5 Finansieringsopplegg
Finansieringsplan
Finansieringsplanen for Kvinnheradpakken omfattar fylkeskommunale midlar, fylkeskommunale skredsikringsmidlar, kommunale midlar og bompengar. Samla økonomisk ramme for Kvinnheradpakken er 845 mill. kr i 2022-prisnivå. Finansieringsplanen er vist i tabell 5.1.
Tabell 5.1 Finansieringsplan for Kvinnheradpakken
Mill. 2022-kr | |
---|---|
Kommunale midlar | 83 |
Fylkeskommunale midlar | 219 |
Fylkeskommunale skredsikringsmidlar | 338 |
Bompengebidrag | 206 |
Sum | 846 |
Kommunale midlar
Kvinnherad kommune har gjort vedtak om å bidra med 75 mill. 2018-kr til Kvinnheradpakken. Dette utgjer 83 mill. 2022-kr.
Fylkeskommunale midlar
Dåverande Hordaland fylkeskommune har gjort vedtak om å bidra med 199 mill. 2018-kr. Dette utgjer 219 mill. 2022-kr. Etter regionreforma forpliktar Vestland fylkeskommune seg framleis til eit samla bidrag på 219 mill. kr. Vestland fylkeskommune har brukt om lag 164 mill. 2022-kr i pakken ved utgangen av 2021.
Fylkeskommunale skredsikringsmidlar
Det er sett av 307 mill. 2018-kr i skredsikringsmidlar til Kvinnheradpakken. Det blir lagt til grunn at Vestland fylkeskommune bidreg med 338 mill. 2022-kr.
Bompengebidrag
Bompengebidraget til vegprosjekt i Kvinnheradpakken er berekna til 206 mill. kr. Dette utgjer ein bompengedel på omlag 24 pst. Sjølv med noko svikt i bompengebidraget, vil likevel store delar av pakken kunne bli fullført. Alle tiltak til og med prosjekt nr 4 vil kunne bli gjennomført utan bompengebidrag, jf. tabell 2.1.