4 Høve til å avgjere at dom på fullføring av reststraff skal fullbyrdast
Etter gjeldande rett skal vedtak om fullføring av subsidiær fengselsstraff etter straffeloven § 28 b fyrste ledd bokstav a og fengselsstraff etter straffeloven § 54 nr. 2, treffast av regionalt nivå i kriminalomsorga. Dette følgjer av straffeprosessloven § 455 fyrste ledd fjerde setning, jf. straffegjennomføringsloven § 58 andre ledd.
Endringsframlegget gjeld, som peika på av fleire høyringsinstansar, straffeprosessloven § 455 fyrste ledd fjerde punktum, ikkje andre ledd tredje punktum. Framlegget går ut på å leggje inn «reststraff etter prøveløslatelse etter straffegjennomføringsloven § 44» i ordlyden, da visinga til § 44 ved ein inkurie ikkje er teke med i lovføresegna. Ingen av høyringsinstansane har innvendingar mot framlegget. Departementet ynskjer difor å endre lova i samsvar med framlegget, slik at òg innsetjing for soning av reststraff vert avgjort av regionalt nivå i kriminalomsorga.