4 Ministerrådsmøtet i ESA 2012
Ministerrådsmøtet er det øvste organet i ESA og blir normalt halde kvart tredje år. Under ministerrådsmøta tek medlemslanda stilling til finansielle bidrag og andre overordna føringar for organisasjonen. Det siste møtet vart halde i Napoli 20.-21. november 2012.
Det finansielle bidraget frå medlemslanda til ESA er todelt. Den obligatoriske kontingenten er knytt til netto nasjonalinntekta (NNI) til landa og skal finansiere administrasjonen og vitskapsprogrammet til ESA. I tillegg kan landa forplikte seg til deltaking i ulike frivillige program. Det er særleg desse programma som er av interesse for Noreg, ettersom dei omfattar område der vi har store industriinteresser (f.eks. satellittkommunikasjon) eller brukarinteresser (f.eks. jordobservasjon).
ESA har ein tydeleg miljøprofil og er mellom anna operasjonelt ansvarleg for utviklinga og utbygginga av EU-programmet Copernicus, som vil gi jordobservasjonsdata for mellom anna miljøovervaking og -forsking. Prioriterte område for europeisk romverksemd er romforsking, sikring av strategisk infrastruktur i rommet og utvikling av europeisk romindustri til ei innovativ, berekraftig og konkurransedyktig næring. På ministerrådsmøtet 20.-21. november vart landa einige om både å vidareføre fleire eksisterande program og å starte opp ei rekkje nye. Blant dei nye programma var MetOp Second Generation, som skal utvikle ein ny generasjon meteorologisatellittar i polare baner.