7 Styring av Kvinnheradpakken
Det er etablert eit kontaktutval med representantar frå Kvinnherad kommune og Vestland fylkeskommune. Representantar frå Ferde AS kan møte i utvalet når aktuelle saker knytt til bompengefinansieringa er på agendaen. Kontaktutvalet blei etablert før bompengesaka blir lagt fram for Stortinget, sidan det blei anleggstart med bruk av kommunale/fylkeskommunale midlar allereie i 2019.
Pakken skal styrast etter porteføljestyringsprinsippet innanfor tilgjengelege rammer. Det inneber at omfanget av utbygginga skal tilpassast den økonomiske ramma. Ved kostnadsauke i prosjekta skal enten det enkelte prosjekt eller porteføljen reduserast. Dersom økonomien blir betre enn venta, kan kontaktutvalet ta inn fleire prosjekt i pakken. Dersom økonomien blir svakare enn venta, må kontaktutvalet redusere prosjektporteføljen, eller kutte i prosjekta. Kontaktutvalet kan og ta ut prosjekt dersom behova for utbetringar blir endra og andre prosjekt kan takast inn i pakken.
Bompengeselskap kan søke om justeringar av takst- og rabattsystem for å oppnå vedteken gjennomsnittstakst dersom det er behov for det. Saka må leggast fram for fylkeskommunen som garantist for tilslutnad.