8 Fylkeskommunal garanti
Gjennom vedtak i fylkestinget 14. desember 2021 har Vestland fylkeskommune stilt sjølvskuldnargaranti for eit maksimalt låneopptak avgrensa til 170 mill. 2021-kroner. Det samla garantibeløpet inkludert 10 pst. er på 187 mill. 2021-kr. Den fylkeskommunale garantien må godkjennast av Kommunal- og distriktsdepartementet før anleggsstart.