8 Økonomiske og administrative følgjer
Deltakinga i nye ESA-program får ingen administrative følgjer og blir teken hand om av den eksisterande administrasjonen i Norsk Romsenter.
Tabell 8.1 Forventa utbetalingsprofil for forpliktingane som vart inngått ved ministerrådsmøtet i Napoli
År | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020–2022 | sum | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Nye frivillige program, Napoli 2012 | Euro | 14,2 | 22,4 | 27,4 | 26,3 | 19,9 | 15,9 | 9,5 | 8,9 | 144,4 |
Kroner | 108,3 | 170,4 | 208,3 | 200,0 | 151,5 | 121,2 | 72,0 | 67,4 | 1 099,1 |
Av forpliktingane som er inngått i Napoli, skal 14,2 millionar euro utbetalast i 2013.
På ministerrådsmøtet i Napoli vart det inngått forpliktingar på 144,42 millionar euro. Desse kjem i tillegg til forpliktingar som var inngått tidlegare. Ved inngangen til 2013 utgjorde dette 49,08 millionar euro. Dei samla forpliktingane utgjer dermed 193,5 millionar euro. For 2013 er det vedteke ei løyving på 36,97 millionar euro. Ut frå dette er det behov for ei tilsegnsfullmakt på 156,53 millionar euro for 2013.