11 Språkbanken
Nasjonalbiblioteket fekk i 2010 ansvar for å realisere ein norsk språkbank, som ei oppfølging av språkmeldinga frå 2008, jf. St.meld. nr. 35 (2007–2008). Språkteknologisk forsking og utvikling krev tilgang til omfattande digitale tekst- og talekorpus. Utviklinga av slike korpus er både tid- og kostnadskrevjande. Materialet må samlast inn, rettsklarerast, digitaliserast og foredlast gjennom koding og tilføying av metadata av forskjellig slag. Bruken av desse korpusa er retta mot dei språklege strukturane og ikkje det substansielle innhaldet. Eit korpus vil vere tilpassa det originale tekstmaterialet det byggjer på, til dømes gjennom merking med ordklassar og syntaktiske strukturar.
Språkteknologisk forsking og utvikling inneber inga kommersiell utnytting av åndsverket, og bruken vil derfor ikkje kome i konflikt med dei økonomiske interessene til opphavsmannen. Forskings- og utviklingsresultata vil typisk dreie seg om statistiske opplysningar om språklege fenomen eller applikasjonar der det ikkje vil vere mogleg å kjenne att det åndsverket som dannar grunnlag for forskinga.
Det har vore reist spørsmål om det er høve til å nytte pliktavlevert materiale i utviklinga av Språkbanken. Det kom inn fire høyringssvar der dette spørsmålet er kommentert. Nasjonalbiblioteket støtta forslaget. Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening meiner utviding ut over det som følgjer av åndsverklova §§ 16 og 16a, ikkje burde støttast. Den norske Forfatterforening synest forslaget er fornuftig, så framt tekstane ikkje kan identifiserast. Universitetet i Oslo – Institutt for lingvistikk og nordiske studium meiner at det ikkje er nok at berre Språkbanken får høve til å nytte det pliktavleverte materialet til sitt korpus.
Departementet meiner at det digitale pliktavleverte materialet kan nyttast som grunnlagsmateriale for språklege korpus som kan inngå i Språkbanken. Dette vil kunne tilføre Språkbanken store tekstmengder, noko som kan danne grunnlaget for å byggje opp språkkorpusar. Språkbanken er ein forskingsressurs som skal vere tilgjengeleg for alle som forskar på språk. Høvet til å gjere bruk av det pliktavleverte materialet i Språkbanken vil bli regulert innanfor ramma av åndsverklova i form av forskrifter som blir sende på eiga høyring.