Prop. 100 S (2021–2022)

Finansiering av Kvinnheradpakken i Vestland

Til innhaldsliste

Forslag
til vedtak om finansiering av Kvinnheradpakken i Vestland

  1. Stortinget sluttar seg til delvis bompengefinansiering av Kvinnheradpakken.

  2. Stortinget samtykker til at bompengeselskapet Ferde AS får løyve til å krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av Kvinnheradpakken. Vilkåra for finansieringa går fram av denne proposisjonen.

  3. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet Ferde AS om delfinansiering av Kvinnheradpakken. Avtalen gir bompengeselskapet rett til å krevje inn bompengar innanfor dei vilkåra denne proposisjonen set.