4 Trafikkgrunnlag
Trafikkgrunnlaget for bompengeinnkrevjinga er vurdert på grunnlag av Statens vegvesen sin regionale transportmodell (RTM), elastisitetsvurderingar og trafikkteljingar. Det er lagt til grunn at bompengeinnkrevjinga vil starta opp i 2015, med innkrevjing av bompengar i tre bomsnitt med fire bomstasjonar. Ein bomstasjon blir plassert på E136 ved Tresfjordbrua, to stasjonar blir sette opp på dagens E136 rundt Tresfjorden og ein stasjon på E136 ved Vågstrandstunnelen, sjå kartskisse i punkt 2.
Utan bompengeinnkrevjing er ÅDT over Tresfjordbrua rekna til om lag 2 500 køyretøy. Modellkøyringane tyder på at noko av dette er trafikk som er overført frå eksisterande veg rundt Tresfjorden. I tillegg er det rekna med at lokaltrafikken vil auka. Med bompengeinnkrevjing er ÅDT over Tresfjordbrua rekna til 1 530 køyretøy i opningsåret. Med takstnivået som er lagt til grunn for Tresfjordbrua, er det sannsynleg at fleire trafikantar vil velja å køyra rundt Tresfjorden i staden for å betala for passering over Tresfjordbrua. For å unngå trafikklekkasje er det vurdert som naudsynt å etablera bompengeinnkrevjing rundt Tresfjorden. Ei slik løysing er ikkje meint å belasta lokaltrafikk på dagens E136 som ikkje er omkøyring. Det vil difor bli sett opp to bomstasjonar rundt Tresfjorden der berre trafikantar som passerer begge stasjonane innan eit gitt tidsrom, betaler bompengar. Dette er i tråd med dei lokalpolitiske vedtaka. Den eine bomstasjonen vil bli plassert nord for Skjeggstad og den andre sør for krysset E136/E39 ved Skorgen. Stasjonen ved Tresfjordbrua vil bli plassert på E136 vest for krysset med framtidig fylkesveg på Vikebukt. Det er ikkje rekna med bompengeinntekter av betydning i bomsnittet rundt Tresfjorden, men ein del som elles ville køyrt rundt fjorden, vil no nytta brua og betala bompengar der.
Gjennom Vågstrandstunnelen er ÅDT utan bompengeinnkrevjing rekna til om lag 1 630 køyretøy. Med bomavgift er trafikken rekna til om lag 1 340 køyretøy per døgn, dvs. at bompengeinnkrevjinga vil føra til ei trafikkavvisning på om lag 20 prosent. Bomstasjonen vil bli plassert på E136 mellom den nye tunnelen og krysset med fylkesvegen på Våge.
Totalt er det rekna med ein ÅDT på om lag 2 870 køyretøy gjennom dei tre bomsnitta i opningsåret. For den generelle trafikkutviklinga er prognosane som er utvikla for Møre og Romsdal i samband med Nasjonal transportplan 2014-2023, lagt til grunn. Det er rekna med ein årleg trafikkauke på om lag 0,9 prosent frå i dag og fram til 2030.