1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Kommunal- og moderniseringsdepartementet foreslår i denne proposisjonen, i samråd med Justis- og beredskapsdepartementet, endringar i nokre av føresegnene i offentleglova som regulerer tilgjengeleggjering av offentleg informasjon for vidarebruk. EU-direktivet 2013/37/EU om endring av direktiv 2003/98/EF om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor (endringsdirektivet) skal leggje til rette for vidarebruk av offentleg informasjon i kommersiell og ikkje-kommersiell verksemd. Norsk lovgiving oppfyller langt på veg krav til reguleringar som kjem fram i endringsdirektivet, men det må gjerast visse endringar. Samtidig fremmar departementet ein del andre forslag med det siktemål å styrkje tilgangen til og bruken av offentleg informasjon. Proposisjonen inneheld forslag om endringar i reglane om når ein kan krevje betaling for tilgjengeleggjering av offentleg informasjon, og noko strengare krav til openheit om grunnlaget for slik betaling. I tillegg foreslår departementet å innføre krav om at når informasjon blir tilgjengeliggjord for allmenta, skal dette skje i alle eksisterande format og språkversjonar, også i maskinleselege format.