1 Innleiing
I denne proposisjonen gjer Nærings- og handelsdepartementet greie for forpliktingane Noreg tok på seg på ministerrådsmøtet i Den europeiske romorganisasjonen ESA i Napoli 20. og 21. november 2012. Forpliktingane vart gjorde under føresetnad av at Stortinget samtykte. Det blir gjort greie for kva følgjer desse forpliktingane får for statsbudsjettet 2013.
I proposisjonen er det også ein kort omtale av romverksemda.