3 Lokalpolitisk handsaming
Vestnes kommunestyre gjorde 23. april 2009 følgjande vedtak:
Vestnes kommune viser til St. meld. nr. 16 (2008-2009) om Nasjonal transportplan 2010-2019 og aksepterer vilkåret om å ha et felles finansieringsopplegg for Tresfjordbrua og tunellen mellom Vågstranda og Måndalen (her kalla Vågetunnelen), med delvis bompengefinansiering av prosjektet. Forutsetningen for dette er at prosjektet blir finansiert med inntil 50 % bompenger.
Vestnes kommunestyre vil godta at plassering av bomstasjonene blir i tilknyting til E 136 Tresfjordbrua (trolig på Remmen) og i nærheten av E 136 Vågetunellen (trolig v/Våge).
Vestnes kommunestyre ønsker at det blir satt i verk passive tiltak som kryssutforming/skilting/reduserte fartsgrenser/miljøgater og lignende for å styre gjennomgangstrafikken over brua.
Dersom det likevel viser seg at den uønska trafikken rundt Tresfjorden blir så stor at den truer finansieringa av prosjektet, vil Vestnes kommune akseptere bomavgift på dagens E136. Målet skal være at den ikke rammer lokaltrafikken.
Statens vegvesen vil komme tilbake til de endelige bompengesatsene, som skal fastsettes kort tid før prosjektet blir åpna for trafikk. Vestnes kommune vil godta at bompengesatsen for lette biler blir ca 10 kr lavere i Vågetunellen enn over Tresfjordbrua.
Rauma kommunestyre gjorde 19. mai 2009 følgjande vedtak:
Rauma kommune viser til St. meld. nr. 16 (2008-2009) om Nasjonal transportplan 2010-2019 og aksepterer vilkåret om å ha eit felles finansieringsopplegg for Tresfjord-brua og tunnelen mellom Vågstranda og Måndalen (her kalla Våge-Tunnelen, med delvis bompengefinansiering av prosjektet. Føresetnaden for dette er at prosjektet blir finansiert med inntil 50 % bompenger.
Rauma kommunestyre vil godta at plassering av bomstasjonane blir i tilknytning til E 136 Tresfjordbrua (trolig på Remmem) og i nærleiken av E 136 Vågetunnelen (truleg på Våge).
Ei overordna målsetting må vere at lokalbefolkninga på Vågstranda skal sleppe å betale bompengar for å passere tunnelen, jamfør ordninga omtalt i St.prp. nr. 61: Vossapakka.
Statens vegvesen vil komme tilbake til dei endelege bompengesatsane som skal fastsettast kort tid før prosjektet blir opna for trafikk.
Dersom hurtigbåtruta Vikebukt-Vestnes-Molde blir avviklet i løpet av bompengeperioden, må en kapitalisering av tilskuddene her tilføres prosjektet Tresfjordbrua – Vågetunnelen.
Fylkestinget i Møre og Romsdal gjorde 16. juni 2009 følgjande vedtak:
Fylkestinget viser til St. meld. nr. 16 (2008-2009) om Nasjonal transportplan 2010-2019 og aksepterer vilkåret om å ha eit felles finansieringsopplegg for Tresfjordbrua og tunnelen mellom Vågstranda og Måndalen (her kalla Vågetunnelen), med delvis bompengefinansiering av prosjektet. Føresetnaden for dette er at prosjektet blir finansiert med inntil 50 % bompengar.
Fylkestinget vil godta at plassering av bomstasjonane blir i tilknyting til E 136 Tresfjordbrua og i nærleiken av E 136 Vågetunnelen.
For å sikre finansieringa av fellesprosjektet og samtidig hindre uønska trafikk på dagens E136 rundt Tresfjorden, vil fylkestinget i tillegg godta at det blir utført tiltak langs dagens E136 rundt Tresfjorden (fysiske tiltak, bompengeinnkrevjing for gjennomgangstrafikken etc.)
Fylkestinget ber om at det blir arbeidd med og prioritert å få til ei ordning som gjer det mogleg for dei fast busette i området rundt Tresfjorden – som ikkje nyttar brua – å kjøre mellom bygdene utan å betale ved passering av eventuell bomstasjon omtalt i punkt 3.
Fylkestinget ber også om at det blir arbeidd med og prioritert å få til ei ordning som gir fritak for å betale bompengar for lokalbefolkninga på Vågstranda i Rauma kommune når dei passerer bommen ved Vågetunnelen.
Fylkestinget reknar med at dei endelege bompengesatsane blir lagt fram for fylkeskommunen til fråsegn før endeleg avgjerd.