6 Samferdselsdepartementet si vurdering
Samferdselsdepartementet tilrår det føreslåtte opplegget med innkrevjing av bompengar på E136 ved Tresfjordbrua, rundt Tresfjorden og på Våge for å finansiera utbygginga. Bygging av bru og tunnel er samfunnsøkonomisk lønsamt og vil gi trafikantane ein ny veg med betre framkome og tryggleik i trafikken. E136 blir innkorta med om lag 14 km og lokaltrafikken mellom Vikebukt og Helland vil få reisevegen redusert med om lag 19 km.
Samferdselsdepartementet har merka seg at det i dei lokale vedtaka er bedt om å sjå på fritaksordningar for innbyggjarane på Vågstranda. Ei slik løysing vil strida mot nytteprinsippet som er lagt til grunn for alle bompengeprosjekt. For å redusera den økonomiske belastninga innbyggjarane blir utsette for, er det lokal semje om ein rabattstruktur med forskotsbetaling og rabattar opp til 50 prosent. I tillegg er det lagt til grunn at takstnivået knytt til passering av Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen speglar utbyggingskostnadene for dei to delprosjekta.
Samferdselsdepartementet vil peika på at lokale trafikantar på dagens E136 rundt Tresfjorden ikkje har nytte av den nye vegen på same måte som andre trafikantar. Det er difor rimeleg at lokaltrafikk som ikkje er omkøyring, ikkje må betala bompengar. Det er lagt til grunn at plasseringa av bomstasjonane rundt Tresfjorden er i tråd med lokalpolitiske vedtak.