5 Finansierings- og bompengeopplegg
Utbygginga av Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen på E136 er føresett finansiert med 50 prosent statlege midlar og 50 prosent bompengar.
Statlege midlar
I St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019 er det lagt til grunn om lag 500 mill. kr i statlege midlar til prosjektet, omrekna til 2012-prisnivå. Styringsramma for prosjektet er om lag 220 mill. kr høgare enn det som var lagt til grunn i St.meld. nr. 16 (2008-2009). I tråd med føresetnadene i dei lokalpolitiske vedtaka, er det lagt opp til at om lag 50 prosent av styringsramma blir finansiert med bompengar innafor ein bompengeperiode på 15 år. Samferdselsdepartementet har difor gått inn for å auka dei statlege midlane til utbygginga med om lag 110 mill. kr, slik at dei statlege midlane utgjer 50 prosent av styringsramma.
Den statlege ramma til prosjektet på til saman 615 mill. kr er fordelt med 430 mill. kr på post 30 og 185 mill. kr på post 31. Gjennom behandlinga av Prop. 1 S (2010-2011) vart det løyvd 28 mill. kr til prosjektet innafor post 31 for 2011, og gjennom behandlinga av Prop. 1 S (2011-2012) er det vedteke ei løyving på 10 mill. kr innafor post 31 for 2012. Prioriteringa av statlege midlar i 2011 og 2012 er under føresetnad av tilslutning til eit opplegg for delvis bompengefinansiering av prosjektet. I tillegg er det føresett 10 mill. kr i statlege midlar til programområdetiltak innafor post 30.
Bompengar
Innkrevjinga av bompengar skal starta opp i 2015 når begge prosjekta er opna for trafikk. Det er lagt opp til bompengeinnkrevjing i 15 år, og det er føresett innkrevjing i begge retningar.
Det vil bli innkrevjing av bompengar i tre bomsnitt med fire bomstasjonar, jf. kap. 4. I dei lokale vedtaka er det bede om at innbyggjarane på Vågstranda blir gitt fritak for passering av bomstasjonen ved Vågstrandstunnelen. Dette ville etter departementet si oppfatning strida mot nytteprinsippet som er omtalt i St.meld. nr. 16 (2008-2009), då tunnelen vil vera til nytte også for denne gruppa. Eit fritak vil i tillegg svekka finansieringa av prosjektet.
Kostnaden for brua er om lag dobbelt så høg som for tunnelen. På grunn av kravet om samanheng mellom nytte og betaling, er takstnivået knytt til brua om lag dobbelt så høgt som ved passering av tunnelen. Taksten for lette køyretøy utan rabatt er føresett til om lag 85 kr for passering over Tresfjordbrua eller rundt Tresfjorden innan eit gitt tidsrom. Passering gjennom Vågstrandstunnelen vil kosta om lag 40 kr for lette køyretøy utan rabatt. Taksten for tunge køyretøy blir tre gonger taksten for lette køyretøy i alle stasjonane.
Det er føresett at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga. Trafikantar med AutoPASS-avtale i det lokale bompengeselskapet kan få 30, 40 eller 50 prosent rabatt ved forskotsbetaling. For andre trafikantar med brikke er det lagt til grunn 10 prosent rabatt. Takst- og rabattsystemet vil følgja dei gjeldande takstretningslinjene.
Med det føreslåtte innkrevjingsopplegget og dei føresetnadene som er lagt til grunn, vil trafikantane betala om lag 1 140 mill. kr i bompengar. Av dei innbetalte bompengane vil om lag 625 mill. kr gå til investeringar, inkl. føresett bidrag på 10 mill. kr til programområdetiltak, om lag 425 mill. kr til å dekkja finansieringskostnader og om lag 90 mill. kr til innkrevjing og drift av bompengeselskapet.
Planlagt bompengeuttak i 2012 er om lag 175 mill. kr.
Forslag til finansieringsplan
Finansieringsplanen som er lagt til grunn er vist i tabell 5.1. Følgjande basisføresetnader er lagt til grunn:
Utbyggingskostnader: 1 250 mill. 2012-kr
Trafikkgrunnlag: Total ÅDT i 2015 på om lag 2 870 køyretøy
Takst for lette køyretøy: om lag 40 kr i bomstasjonen ved Vågstrandstunnelen og om lag 85 kr ved Tresfjordbrua og på dagens E136 rundt Tresfjorden (2012-kr)
Årleg trafikkvekst: 0,9 prosent
Årleg prisstigning: 2,5 prosent
Lånerente: 6,5 prosent
Årlege innkrevjingskostnader: om lag 6 mill. 2012-kr.
Tabell 5.1 Forslag til finansieringsplan for E136 Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen, inkl. programområdetiltak
Mill. 2012-kr | |||
---|---|---|---|
2010-2013 | 2014-2019 | Sum | |
Statlege midlar: | 250 | 375 | 625 |
- post 30: | 145 | 295 | 440 |
- post 31: | 105 | 80 | 185 |
Bompengar | 365 | 260 | 625 |
Sum | 615 | 635 | 1 250 |
Eventuelle kostnadsoverskridingar ut over prisstiging skal dekkjast i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt. Dette inneber at kostnadsauke opp til kostnadsramma skal dekkjast med statlege midlar og bompengar etter same prosentvise fordeling som innafor styringsramma. Eventuelle overskridingar ut over kostnadsramma er staten sitt ansvar og blir dekt med statlege midlar.
Dersom økonomien i prosjektet blir svakare enn rekna med, kan bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet auka takstane med inntil 20 prosent ut over prisstiginga og forlengja innkrevjingsperioden med inntil 5 år.
Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 15 år.
Det er også rekna på eit pessimistisk alternativ med følgjande endra føresetnader:
Kostnadsoverslaget aukar opp til kostnadsramma, og bompengeselskapet dekkjer sin del av auken
Årleg trafikkvekst blir redusert til 0,4 prosent og ÅDT i opningsåret blir redusert med 10 prosent
Lånerente på 8 prosent heile perioden
Takstauke på 20 prosent
Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag 16 år, dvs. ein auke på om lag eitt år ut over basisalternativet.
Fylkeskommunal garanti
Fylkestinget i Møre og Romsdal gjorde 7. desember 2009 følgjande vedtak om fylkeskommunal garanti for naudsynt bompengelån til prosjektet E136 Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen:
Fylkestinget vil gi fylkeskommunal garanti for nødvendige bompengelån til prosjekta Tresfjordbrua og Vågetunnelen på E136 i Vestnes kommune og Rauma kommune.
Storleiken på eventuell garanti blir å komme tilbake til etter behandlinga av saka i Stortinget.
Maksimal gjeld i det pessimistiske alternativet er rekna til om lag 780 mill. 2012-kr. Samferdselsdepartementet føreset derfor at fylkeskommunen før anleggsstart fattar vedtak om garanti i denne storleiken.
Den fylkeskommunale garantien må godkjennast av Kommunal- og regionaldepartementet. Garantisten sitt utlegg kan dekkjast ved å auka realtakstane med inntil 20 prosent og forlengja bompengeperioden med inntil 5 år.