]