7 Nærare omtale av programma til ESA
Dei viktigaste årsakene til norsk engasjement i nasjonal og internasjonal romverksemd har vore omsynet til industri- og teknologiutvikling, og at ein vil bidra til å dekkje nasjonale brukarbehov. Med utgangspunkt i dette vart dei norske deklarasjonane under ministerrådsmøtet fordelte på program som gir gode industrielle moglegheiter for norske verksemder, eller som gir store bidrag til nasjonale behov, først og fremst innan meteorologi og miljø- og jordobservasjon. Tabell 8.1 viser norske forpliktingar ved ministerrådsmøtet i Napoli i november 2012.
Teknologiutvikling og innovasjon
GSTP (General Support Technology Programme) vart etablert for å utvikle og kvalifisere kritiske teknologiar for å dekkje dei forventa behova til ESA, men er i seinare fasar i stadig aukande grad vorte marknadstilpassa i samsvar med ønska frå industrien. Fleire marknadsnære prosjekt er baserte på industriell medfinansiering. Programmet blir i stor grad koordinert med dei andre initiativa til ESA for innovasjon og nyskaping.
Ei vidareføring av deltakinga i GSTP vil gjere det mogleg å vidareutvikle leiande norsk teknologi mot kommersielle marknader og gjennomføre nødvendig kvalifisering av produkta for vitskaps- eller bruksprogramma til ESA. Programaktivitetane forsterkar verknaden av nasjonale følgjeprogram. I perioden 2013-2020 har Noreg deklarert deltaking i vidareføringa av GSTP med 25,4 millionar euro.
PRODEX (Programme de développement d’expériences scientifique) er eit program som er oppretta for å gi mindre medlemsland betre høve til å delta på ESA-satellittane med eksperiment. I tillegg vil deltakinga styrkje bruken av informasjon frå desse satellittane i nasjonal forsking og offentlege tenester. Ein stor del av deltakinga vil vere direkte knytt til utviklinga av nødvendig teknologi og nye metodar. Noreg har forplikta deltaking på 6,7 millionar euro i perioden 2013-2015.
Satellittkommunikasjon
ARTES (Advanced Research in Telecommunications Systems) gir verksemder høve til å gjennomføre aktivitetar innanfor system-, teknologi- og utstyrsutvikling. Målet er å styrkje konkurranseevna til europeisk industri innanfor satellittkommunikasjon. Programmet blir derfor gjennomgått kvart år i nært samarbeid med europeisk industri. Kontraktar som blir inngått med industrien, er til vanleg bygde på medfinanisering.
Noreg har verksemder som er leiande innanfor enkelte nisjar på den globale marknaden for satellittkommunikasjon. Derfor er det viktig at norsk industri får høve til å delta i ESA-prosjekta på lik linje med konkurrentane. Norske verksemder kan dermed delta i samarbeidskonstellasjonar med dei store europeiske romverksemdene. I perioden 2013-2020 har Noreg deklarert deltaking i vidareføringa av ARTES på 33,1 millionar euro.
Satellittnavigasjon
European GNSS Evolution Programme er eit ESA-program som vart starta i 2007. Programmet er eit viktig supplement til validering og vidareutvikling av satellittnavigasjonssystema EGNOS og Galileo. Den norske målsetjinga er å medverke til at norsk industri blir konkurransedyktig for leveransar til GNSS, og sikre at EGNOS og Galileo fungerer like godt på nordlege breiddegrader som i resten av Europa. Dette programmet er det einaste i Europa innanfor satellittnavigasjon der ein fokuserer på interessene våre i nord. For perioden 2013-2015 har Noreg forplikta deltaking i GNSS Evolution Extension med 3,6 millionar euro.
Jordobservasjonsprogram
Jordobservasjon er avgjerande for mellom anna klima- og miljøforsking, havovervaking og sjøtryggleik. EOEP (Earth Observation Envelope Programme) tek sikte på å bringe fram ny vitskapleg kunnskap om dei fysiske prosessane som skjer i atmosfæren, på jordoverflata og i det indre av jorda. Programmet omfattar teknologiutvikling og bygging, oppskyting og operasjon av forskingssatellittar. For perioden 2013–2021 har Noreg forplikta deltaking i EOEP med 22,4 millionar euro.
I samarbeid med Europakommisjonen implementerer og vidareutviklar ESA EUs jordobservasjonsprogram Copernicus (tidlegare GMES), som blant anna vil sikre norske brukarar tilgang på viktige data for å overvake havområda våre i nord. Noreg har forplikta deltaking på 4,1 millionar euro i Copernicus Space Component Segment 3 for perioden 2013-2020.
MetOp Second Generation er eit vêrsatellittprogram som skal gjennomførast i samarbeid med Den europeiske meteorologisatellittorganisasjonen EUMETSAT. Over tid vil programmet resultere i seks operative satellittar i polare baner, med den første oppskytinga rundt 2022. Noreg har forplikta deltaking i MetOp Second Generation med 18,64 millionar euro for perioden 2013-2022.
Programmet Climate Change Initiative byggjer på ekspertisen i Europa innanfor prosessering, generering og utnytting av globale satellittdata. Programmet medverkar til å fremme forståinga av klimaendringane gjennom å gjere satellittdata tilgjengelege for forskarar. Noreg har forplikta seg til å delta i programmet med 3,0 millionar euro for perioden 2013-2014.
Romstasjon, mikrogravitasjon og utforsking av solsystemet
Noreg deltek i den internasjonale romstasjonen (International Space Station, ISS). Forpliktinga er nedfelt i ei eiga fleirnasjonal avtale. Fleire norske forskarar deltek med eksperiment om bord på romstasjonen. Noreg har forplikta deltaking med 6,6 millionar euro for perioden 2014-2018.
Noreg deltek også i mikrogravitasjonsprogrammet ELIPS (European Programme for Life and Physical Sciences and Applications in Space). I dei førre fasane av programmet har norske forskarar og bedrifter vore sentrale aktørar og fått stort utbytte. Noreg har både vitskaplege og industrielle interesser i programmet og har forplikta seg til deltaking i vidareføringa på 3,1 millionar euro for perioden 2013-2017.
ESA-programmet for utforsking av liv på Mars, Aurora ExoMars, har planlagt to ferder, den første i 2016. Noreg har både vitskaplege og industrielle interesser i programmet og har forplikta deltaking i fullfinansieringa av programmet med 0,3 millionar euro for perioden 2013-2019.
ESA har vidareført arbeidet med å førebu framtidige Mars-ferder, inklusiv ferder med retur av prøver. Tidleg involvering er nødvendig for å sikre teknologiske og industrielle moglegheiter, og Noreg har forplikta deltaking på 0,7 millionar euro for perioden 2013-2017.
Romovervaking
Noreg deltek i romovervakingsprogrammet til ESA (Space Situational Awareness – SSA). Målet er å greie ut og leggje til rette for eit operativt, europeisk sjølvstende innanfor deteksjon og sporing av satellittar og romsøppel, varsling av romvêr som kan påverke satellittar, astronautar og bakkeinfrastruktur, i tillegg til overvaking og varsling av asteroidar og kometar som passerar nær jorda. I Noreg er det interesse og kompetanse innanfor alle dei tre felta, men særleg innanfor romvêr og baneutrekning. Noreg har forplikta deltaking i SSA Period 2 for 4,0 millionar euro for perioden 2013-2016.
Romtransport
Noreg deltek i romstasjonsprogrammet til ESA for å sikre etablerte norske utviklings- og produksjonsaktivitetar. Utviklinga av nye bererakettar sikrar også at Europa er uavhengig av andre romnasjonar på dette området, og garanterer at Europa har uavhengig tilgang til rommet.
Programmet Adapted Ariane-5 ME and Ariane-6 Activities skal vidareføre utviklinga av eit nytt øvre trinn for Ariane-5 raketten, samtidig som innleiande fase av etterfølgjaren, Ariane-6, blir starta. Dette skal danne grunnlaget for ei avgjerd på neste ministerrådsmøte om tidsplan og utviklingstempo for dei to versjonane i ein overgangsfase. Noreg er godt posisjonert for aktivitetar som inngår i begge programma, og har forplikta deltaking med 6,5 millionar euro i perioden 2013-2016.
Launchers Exploitation Accompaniment Programme (LEAP) skal sikre at ESAs bererakettar Ariane-5 og Vega er pålitelege og held høg kvalitet. Samstundes blir produksjon og drift støtta. Norsk deltaking er nødvendig for å ta vare på norske produksjonsleveransar til Ariane. Noreg har forplikta deltaking i LEAP med 2,4 millionar euro for perioden 2013–2015.
FLPP (Future Launchers Preparatory Programme) skal skaffe systemkompetanse og nødvendig teknologi for framtidige bererakettar. Norsk deltaking sikrar posisjonering og tilpassing av norskutvikla teknologi. Norske verksemder får dermed vidareført engasjementet sitt innanfor dette segmentet. Noreg har forplikta deltaking i vidareføringa av FLPP (Period 3) med 4 millionar euro for perioden 2013–2016.
Tabell 7.1 Nye norske deklarasjonar til ESA-program
Område | Program | mill. euro | Periode |
---|---|---|---|
Teknologiutvikling og innovasjon | GSTP Period 6 | 25,40 | 2013–2020 |
PRODEX | 6,70 | 2013–2015 | |
Satellittkommunikasjon | ARTES (Advanced Research and | ||
Telecommunication System) | 33,08 | 2013–2020 | |
Satellittnavigasjon | European GNSS Evolution | 3,61 | 2013–2015 |
Jordobservasjon | Earth Observation Envelope Programme Period 4 | 22,40 | 2013–2021 |
MetOp Second Generation | 18,64 | 2013–2022 | |
GMES Space Component Segment 3 | 4,05 | 2013–2020 | |
Climate Change Initiative | 3,00 | 2013–2014 | |
Romstasjon, mikrogravitasjon og utforsking av solsystemet | ISS Exploitation Phase 2 | 6,59 | 2014–2018 |
ELIPS Period 4 | 3,10 | 2013–2017 | |
Aurora ExoMars | 0,30 | 2013–2019 | |
Aurora Mars Robotic Exploration Preparation | 0,69 | 2013–2017 | |
Romovervaking | Space Situational Awareness Period 2 | 4,00 | 2013–2016 |
Romtransport | Adapted Ariane 5 ME and Ariane 6 Activities | 6,50 | 2013–2016 |
Launchers Exploitation Accompaniment Programme | 2,37 | 2013–2015 | |
FLPP Period 3 | 4,00 | 2013–2016 | |
Sum | 144,42 |