3 Høve til å peike ut personundersøkarar
3.1 Gjeldande rett
Det følgjer av straffeprosessloven § 163 fyrste ledd at det er «vedkommende lokale kontor for kriminalomsorg i frihet» som peikar ut ein skikka person til å gjennomføre personundersøking, om ikkje retten har oppnemnd ein særskild person til å utføre undersøkinga.
Vidare framgangsmåte ved avgjerd om personundersøking følgjer av påtaleinstruksen § 14-3. Uavhengig av om retten har peika ut ein særskild person til å foreta undersøkinga, skal avgjerda og kopi av dei naudsynte dokumenta sendast til «vedkommende lokale kontor for kriminalomsorg i frihet». Undersøkinga bør som hovudregel utførast ved «kontoret for kriminalomsorg i frihet» på staden der den sikta bur eller oppheld seg for eit lengre tidsrom. Nærmare reglar for utføring av personundersøking er gjevne i påtaleinstruksen kapittel 14.
3.2 Høyringsnotatet
Departementet meinte at det er ei upraktisk løysing at berre «det lokale kontor for kriminalomsorg i frihet» kan peike ut kven som skal utføre personundersøking. Det vart difor foreslått å endre straffeprosessloven § 163 fyrste ledd, slik at kompetansen til å peike ut personundersøkarar vert lagd til kriminalomsorga. Dette vil innebere ei meir fleksibel nytting av ressursane. Nærmare om retten til å peike ut personundersøkarar, samt kven som skal utføre undersøkinga, vart foreslått regulert i forskrift.
3.3 Høyringsinstansane sitt syn
Av dei høyringsinstansane som har gjeve særskild fråsegn om dette framlegget, har Kriminalomsorga region sør, region sørvest og region aust, samt Bredtveit fengsel og forvaringsanstalt, Halden fengsel, Ringerike fengsel og Telemark fengsel avdeling Skien uttala at dei støttar framlegget. Fleire av høyringsinstansane, mellom anna Advokatforeningen, gjev uttrykk for at det viktigaste er at personundersøkarar har naudsynt kompetanse og kapasitet til å gjere eit godt arbeid.
Fellesorganisasjonen, Akershus friomsorgskontor og Hedmark og Oppland friomsorgskontor støttar ikkje framlegget. Fellesorganisasjonen meiner at ordninga i dag er både «effektiv, hensiktsmessig og praktisk». Fleire høyringsinstansar peikar på at sakshandsamarar ved friomsorgskontora har god sosialfagleg kompetanse, og Fellesorganisasjonen meiner at det er nettopp dei tilsette ved friomsorgskontora som har kompetanse og erfaring med alternativ straffegjennomføring. Akershus friomsorgskontor peikar på skilnaden mellom kven som bør ha høve til å peike ut undersøkarane og kven som er skikka til å gjennomføre vurderingane. Det vert peika på at òg friomsorga kan peike ut eksterne undersøkarar, medrekna tilsette i fengsel og overgangsbustad, dersom dette er formålstenleg.
Hedmark og Oppland friomsorgskontor meiner at formuleringa i lovframlegget vil kunne skape uvisse hos påtalemakta, og ynskjer at ordlyden vert endra til «vedkommende lokale kontor for friomsorgen».
Norsk fengsels- og friomsorgsforbund meiner at friomsorgskontora òg i framtida bør utføre arbeidet med personundersøkingar. Det vil likevel vere formålstenleg at kriminalomsorga «er med og fordeler sakene», slik at ein oppnår best mogleg nytting av ressursane, i tilfelle kor retten ikkje peikar ut ein personundersøkar.
Østfold friomsorgskontor reiser spørsmål ved om framlegget vil innebere at oppdrag om å peike ut personundersøkarar vert fordelt til det lokale friomsorgskontor, eller om òg fengsel og eventuelt instansar utafor kriminalomsorga vil få oppdrag direkte frå regionkontoret.
3.4 Departementet si vurdering no
Departementet meiner, som fleire av høyringsinstansane, at det viktigaste er at ein personundersøkar har naudsynt kompetanse og kapasitet, slik at ein oppnår eit godt resultat av arbeidet. Departementet er vidare samd i at sakshandsamarar ved friomsorgskontora har god sosialfagleg kompetanse og erfaring med alternativ straffegjennomføring, som er sentralt i utarbeidinga av ei personundersøking. På bakgrunn av dette ser departementet det som tenleg at personundersøkingar òg i framtida primært skal utarbeidast av tilsette ved friomsorgskontora.
Ein vil likevel stå overfor situasjonar kor det vil vere formålstenleg, og innebere ei meir effektiv nytting av ressursane, om andre kompetente personar gjennomfører personundersøkinga. Dette kan til dømes vere tilfelle dersom det skal gjennomførast personundersøking av ein varetektsfengsla person, og det er lang geografisk avstand frå fengselet til friomsorgskontoret, samstundes som det finst tilsette i fengselet som har kompetanse på utarbeiding av personundersøkingar. Det vil då vere ressurssparande om kriminalomsorga peikar ut det aktuelle fengselet framfor den sikta sitt lokale friomsorgskontor, til å gjennomføre personundersøkinga. Dette er òg betre i tråd med ynskjet om ein saumlaus kriminalomsorg.
Departementet foreslår difor at kriminalomsorga – og ikkje som i dag spesifisert til kriminalomsorga i fridom – skal peike ut personundersøkarar. Regionkontora vil kunne fange opp tilfelle kor det vil vere meir formålstenleg om andre enn det lokale friomsorgskontoret gjennomfører personundersøkinga. Departementet kan heller ikkje sjå at dette skulle vere problematisk for påtalemakta.