4 Trafikkgrunnlag
Det er gjort berekningar av trafikk på sambanda i regional trafikkmodell (RTM). Trafikktala frå RTM er berekna i 2016-verdi. I tabell 4.1 er trafikktala justert til 2018-verdi med ein vekst på 1,45 pst. pr. år, samt at det er oppgitt registrerte trafikktal for 2020. Trafikken ein legg til grunn for Kvinnheradpakken er den registrerte trafikken på ferjesambanda med ein avvisingseffekt på 18 pst.
Tabell 4.1 Oversikt over trafikkmengde (ÅDT) i RTM, registrert trafikktal på ferjesambanda og trafikktal med 18 pst. Avvisingseffekt
Ferjesamband | RTM (med bompengar) 2018 | Berekna trafikktal 2018 (RTM) | Registrert trafikktal 2020 | Trafikktal 2020 med 18 pst. trafikkavvising |
---|---|---|---|---|
Ranavik–Skjersholmane | 366 | 440 | 499 | 415 |
Gjermundshamn/Varaldsøy–Årsnes1 | 574 | 690 | 709 | 590 |
Skånevik–Utåker/Matre | 158 | 190 | 186 | 155 |
Total trafikk | 1098 | 1320 | 1394 | 1160 |
1 Det var fram til 1. juli 2020 bompengar på ferjestrekninga Gjermundshamn–Årsnes
Berekningane i RTM viser liten avvisingseffekt som følgje av bompengeinnkrevjing i ferjesambanda. Dette skuldast at delen med godsreiser og lange reiser er høg i transportmodellen. Slik trafikk er mindre sensitiv for innføring av bompengar. Samtidig ser ein at registrerte trafikktal er i noko lågare enn tala frå RTM, òg for strekninga Gjermundshamn–Varaldsøy–Årsnes, der det fram til 1. juli 2020 var bompengeinnkrevjing. Det er difor lagt til grunn noko lågare trafikktal her òg, sjølv om det er bompengar på ferjestrekninga i dag. Dette gjev ein tryggleik for finansieringsplanen dersom trafikken på dei andre ferjestrekningane går ned.
For årleg trafikkutvikling er fylkesprognosane som blei utarbeidde for Hordaland i samband med Nasjonal transportplan 2018–2029 lagt til grunn. Dette inneber ein årleg trafikkvekst på 1,45 pst. i perioden 2017–2022, 1,2 pst. i 2022–2030 og deretter 0,87 pst.