6 Bompengeopplegget
Det skal krevjast inn bompengar på ferjestrekningane Gjermundshamn/Varaldsøy–Årsnes, Ranavik–Skjersholmane, Utåker–Skånevik/Matre.
Det er venta at bompengeinnkrevjinga på ferjestrekningane startar opp i 2022. Innkrevjinga på ferjestrekninga Ranavik–Skjersholmane var i dei lokale vedtaka føresett starta opp når Halsnøysambandet var nedbetalt. Venta nedbetalingstidspunkt var i 2023. Halsnøysambandet blei avslutta i oktober 2019, og ein legg difor til grunn at innkrevjinga kan starte samstundes på alle sambanda. Innkrevjinga skal avsluttast samstundes på alle ferjestrekningane, dvs. 15 år etter oppstart av innkrevjinga.
I forarbeidet til Kvinnheradpakken har alternative bompengeopplegg blitt vurdert (som bomstasjonar på ferjekaier, kombinasjon av ferjeinnkrevjing og tre bomstasjonar på land samt fem bomstasjonar på land). Kostnadane med å drifte og vedlikehalde bomstasjonar var rekna til å bli større enn bompengebidraget. Bompengeinnkrevjing på ferje er for dette prosjektet vurdert å vere meir kostnadseffektivt og rasjonelt.
Med dei føresetnadene som er lagt til grunn med 15 år nedbetalingstid, er det berekna ein gjennomsnittstakst (gjennomsnittleg inntekt per passering) på 35 kr.
Det er førebels berekna følgjande kronepåslag for bompengedelen på ferjebilletten:
køyretøy med lengde opptil 6 meter (bilgruppe AP1): 32 kr
køyretøy med lengde mellom 6 og 12,5 meter (bilgruppe AP2–AP4): 64 kr
køyretøy over 12,5 meter (bilgruppe AP5–AP9): 96 kr
Dette medfører at køyretøy i bilgruppe AP2–AP4 betaler to gongar taksten for køyretøy i AP1, medan køyretøy i bilgruppe AP5–AP9 betalar tre gongar taksten for køyretøy i AP1.
Vidare er det lagt til grunn at elektriske køyretøy med drivstoffkode 5 i vognkortet og hydrogenkøyretøy med drivstoffkode 6 i vogntoget, betaler ein takst som er 50 pst. av prisen i den takstgruppa (AP1–AP9) som køyretøyet blir målt å høyre til, jf. gjeldande AutoPASS-regulativ for ferjetakstar.
Andre føresetnader for bompengeopplegget
I tråd med rutinar for handtering av uvisse i bompengeproposisjonar, jf. Prop. 1 S (2016–2017), kan bompengetakstane justerast slik at gjennomsnittstaksten blir oppretthalden. Etter eitt til to års drift skal takstnivået og forventa nedbetalingstid vurderast på bakgrunn av trafikk- og renteutviklinga. Elles skal gjennomsnittstakst bli justert i samsvar med prisutviklinga.
Følgjande basisføresetnader er elles lagt til grunn for bompengeopplegget:
Innkrevjingstid: 15 år
Lånerente: 5,5 pst. dei fyrste 10 åra, og deretter 6,5 pst.
Innskotsrente: 1,5 pst., dei fyrste 10 åra, og deretter 2 pst.
Årlege innkrevjingskostnader: 0,6 mill. kr
Basert på føresetnadene i denne proposisjonen er brutto bompengeinntekter berekna til om lag 261 mill. kr. Av dette er om lag 206 mill. kr føresett nytta til gjennomføring av prosjekt og tiltak. Om lag 45 mill. kr vil gå til finansieringskostnader knytt til lånegjeld og vel 10 mill. kr til driftskostnadar.