1 Innleiing
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen på E136 i Rauma og Vestnes kommunar i Møre og Romsdal. Prosjektet er mellom anna omtalt i St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019 og Prop. 1 S (2011-2012).
Utbygginga er føresett finansiert med statlege midlar og bompengar. Det er lokalpolitisk tilslutning til eit samla opplegg med 50 prosent bompengefinansiering av dei to delprosjekta. Det er lagt opp til anleggsstart hausten 2012. Trafikkopning for tunnelen er planlagt innan årsskiftet 2014/2015 og opning av brua er planlagt sommaren 2015.