Prop. 74 S (2012–2013)

Noregs deltaking i europeiske romprogram

Til innhaldsliste

2 Norsk romverksemd

Norsk næringsliv, forvaltning og private brukarar nyttiggjer seg rombasert infrastruktur til eit breitt spekter av ulike formål, mellom anna navigasjon, vêrvarsling, havovervaking, kommunikasjon, fiskerioppsyn, miljø- og klimaforsking, søkje- og redningsteneste, overvaking av ras og skred og suverenitetshevding i nordområda. Den geografiske plasseringa, topografien og dei store havområda våre gjer at Noreg har særleg stor nytte av rombasert infrastruktur. Slik infrastruktur er i dag heilt avgjerande for ei forsvarleg og effektiv drift av samfunnet.

Norsk romverksemd har røter tilbake til dei første rakettoppskytingane på Andøya tidleg på 1960-talet. Norsk handelsflåte tok tidleg i bruk satellittkommunikasjon, og på 1970-talet utvikla norsk industri ein verdsleiande posisjon innanfor satellittbasert telekommunikasjon. Landområda våre langt mot nord (og langt mot sør i Antarktis) gir eit konkurransefortrinn for drift av enkelte typar bakkeinfrastruktur for satellittar. Slik verksemd blir mellom anna driven på Svalbard og Jan Mayen og ved Trollstasjonen i Antarktis. Dei siste åra har Noreg i stadig større grad teke i bruk satellittar for havovervaking. Det har vore samarbeidd med Canada om radarsatellittar sidan tidleg på 2000-talet, og i 2010 vart den norske skipsovervakingssatellitten AISSat-1 teken i bruk. Satellittbasert overvaking er særleg viktig i nordområda, mellom anna på grunn av tøft klima, store avstandar og sårbart miljø.

Romverksemd inneber avansert utviklingsarbeid og store og kostbare system som få land er i stand til å realisere på ein effektiv måte på eiga hand. Som dei fleste land må Noreg derfor basere seg på internasjonalt samarbeid om vi skal kunne utvikle den rombaserte infrastrukturen samfunnet vårt er avhengig av. Den viktigaste plattforma for norsk romverksemd er deltakinga i den europeiske romorganisasjonen ESA. Vidare deltek Noreg i EU-programma Galileo (satellittnavigasjon) og Copernicus (jordobservasjon) og i bilateralt samarbeid med ei rekkje land.

Kjenneteikn ved romverksemda er at teknologiutvikling, brukarinteresser og strategiske omsyn er ein del av nær sagt alle prosjekt, og at ringverknadene av verksemda ofte viser seg på fleire område både innanfor og utanfor romverksemda. Samfunnsnytta av romverksemd viser seg mellom anna i form av:

Verdiskaping i norsk næringsliv

Norsk romrelatert industri omsette i 2011 for 6 milliardar kroner og hadde ein eksportdel på 69 prosent. Dei statlege løyvingane innanfor sektoren får omfattande ringverknader for høgteknologisk industri. Kvar krone Noreg går inn med i ESA, utløyser nye industrikontraktar på 4,8 kroner på den kommersielle marknaden.

Det er mykje teknologioverføring mellom romsektoren og anna høgteknologisk næringsliv. Norsk industri er verdsleiande innafor enkelte typar romrelatert teknologi og tenester. I tillegg kjem verdien av rombasert infrastruktur som tilretteleggjar for mellom anna olje- og gassverksemd, fiskeri og maritim næring.

Infrastrukturløysingar for norske brukarar

Noreg har eit stort territorium og spreidd busetnad. Dette gjer at satellittbaserte løysingar ofte er det mest effektive for å ta hand om behov for kommunikasjon, navigasjon og informasjonsinnhenting. Eksempel på slik bruk er miljøovervaking, ressursforvaltning, suverenitetshevding, vêrvarsling, navigasjon, telekommunikasjon og søkje- og redningstenester.

Noreg satsar på å utvikle tenester som tilfredsstiller dei spesielle behova vi har som maritim nasjon og forvaltar av store land- og havområde. Ei effektiv overvaking av nordområda, med tanke på både ressursforvaltning, miljøovervaking og suverenitetshevding, er avhengig av informasjon frå jordobservasjonssatellittar. Dette gjeld mellom anna kontroll og overvaking av fiskeflåten som opererer i dei havområda der Noreg har forvaltaransvar.

Forsking

Satellittdata har på få år fått svært stor innverknad på nesten heile spekteret av naturvitskapleg forsking og blir i dag brukte til å måle alt frå vindsystem og isdekke til luftforureining og tilstanden til skogane i verda. Ein av dei store fordelane med satellittbaserte undersøkingar er evna til å gjere målingar over store område på ein kostnadseffektiv måte, i tillegg til moglegheita til å gjere mange identiske målingar over lengre tid. Informasjon frå satellittar er særleg viktig for forståinga av store, dynamiske fenomen som vêrvarsling, langtransportert forureining og klimaendringar. Dette er ikkje minst tilfellet for forsking i nordområda, der store avstandar, dårleg infrastruktur og hardt klima gjer at det sjeldan finst gode alternativ til satellittbaserte målingar. Forskingsresultata frå Det internasjonale polaråret (2007-2008) viser at satellittdata er særleg nyttige for forsking i polare strøk.