Forslag
til vedtak om Noregs deltaking i europeiske romprogram
I
Tilsegnsfullmakt
Stortinget samtykkjer i at Nærings- og handelsdepartementet i 2013 kan gi tilsegn om tilskot på 156,53 millionar euro utover gitt løyving under kapittel 922 post 71, for å delta i dei frivillige programma til Den europeiske romorganisasjonen ESA. Samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar skal likevel ikkje overstige 193,5 millionar euro.