2 Dagens situasjon og omtale av utbygginga
E136 mellom Dombås og Ålesund er hovudvegen til Austlandet frå Sunnmøre og delar av Romsdal. Delar av E136 mellom Ålesund og Åndalsnes er ulykkesbelasta og utsett for skred. Utbygginga vil gi trafikantane ein meir skredsikker veg, betre framkome og tryggleik i trafikken. I tillegg vil reiseavstanden mellom sentrale stader på Sunnmøre og mellom Vikebukt og Helland i Vestnes kommune bli vesentleg kortare.
Det er gjennomført ei utvida ekstern kvalitetssikring for prosjektet (KS2). Samferdselsdepartementet legg etter dette til grunn ei styringsramme for prosjektet på 1 150 mill. 2010-kr, og ei kostnadsramme på 1 230 mill. 2010-kr. Styringsramma fordeler seg med 800 mill. kr på Tresfjordbrua og 350 mill. kr på Vågstrandstunnelen. Omrekna til 2012-prisnivå blir den samla styringsramma 1 230 mill. kr, og kostnadsramma 1 310 mill. kr. Kostnader ved etablering av bomstasjonar inngår i rammene. Netto nytte (NN) for prosjektet er rekna til 114 mill. kr. Samfunnsøkonomisk nytte (NN/K) for prosjektet er rekna til 0,17. I tillegg er det føresett 20 mill. kr til programområdetiltak langs dagens E136 rundt Tresfjorden.
Det vil gi fleire positive effektar å byggja ut Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen samtidig. M.a. kan stein frå Vågstrandstunnelen nyttast til tilførselsvegar og sjøfylling i Tresfjorden. Dette er ein fornuftig ressursbruk og vil gjera anleggsdrifta meir effektiv.
2.1 Tresfjordbrua
Dagens E136 går rundt Tresfjorden i Vestnes kommune. Årsdøgntrafikken (ÅDT) på strekninga varierer mellom 1 900 og 2 600 køyretøy, der tungtrafikk utgjer om lag 21 prosent. Vegen er smal og svingete og går gjennom område med randbusetnad, mange avkøyrsler og dårleg sikt. Store delar av strekninga har fartsgrenser på 60 og 70 km/t. I perioden 2000-2010 er det registrert til saman 16 ulykker på strekninga. I desse ulykkene blei fem drepne og ein hardt skadd. Dei hyppigaste ulykkene var møteulykker og utforkøyringar.
Prosjektet omfattar bygging av 2,8 km ny veg inkludert bru og sjøfylling over Tresfjorden mellom Vikebukt og Remmem (Helland). Brua vil bli om lag 1 290 m lang med ei vegbreidde på 8,5 m. I tillegg vil det bli lagt ut om lag 700 m med sjøfylling. Gang- og sykkelvegar inngår òg i prosjektet. Reguleringsplan for prosjektet vart vedtatt av Vestnes kommune 24. september 2009.
Utbygginga vil føra til ei innkorting av E136 på om lag 14 km. For trafikantar mellom Vikebukt og Helland blir innkortinga om lag 19 km. Den nye brua vil gi betre framkome og auka tryggleik for trafikantane.
2.2 Vågstrandstunnelen
E136 mellom Måndalen og Våge ligg i Rauma kommune. ÅDT på strekninga er om lag 1 600 køyretøy, der tungtrafikk utgjer om lag 24 prosent. Vegen er smal med dårleg sikt, og har ei vegbreidde ned mot 5,8 m på delar av strekninga. Det er registrert fire skredpunkt, noko som har ført til fleire vegstengingar, særleg ved Håvardfonna. I åra 2000-2010 er det registrert til saman 6 ulykker på strekninga, der to blei drepne og ein hardt skadd i utforkøyringar eller møteulykker.
Prosjektet inneber bygging av tunnel og 1,2 km tilstøytande veg. Tunnelen vil bli om lag 3,6 km lang med ei totalbreidde på om lag 9,5 m og vil gå vestover frå den eksisterande Måndalstunnelen til Våge. I tillegg er det lagt til grunn omlegging av lokalvegar og bygging av gang- og sykkelvegar. Reguleringsplan for prosjektet vart vedtatt av Rauma kommune 21. september 2009.
Utbygginga vil redusera faren for skred og gi betre framkome og auka tryggleik for trafikantane.